Hopp til innhald

Studieplan - Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn

Hausten 2023

Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine grunnskulelærarutdanningar følger Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7 fastsett av Kunnskapsdepartementet (KD) 07.06.2016 (revidert 30.06.2023), Rundskriv F-06-16: Forskrifter om rammeplaner for femårige grunnskolelærarutdanninger for 1-7 og 5-10 – rundskriv med merknader (KD 8.07.2016) og Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 1-7 (NRLU 1.09.2016). Masterutdanningane kvalifiserer for opptak til PhD-programmet "Studier av danning og didaktiske praksiser" ved HVL.

Høgskulen på Vestlandet har ein fagleg brei profil som tilbyr ei heilskapleg, integrert, profesjonsretta og forskingsbasert femåring grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7. Den samlingsbaserte utdanninga tilbyr masterstudium i faga norsk og matematikk.

Samfunnet stiller store krav til lærarar, og regionane vil ha auka behov for lærarar med høg kompetanse. HVL møter desse krava og dette behovet ved å utdanne lærarar med mastergrad for grunnskulens barnetrinn.

Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 kvalifiserer for undervisning på trinn 1-7 i grunnskulen. Utdanninga er profesjonsretta og tar utgangspunkt i læraren sitt arbeidsfelt og bygger på opplæringslova og gjeldande læreplanar for grunnskulen. I masterstudiet skal studenten skaffe seg kunnskap og innsikt gjennom undervisning og anna studiearbeid på høgskulen, bruke grunnskulen som læringsarena i praksisopplæringa, og i sitt eige refleksjonsarbeid bygge sin eigen lærarkompetanse. HVL skal styrke studenten sin kompetanse og ferdigheit til å virke i eit profesjonsfellesskap. Masterstudiet gir studenten solid pedagogisk, fagleg og didaktisk kompetanse, kvalifiserer for forskingsbasert yrkesutøving og for kontinuerleg profesjonell utvikling.

Fagstudia, praksisopplæringa og studenten sine refleksjonar skal danne ein heilskap og rettast mot dei oppgåvene studenten seinare vil møte i sitt daglege arbeid som lærar, og skal fremje personleg danning hos studenten. Høgskulen på Vestlandet vil styrke samarbeidet med praksisskulane og drive profesjonsretta FoU-arbeid med fokus på arbeidet i klasserommet.

Læringsutbytte

Etter fullført utdanning har kandidaten følgjande overordna læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert kunnskap enten i eit valt undervisningsfag og fagets didaktikk eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
  • har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
  • har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, og vitskapelege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
  • har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, om samanhengen i utdanningsløpet barnehage–skule og om overgangen frå barnehage til skule og frå barnetrinn til ungdomstrinn
  • har inngåande kunnskap om begynnaropplæring, grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og kartleggingsverktøy, klasseleiing og vurdering av elevars læring og kva som fremjar læring i faga
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn si utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar
  • har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, til dette høyrer kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn, gjeldande lovverk og barn sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga sin eigenart og historie, og forståing av skulen si utvikling som organisasjon, skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, åleine og saman med andre
  • kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
  • kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i elevens utvikling av grunnleggande ferdigheiter og fagkompetanse, med særskilt vekt på begynnaropplæring i lesing, skriving og rekning
  • kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidrar til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan analysere og sjå kritisk på nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan åleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerleg å utvikle eigen og skulen sin kollektive praksis, i tillegg til å gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
  • kan identifisere teikn på mobbing, og raskt sette i verk naudsynte tiltak og etablere samarbeid med relevante faginstansar.
  • kan identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal setjast i verk.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra til forståing av samane sin status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
  • kan initiere og ivareta eit godt skule–heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar som er relevante for skulen si verksemd
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den einskilde skule
  • kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa

Innhald

Innhaldet i studiet kjem fram i studieprogramplanen og emneplanane for fag og praksis. Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 er ei 5-årig integrert, forskingsbasert og praksisnær profesjonsutdanning. Utdanninga har ein tydeleg masterprofil og stiller høge krav til forsking- og utviklingsarbeid. Grunnskulen skal utdanne eleven for livet og utvikle kompetanse for samfunnet. Læraren sine kunnskapar, haldningar og handlingar har mykje å seie for elevane si læring og sosiale utvikling. Lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet vil utdanne fagleg sterke og profesjonelle lærarar med kompetanse på masternivå.

Gjennom studiet får studenten høve til å utvikle seg til ein profesjonell lærar gjennom samhandling og refleksjon med dyktige og kvalifiserte fagpersonar og medstudentar i samlingar på campus, i nettstøtta undervisning og i praksis. Integrasjon og heilskap i utdanninga vert i programmet fremja ved at lærarutdanningsfaga, vitskapsteori og metode og praksis er fordelt over semester og studieår på ein slik måte at studenten erfarer heilskap og progresjon i utdanninga. Profesjonsrettinga vert realisert i faga og i samspelet mellom fag og praksis. Studiet inneheld profesjonsfaglege og fagovergripande tema som er knytt til fag og praksis.

Tverrfaglege tema som inngår i studenten si utdanning

For at lærarar skal vere kvalifiserte til å utføre omfattande og samansette oppgåver sjølvstendig og i samarbeid med andre, tar utdanninga hand om fleire sentrale perspektiv og tverrfaglege tema. Utdanninga skal sikre progresjon, og for nokre tema vert dette illustrert gjennom ei progresjonstrapp (fig. 1). Dei einskilde faga har ei særskild rolle med å ta seg av innhaldskomponentar i tverrfaglege tema i sine emneplanar og i si undervisning.

Dei tverrfaglege tema begynnaropplæring, grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering går inn i alle fag og plan for praksis. Korleis det einskilde faget arbeider med desse temaa går fram av emneplanane og vert utdjupa og presisert i undervisnings-/semesterplanar. Desse temaa er illustrert som ei pil i progresjonstrappa (fig. 1).

Også praksisopplæring, FoU og profesjonsfagleg digital kompetanse er tverrfaglege tema som går inn i alle fag og der progresjonen er illustrert gjennom progresjonstrappa (fig. 1).

Progresjonstrappa visualiserer progresjonen innan sentrale område:

  • Praksisopplæring
  • FoU
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse
  • Fagovergripande tema

Innhald under overskriftene vil bli utdjupa i faga sine emneplanar eventuelt eigne handlingsplanar eller tverrfaglege undervisningsopplegg. Sjå omtale av desse temaa under illustrasjonen. Det einskilde temaet må sjåast i samanheng med profesjonsretting i undervisningsfag, praksis og pedagogikk og elevkunnskap.

Alle fag i Grunnskulelærarutdanning 1-7 legg vekt på kommunikasjonsferdigheiter. I tillegg kan kommunikasjonsferdigheiter sjåast i samanheng med fleire tema i progresjonstrappa.

Begynnaropplæring

Studenten skal etter fullført utdanning ha inngåande kunnskap om begynnaropplæringa, med særleg vekt på grunnleggande lese-, skrive- og matematikkopplæring. Kvart fag i studieprogrammet legg vekt på begynnaropplæring, som gir grunnlaget for elevane si utvikling og føresetnader for vidareutvikling av fagkunnskap.

Tilpassa opplæring

Studenten skal etter fullført utdanning ha kunnskap om tilpassa opplæring. Retten til tilpassa opplæring er forankra i opplæringslova og dreier seg både om tilpassa ordinær undervisning og spesialundervisning. Kunnskap om lovverket er sentralt. Tilpassa opplæring er kjenneteikna av variasjon, for eksempel gjennom arbeidsoppgåver, lærestoff, intensitet i opplæringa, organisering av opplæringa, læremiddel og arbeidsmåtar. Opplæringa skal tilpassast den einskilde elev sine evner og føresetnader, og utdanninga må sikre at studenten tileignar seg kompetanse i å tilpasse opplæringa til mangfaldet i elevgruppa. Inkludert i dette er kunnskap om elevar sin rett til fritak frå læreplanen som medfører utvikling av individuelle opplæringsmål.

Vurdering

Studenten skal etter fullført utdanning kunne utvikle og kommunisere tydelege mål for opplæringa, vurdere elevane sitt læringsutbytte, gi elevane fagleg relevante framovermeldingar og legge til rette for elevane si eigenvurdering. Alle fag i grunnskulelærarutdanninga skal gi opplæring i å analysere og vurdere elevane sine læringsprosessar og resultat, og i å gi tilbakemeldingar som støttar deira læring. Studenten må også forstå og kunne bruke resultat frå ulike prøvar, kartleggingsverktøy og kvalitetsvurderingssystem i oppfølginga av elevane si læring og utvikling.

Grunnleggande ferdigheiter

Dei grunnleggande ferdigheitene å kunne lese, skrive, rekne og bruke munnlege og digitale ferdigheiter er både ein føresetnad for utvikling av fagkunnskap og ein del av fagkompetansen i alle fag. Kvart einskild fag har ansvar for at studenten får kunnskap om korleis ein kan arbeide med elevane si utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene. Utdanninga skal fremje utvikling av elevane sine grunnleggande ferdigheiter på faga sine premissar. Lærarane skal ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse til å utvikle elevanes grunnleggande ferdigheiter på desse områda og sjå dette som si oppgåve gjennom heile grunnopplæringa.

Praksisopplæring

Høgskulen på Vestlandet tilbyr ei heilskapleg og samanhengande 5-årig master i lærarutdanning. I utdanninga vert det lagt stor vekt på å knyte teori og praksis saman for å utvikle studenten sin læraridentitet. I emneplanane for praksis skildrar læringsutbytteformuleringane tydelege krav til progresjon i studenten sin profesjonskunnskap for kvart av studieåra. Frå å ha ei rolle som observatør i starten, skal studenten gradvis kunne ta eit stadig større ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning. Samstundes må studenten gjennom alle fem åra få høve til å utvikle eit stadig meir avansert, analytisk og reflektert forhold til eiga utvikling og til det å vere lærar. Danning, i tydinga kritisk refleksjon og profesjonsforståing, vil slik sett stå sentralt i studenten si utvikling og arbeid knytt til praksisopplæring i alle dei fem studieåra. Gjennomgåande vil praksisopplæringa legge opp til prosessar der studenten skal gjere greie for eigne val med omsyn til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring. Utvikling av studenten sin forskings- og utviklingskompetanse er også ein del av praksisopplæringa. Masterfaget i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap har eit særleg ansvar for å ivareta den integrerte profesjonsutdanninga på høgare nivå og for å følgje opp studenten sitt forskingsbaserte praksisstudium. I syklus 2 (fjerde og femte studieår) vil det vere fokus på å utvikle meir inngåande kunnskap om læreprosessar, lærararbeid og forskings- og utviklingsarbeid. Med bakgrunn i teori og eksisterande forsking skal studenten utvikle evne til å analysere eige og andre lærarar si undervisnings-, forskings- og utviklingsverksemd. Like eins skal studenten utvikle evne til å analysere læringsarbeidet til eit mangfald av elevar med ulik bakgrunn og ulike føresetnader. I praksis skal ein kunne gjere bruk av eigne og andre sine analysar med sikte på å gjere endringar til beste for eleven si faglege og sosiale utvikling. Praksis vert nærare omtala i programplanen side 12.

FoU i studieløpet

Grunnskulelærarutdanninga ved HVL er forskingsbasert og studenten skal utvikle forskings-og utviklingskompetanse (FoU) gjennom syklus 1 og syklus 2. Studenten skal etter fullført utdanning ha inngåande kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid (FoU) med relevans for lærarprofesjonen slik at han/ho som lærar kan ta i bruk ny kunnskap og vidareutvikle både seg sjølv, profesjonen og arbeidsplassen sin etter fullført utdanning. I studieprogramplanen for grunnskolelærarutdanning 1-7 ved HVL er det lagt inn ein progresjon i utviklinga av studenten sin FoU-kompetanse. Studenten vert introdusert for vitskapsteori og metode første året i utdanninga og både vitskapsteoretiske tema og undervisning i ulike metodar har ein progresjon gjennom heile studiet. For å sikre god progresjon og høg kompetanse i FoU skal studenten ved HVL møte varierte arbeidsmåtar, tilnærmingar og innhald i utdanninga. FoU-kompetanse skal utviklast både på høgskulen og i praksisfeltet i samarbeid mellom pedagogikk og elevkunnskap (PEL) og undervisningsfag. Arbeid med FoU blir såleis integrert og gjennomgåande i det femårige masterløpet. Studenten si FoU-oppgåve og/eller masteroppgåve kan knytast både til prosjekt innanfor HVL sine forskargrupper, til eit sjølvstendig forskingsarbeid eller til utviklingsarbeid i skulen. Masteroppgåva ved HVL er profesjonsretta og praksisorientert. Arbeidet med masteroppgåva er det siste steget i kompetanseutviklinga på FoU-området, og både arbeidsprosessen, kommunikasjonen om faglege problemstillingar og sjølve FoU-produktet er viktige komponentar i studenten si læring.

Kommunikasjonsferdigheiter

Utvikling av kommunikasjonsferdigheiter heng tett saman med temaa i progresjonstrappa. Når det gjeld FoU-kompetanse er utviklinga av kommunikasjonsferdigheiter fletta saman med innføring i vitskapsteori og metode og med ei innføring i akademisk skriving og lesing. Ved å legge vekt på koplingar mellom akademisk tenkemåte og akademisk kommunikasjon vil ein lettare kaste lys over samanhengar mellom språk og handling i vitskaplege samanhengar. Vidare i studiet er lesing, skriving og formidling knytt til utvikling av den kritiske refleksjonen, og den vert knytt tettare til skriftarbeidet fram mot FoU-oppgåva i 3. året. Både munnleg og skriftleg kommunikasjon er bygt inn via krav til munnleg presentasjon av både FoU-oppgåva og masteroppgåva. Munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter vert særleg tatt hand om i dei obligatoriske emna i norsk og pedagogikk og elevkunnskap. Bokmål og nynorsk er del av norskemnet.

Ein annan viktig innfallsvinkel til kommunikasjon vert knytt til profesjonskompetanse. Profesjonelle kommunikasjonsferdigheiter er avgjerande for god samhandling mellom lærar og elev, føresette, kollegaer og eksterne samarbeidspartar. Utvikling av gode kommunikasjonsferdigheiter er vidare tett knytt til kontaktlærarrolla.

Profesjonsfagleg digital kompetanse

IKT er knytt til arbeid med alle fag i utdanninga. Sentralt i IKT er omgrepet profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). Dette kan skildrast som kunnskap om, haldningar til og ferdigheiter i bruk av digitale verktøy, medium og ressursar på ein forsvarleg og føremålstenleg måte. Ein del av PfDK er den faglege og fagdidaktiske digitale kompetansen som omfattar lærarens evne til å integrere digital kompetanse og bruke digitale verktøy, medium og ressursar i læringsprosessar. Området omfattar også kompetanse om korleis teknologiutviklinga påverkar faginnhald og arbeidsformer i ulike fag og kompetanseområde, i tillegg til evne til å utvikle elevane sin digitale kompetanse. PfdK skal også gi studenten kunnskap om skulerelaterte fagområde og korleis læraren kan nytte sin digitale kompetanse i arbeidsoppgåver som ikkje er direkte knytt til undervisningspraksis. Progresjon og innhald er sett i samanheng med emneplanar i fag og praksis og går fram av progresjonstrappa.

Fagovergripande tema

Dei fagovergripande temaa er psykososialt læringsmiljø, vald og seksuelle overgrep, det fleirkulturelle samfunnet, medborgarskap, samiske forhold og samiske elevar sine rettar, berekraftig utvikling, estetiske læreprosessar og profesjonsetikk, heilskapleg seksualundervisning og foreldresamarbeid. Desse temaa er behandla gjennom studieløpet i form av profesjonsøkter, og er visualisert i progresjonstrappa. Profesjonsøktene har studentaktive læringsformer, og det er derfor obligatorisk deltaking. Dette går fram av emneplanane for profesjonsøktene.

Det kan vere ulike fagmiljø eller forskargrupper som får ansvar for dei ulike temaa, med utgangspunkt i særleg kompetanse på området. Temadagar med eit profesjonsfagleg innhald og danningsperspektiv på tvers av fag, klassar og trinn i grunnskulelærarutdanninga gir utdanninga heilskap, integrering, fordjuping og progresjon. Desse temaa følgjer eigne emneplanar og i nett- og samlingsbasert utdanningsprogram blir desse temaa delvis ivareteke gjennom ordinær undervising og delvis i eigne økter.

Psykososialt læringsmiljø

Utdanninga skal sikre at studenten får den ferdigheita, kunnskapen og kompetansen som ein lærar må ha for å skape eit trygt psykososialt læringsmiljø og førebygge og handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Utdanninga må gi studenten kunnskap og kompetanse til å møte ulike likestillingsutfordringar i skulen. Studenten skal kunne utøve eit normkritisk perspektiv og ha auge for elevane si psykiske helse og psykososiale risikofaktorar i skulekvardagen. På bakgrunn av faglege vurderingar skal studenten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar. Psykososialt læringsmiljø kan sjåast i samanheng med tema i plan for praksis 2. studieår "Læraren i møte med elevmangfald" og "Tilpassa opplæring" i PEL 2. studieår. Progresjonen kjem fram i progresjonstrappa for fagovergripande tema og har fått plass i trappa på 2. og 4. trinn.

Vald og seksuelle overgrep

Utdanninga skal sikre at studenten har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar inkludert vald og seksuelle overgrep mot barn. Studenten skal ha kunnskap om og kunne identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal setjast i verk. Tema skal også koplast til praksis. Vald og seksuelle overgrep har plass 2. og 4. studieår i progresjonstrappa.

Det fleirkulturelle samfunnet

Det fleirkulturelle samfunnet stiller krav til læraren sin kompetanse om mangfald og interkulturell forståing. Internasjonalisering av samfunns- og arbeidsliv føreset språk- og kulturkunnskap og internasjonale erfaringar. Studenten må ha kunnskap om og forståing av det fleirkulturelle samfunnet. Det inneber mellom anna å vere merksam på kulturelle forskjellar og å kunne bruke desse som ein positiv ressurs. Etnisk, kulturelt og religiøst mangfald er ein del av skulekvardagen i dei fleste norske skular. Kunnskap om menneskerettane og om urfolk sine rettar er sentralt i denne samanhengen. Lærarutdanninga skal fremje internasjonalt samarbeid og solidaritet for å oppnå berekraftig utvikling og sosial utjamning. Det fleirkulturelle samfunnet er eit fagovergripande tema som er plassert 2. og 3. studieår i progresjonstrappa.

Medborgarskap

Medborgarskap handlar om å leve saman i fellesskap og fremje forståing for ulikskap i kultur og verdiar. Å utvikle demokratisk medborgarskap har mykje å seie for utviklinga av eit godt psykososialt miljø. Studenten treng kunnskap om korleis undervisninga kan legge til rette for utvikling av elevane sine haldningar og handlingar. Kunnskap og kompetanse om elevmedverknad og elevansvar i skulekvardagen kan fremje medborgarskap ved at elevane bidrar, deltar og samhandlar i skulekvardagen. Medborgarskap er eit fagovergripande tema som er plassert 1. studieår i progresjonstrappa.

Samiske forhold og samiske elevar sine rettar

Utdanninga skal kvalifisere studenten for å ta hand om opplæringa om samiske forhold, samiske born sine rettar og det samiske folket som anerkjent urfolk. Samisk kultur og samfunnsliv er ein viktig del av den felles kulturarven. Opplæring for samiske elevar står i ei særstilling i norsk grunnopplæring. Studenten må derfor få kunnskap om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane for grunnopplæringa og om samiske elevar sine rettar. Samiske forhold og samiske elevar sine rettar er plassert 2. studieåret i progresjonstrappa.

Berekraftig utvikling

Utdanninga skal kvalifisere studenten til å ta hand om utdanning for berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema. Utdanninga skal gi forskingsbasert kunnskap om klima, miljø og utvikling og kompetanse i å støtte elevane si læring om, haldning til og handling for ei berekraftig utvikling. Å ta miljøbevisste val er å ta eit aktivt ansvar for fellesskapet og framtida på kloden. Berekraftig utvikling har plass 3. studieåret i progresjonstrappa.

Estetiske læreprosessar

Studenten skal øve opp kreativitet og evne til å skape, samhandle, reflektere og kommunisere. Dette skal dei mellom anna gjere ved hjelp av estetiske verkemiddel og verktøy. Gjennom grunnskulelærarutdanninga skal studenten sjølv få erfaring med estetiske læreprosessar saman med medstudentar og elevar. Studenten skal kunne legge til rette for elevane si kreative læring gjennom ulike estetiske uttrykk, formidling og framføringar som er med på å utvikle sjølvkjensle og identitet hos elevane. Estetiske læreprosessar er plassert 1. og 3. studieår i progresjonstrappa.

Profesjonsetikk

Den profesjonelle læraren veit heile tida og i ulike situasjonar kva etiske normer og prinsipp som gjeld når ein skal utøve lærarprofesjonen. Kjernen i lærarprofesjonen sin integritet er etisk medvit, fagleg dugleik og eit engasjement for undervisning av barn og ungdom. Dette er avgjerande for å skape gode vilkår for læring, leik og danning. Når ein utøver lærarprofesjonen, må ein ta ansvar for sine pedagogiske og faglege val, også dei som er tufta på skjønn. Samfunnet må ha tryggleik for at læraren handlar etisk forsvarleg. Temaet er mellom anna sett i samanheng med lærarrolla og den forskande læraren og er plassert i progresjonstrappa 1. og 5. studieår.

Praksis

Praksisstudiet er ein integrert del av alle fag i utdanninga. Heilskap og integrasjon i ei profesjonsretta grunnskulelærarutdanning viser samanheng i lærarutdanningsfaga, praksis og FoU-arbeid.

Praksisstudiet består av 110 dagar rettleia, variert og vurdert praksis og 5 dagar observasjonspraksis. Praksisopplæringa følger nasjonale retningslinjer med 5 dagar observasjonspraksis og 80 dagar rettleia, variert og vurdert praksis i syklus 1, -og 30 dagar rettleia, variert og vurdert praksis i syklus 2. Fem dagar av praksis skal vektlegge overgangen mellom barnehage og skule, og bør ifølge forskrifta §3.9 leggjast til barnehage.

Praksis er lagt til både haust og vårsemester i 1.-3. studieår. Den ligg i vårsemesteret for 4. studieår og i haustsemesteret i 5. studieår. Dei to første studieåra er praksis lagt til fakultetet sine praksisskular knytt til campus Stord eller campus Sogndal etter studenten sitt ynskje. Frå og med 3. studieår er det tilbod om praksis nær heimstaden til studenten dersom studenten ynskjer det.

Arbeidsformer

Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning 1-7 byggjer på ein kombinasjon av samlingar- og nettstøtta digital undervisning mellom samlingane, samt praksis. Den nettstøtta undervisinga kan vere både i reell tid (synkron) og/eller i opptak (asynkron). I samband med desse vert det gitt oppgåver, der studentaktive læringsformer vert vektlagt. Døme her er student-sjølvevaluering, bruk av læringssti der studentane løyser oppgåver i ein modul, utnyttelse av gruppefunksjonar, undersøkingar, -i tillegg til webinar og nettbasert læringsaktivitet. Det tverrfaglege elementet vil også vere framtredande. Studentane vil bli følgd opp av faglærarar i læringsaktivitet og rettleiing. Undervisinga på samlingane varierer mellom førelesingar, gruppearbeid, rollespel, bruk av case og andre metodar. Arbeidsformene er praktiske, varierte og utfordrande, og er både munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet. Studentane på samlingsbasert GLU 1-7 må basere seg på meir sjølvstudium enn campus studentar.

Vurderingsformer

Vurderingsformene i grunnskulelærarutdanninga ved HVL er lagt opp slik at studenten får vurdering i fag og praksis. Gjennom kvalitetssikringssystemet vil HVL sikre progresjon og varierte vurderingsformer gjennom heile studieløpet, i og mellom fag og semester. Vurderingsformene er tilpassa dei overordna læringsutbytteskildringane studenten skal ha nådd ved fullført utdanning, i tillegg til varierte og studentaktive læringsformer i studiet.

Progresjonen i vurderinga er sikra gjennom vurderingsordningar som er tilpassa læringsutbytteformuleringane slik dei er omtala i syklus 1 og syklus 2 i emneplanane og i programplanen. Vurderingsordningane er også tilpassa studenten si profesjonelle utvikling i lærarutdanningsfaga. Som ein del av profesjonsutdanninga skal studenten utvikle vurderingskompetanse, og dei vurderingsformene dei sjølve møter, er ein del av grunnlaget for ein slik kompetanse. Derfor skal dei møte varierte vurderingsordningar og vurderingsformer slik dei blir praktiserte i skulen.

Studenten skal øve opp eigenvurdering og erfare vurdering frå medstudentar. Gjennom studiet skal studenten utvikle evne til å ta i mot og gi rettleiing. Vurdering omfattar all formell prøving, det vil seie både vurdering undervegs, til dømes gjennom obligatoriske arbeidskrav og praksis, og sluttvurdering, som skriftleg, munnleg og praktisk-metodisk eksamen. Vurderingsordningane går fram av den einskilde emneplan. Det vert kravd greidd nasjonal deleksamen i matematikk for å få vitnemål.

Det vert nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter. Det vert også nytta karakterane Greidd / Ikkje greidd.

Krav til studieprogresjon

Studenten må ha greidd praksis på eit årstrinn før studenten kan halda fram med studiet på neste årstrinn. Det kan gjerast unntak frå denne regelen dersom studenten på grunn av godkjent fråvær manglar noko praksis, og fullføringa av praksis kan gjennomførast i byrjinga av påfølgjande studieår. Andre krav til studieprogresjon framgår av Forskrift om studium og eksamen ved HVL og i emneplanar.

Internasjonalisering

Du kan dra på utveksling i 5. og 6. semester av utdanninga. Vi har avtalar med ei rekkje utdanningsinstitusjonar rundt om i verda.

I 5. semester er det mogeleg å reise på utveksling i skulerelevante fag og undervisningsfag. Praksis i desse semestera vert avvikla anten før eller etter utvekslinga. Utveksling i 6. semester skjer i det som vert masterfaget ditt.

Organisering

Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 med master har eit omfang på 300 studiepoeng over fem år (heiltid) og inkluderer 110 dagar rettleia praksis og 5 dagar observasjonspraksis. Den obligatoriske delen av utdanninga er på 120 studiepoeng og 180 studiepoeng til val av fag. Studenten skal ha 4 undervisningsfag, eller 3 undervisningsfag og eit skulerelevant fag. Saman med praksis er dei obligatoriske faga: • Pedagogikk og elevkunnskap, 60 studiepoeng • Norsk (fag 2), 30 studiepoeng • Matematikk (fag 3), 30 studiepoeng

1.- 3. studieår: • 5 dagar observasjonspraksis • 80 dagar praksis som er rettleia, variert og vurdert • Pedagogikk og elevkunnskap, 30 studiepoeng • Norsk, del 1, 30 studiepoeng • Matematikk, del 1, 30 studiepoeng • Valt undervisningsfag (engelsk eller kunst og handverk), 30 studiepoeng

  • Semester 5: Fag 4: Nytt undervisningsfag eller skulerelevant fag, 30 studiepoeng
  • Semester 6: Eitt av undervisningsfaga norsk eller matematikk, del 2, 30 studiepoeng. 60 studiepoeng i enten norsk eller matematikk gir grunnlag for vidare masterstudium i 60-studiepoengsfaget.

4. - 5. studieår: • Minst 30 dagar praksis, rettleia, variert og vurdert • Pedagogikk og elevkunnskap 30 studiepoeng • Norsk eller matematikk som masterfag 90 studiepoeng • Masterfaget bygger på 60 studiepoeng i same fag 1.-3. år.

Kvart emne er på 15 studiepoeng med unntak av masteroppgåva som er på 45 studiepoeng.