Hopp til innhald

Studieplan - Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring

Hausten 2023

Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring (GLSM) er eit studietilbod som er fagleg og didaktisk forankra med matematikkfaglege og norskfaglege tema.

Innhald

Forskingsbasert kunnskap om undervisning på dei fire lavaste klassetrinna i grunnskulen. Studentane skal lære om arbeidsmåter som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåter kan nyttast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Arbeidsformer

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester. Samlingane vil gå over 2-3 dagar. Mellom samlingane er det undervisning over nett, med ein fast undervisningsdag i veka.

Vurderingsformer

Emne 1: Munnleg eksamen

Emne 2: Heimeeksamen, 3 dagar

Emne 3: Mappevurdering

Emne 4: Skuleeksamen, 5 timar

Internasjonalisering

Nei