Hopp til innhald

Studieplan - Friluftsliv, bachelorstudium, Sogndal

Hausten 2023

Bachelor i friluftsliv gir deg innsikt i å arbeide med menneske og grupper i naturen. Studieprogrammet er ei brei friluftslivsutdanning der du fordjupar deg i friluftsliv knytt til ulike kontekstar. I utdanninga får du teoretisk og praktisk kunnskap om friluftslivsvegledning, trygg ferdsel i naturen og korleis friluftsliv verkar inn på individ, grupper og samfunn. Du tileignar deg kompetanse i å planlegge, legge til rette for, leie og evaluere friluftsliv for ulike målgrupper. 

Utdanninga passar godt for deg som vil jobbe med friluftsliv generelt, friluftsliv på folkehøgskule, friluftsliv i helsesektoren, med naturbasert turisme eller studere vidare for å få undervisningskompetanse i skuleverket. Studiet nyttar nærområda som læringsarena for å til dømes ivareta berekraft i og til natur. Frå campus er det korte avstandar til ulike naturtypar. Dei markante årstidene i området er godt eigna til nærfriluftsliv på barmark og snø, vandring i høgfjellet og meir spesialiserte kontekstar som brevandring, klatring, havpadling, nordisk og alpin skiferdsel. Studiet har eit berekraftfokus, i nærleik til natur og med hensikt å utdanne studentar til relevant arbeid i natur etter avslutta studie. Utdanninga gjev deg moglegheit til å sertifisere deg innan klatring, havpadling, nordisk- og alpin skiferdsel.  

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. Det er krav til søkaren at ein skal kunne symje. 

Studieprogrammet kvalifiserer til opptak på master i idrettsvitskap (karakterkrav C) og master i samhandling og folkehelse (karakterkrav C) og master i sosialvitskap, studieretning samfunnsarbeid og studieretning miljøterapeutisk arbeid (sjå eigne opptakskrav). Frå og med hausten 2025 er det krav om mastergrad for å søke praktisk-pedagogisk utdanning ( sjå eigne opptakskrav) ved HVL. Etter fullført masterutdanning kan ein kvalifisere seg vidare til opptak på doktorgradsprogram ved HVL.   

Læringsutbytte

Etter fullført bachelor i friluftsliv skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskapar 

Studenten 

  • har brei kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan friluftsliv og læring
  • har brei kunnskap om å planlegge, rettleie og evaluere friluftsliv i ulike kontekstar
  • har kunnskap om friluftsliv og idrett si historie, filosofi, tradisjonar, verdiar, eigenart og plass i samfunnet
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid og kan oppdatere kunnskapen sin på sentrale område innan fagfeltet friluftsliv
  • har brei kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og ulike typar kjelder

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv, med utgangspunkt i norsk friluftslivstradisjon
  • kan bruke sine faglege kunnskapar og spesifikke ferdigheiter knytt til nærfriluftsliv, bre, fjell og fjord til ulike årstider
  • kan observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske og teoretiske oppgåver
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskingsarbeid under rettleiing i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk
  • kan meistre bruk av digitale hjelpemiddel innan fagområdet friluftsliv
  • kan delta aktivt i samskapande og nyskapande prosessar

Generell kompetanse 

Studenten 

  • har evne til å framstå profesjonelt og reflektere over eigne haldningar og etisk medvit i eit berekraftperspektiv
  • kan samhandle og kommunisere med individ, grupper og samfunnsaktørar innan fagområde friluftsliv
  • kan sjølvstendig fortsette eigen kompetanseutvikling og spesialisering innan praksisfeltet til friluftsliv
  • kjenner til friluftslivsvegledning som metode for leiing og læring
  • kan planlegge og leie friluftslivsaktivitetar i samsvar med myndigheitene sine krav om helse, miljø og sikkerheit
  • kjenner til og kan ta del i nytenking og innovasjonsprosessar innan fagområdet

Innhald

I fyrste studieår er 45 studiepoeng felles med bachelor i idrett, trening og helse og årsstudium i personleg trenar, medan studentane vel valbare emne i 5. semester (totalt 30 studiepoeng).  

Praksis

Det er innlagt praksis i andre studieår: 

I emnet Friluftsliv vinter 1 er det to veker samanhengande arbeidslivsretta praksis. 

Døme på denne praksisen kan være friluftslivsundervisning i skulesamanheng, friluftsliv i institusjonssamanheng, DNT, friluftslivsråd, eller inn mot naturguiding i naturbaserte reiselivsbedrifter.  

Arbeidsformer

Undervisnings- og læringsformene er varierte og vil veksle mellom førelesingar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid og bruk av digitale læringsplattformer. I studieprogrammet vert det nytta ulike obligatoriske læringsaktivitetar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Teori skal integrerast og erfarast i praktisk undervisning. På ekskursjonar vil metodiske vurderingar stå sentralt, saman med eigenferdigheit og meistring av ferdigheiter innan friluftsliv. Det vert forventa at studentane tek ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar. 

Vurderingsformer

Studieprogrammet har skriftlege, munnlege, praktiske og digitale obligatoriske læringsaktivitetar, individuelt og i gruppe. Variasjon i vurderingsformer vert vektlagt og følgande evalueringsformer vert nytta: skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen, praktisk eksamen, mappeeksamen, heimeeksamen, skriftleg oppgåve i gruppe og skriftleg bacheloroppgåve i gruppe. 

Krav til studieprogresjon

Det er krav om minimum 90 fullførte studiepoeng frå bachelor i friluftsliv eller tilsvarande for å kunne ta emne FRIB302 Forskingsmetode og bacheloroppgåve.

Internasjonalisering

Det er høve til studieopphald i utlandet i 5. semester. HVL har utvekslingsavtalar med institusjonar i Nord-Amerika, Australia, Europa og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.