Hopp til innhald

Studieplan - Forkurs nett- og samlingsbasert

Hausten 2024

Dette nett- og samlingsbaserte forkurset er spesialdesigna for deg med yrkesfagleg bakgrunn som siktar mot ei framtid innan ingeniørfag.

Forkurset sitt offisielle namn er «Eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter nasjonal plan utarbeidd av Universitet og høgskolerådet» med kortforma «Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning».

Fullført og bestått forkurs gir særskilt opptaksgrunnlag til 3-årig ingeniørutdanning (bachelorgradsstudier i ingeniørfag etter gjeldande rammeplan) og til integrerte masterstudium i teknologiske fag.

Forkurset kvalifiserer ikkje for opptak til bioingeniørutdanning.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har brei kunnskap om sentrale emne og problemstillingar i matematikk, fysikk, norsk, engelsk og dessutan samfunnsfag, slik at kandidaten er vel kvalifisert for å gjennomføra ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten har god kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innanfor dei aktuelle fagområda.
  • Kandidaten har kunnskap om grunnlaget til faga for høgare teknologiutdanning.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar minst på lik linje med andre som er kvalifisert for ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten kan nytta faglege kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar på ein relevant måte.
  • Kandidaten kan søkja, behandla og vurdera informasjon kritisk.
  • Kandidaten kan meistra relevante faglege verktøy.
  • Kandidaten har kjennskap til programmering og algoritmisk metode.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan planleggja og gjennomføra sjølvstendige arbeidsoppgåver og utføra prosjektbasert arbeid, både åleine og i samarbeid med andre.
  • Kandidaten kan gjennomføra praktiske øvingar og utarbeida rapportar i samsvar med naturvitskapleg arbeidsmetode og funksjonell bruk av språk og struktur.
  • Kandidaten forstår betydninga av digital dømmekraft.
  • Kandidaten kan reflektera over eigne faglege kvalifikasjonar som grunnlag for vidare val og forstår betydninga av tverrfaglegheit og samarbeid.

Innhald

Forkurset er designa for å tilsvare eit fullt studieår med ei arbeidsmengde på 1600-1700 timar. Timane omfattar den totale arbeidsinnsatsen til studenten, inkludert deltaking i undervising, sjølvstudium, samarbeid med andre studentar, øvingar, førebuingar og liknande aktivitetar.

Følgjande fag inngår:

  • Matematikk med eit omfang på 37,5 % av et heilt år
  • Fysikk med eit omfang på 22,5 % av eit heilt år
  • Norsk med eit omfang på 20 % av eit heilt år
  • Engelsk med eit omfang på 10 % av eit heilt år
  • Teknologi og samfunn med eit omfang på 10 % av eit heilt år

Arbeidsformer

Kurset tilbyr ein kombinasjon av digital/nettbasert undervising og åtte fysiske samlingar, som inkluderer både undervising og rekneøvingar i klasserom. Vi legg vekt på studentaktive læringsformer, mellom anna gjennom gruppearbeid og oppgåveskriving for å fremje engasjement og djuptgåande forståing av fagstoffet. Alle faga inneheld obligatoriske innleveringar som er essensielle for læreprosessen. For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogleg av undervisninga.

I faga Norsk, Engelsk og Teknologi og samfunn er det berre nettbasert undervisning.

I samband med laboratoriumsundervisning i fysikk, vil også éin av samlingsdagane i vårsemesteret vere obligatorisk.

Vurderingsformer

Sjå emneplanane til kvart av faga.