Forkurs | nett- og samlingsbasert

Forkurs

Har du yrkesfagleg utdanning, og lyst til å bli ingeniør eller ta ei maritim utdanning? Då kan nett- og samlingsbasert forkurs vere noko for deg!

 

 

Haugesund, Bergen, Førde

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Du må ha ein av desse:

    • Bestått VG1 og VG2 frå yrkesfag
    • Fag eller sveinebrev
    • 5 år relevant erfaring (realkompetanse)
     

    Poenggrense ved forrige opptak

    • alle kvalifiserte

    Om å søke opptak til HVL

    Kva er forkurs?

    Dette er eit nett- og samlingsbasert forkurs for deg som har yrkesfag, men manglar generell studiekompetanse. Med dette kurset kan du søke på alle ingeniør- og sivilingeniørutdanningar, samt maritime høgskuleutdanningar i Noreg. 

    Samlingane og eksamen går føre seg ved studiestaden du får opptak til: Bergen, Førde eller Haugesund.

    Faga som inngår i kurset er:

    • Matematikk 
    • Fysikk 
    • Norsk 
    • Engelsk 
    • Teknologi og samfunn 

    For å lukkast i kurset krevst det sterk motivasjon og ein høg arbeidsinnsats gjennom heile semesteret.

    Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta forkurset. 

    Om du ikkje ønskjer å ta forkurset på nett, kan du ta forkurset fysisk i Bergen.

    Har du generell studiekompetanse?

    Då treng du berre matematikk og fysikk. Her har du fleire moglegheiter: 

    Korleis er undervisninga?

    Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer både på nett og på samlingar. Dette inkluderer forelesningar, laboratoriearbeid, rekneøvingar og sjølvstudium. For realfaga matematikk og fysikk, legg vi opp til tre dagar lange samlingar ein gong i månaden. Totalt blir det åtte samlingar.

    I samband med laboratoriumsundervisning vil ei av samlingane bli obligatorisk. Du møter då på studiestaden du har fått opptak til: Bergen, Førde eller Haugesund.

    I faga norsk, engelsk, teknologi og samfunn tilbyr vi nettundervisning. Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av nettundervisninga i desse faga, på vegne av Høgskulen på Vestlandet.

    Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum i realfaga.

    For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogeleg av undervisninga som går føre seg på nett.

    På Høgskulen på Vestlandet blir du ein integrert del av eit levande og engasjert studentmiljø der aktiv deltaking og fellesskap står i sentrum.

    Pensumbøker for studieåret 2023/2024

    Matematikk REAL112

    Sinus Grunnbok,
    av Oldervoll Tore Svorstøl Otto Jacobsen Robin Bjørnetun
    Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202753023

    Sinus Oppgavesamling,
    av Oldervoll Tore Svorstøl Otto Jacobsen Robin Bjørnetun
    Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202753030

    Fysikk REAL111 (Realfagskurs/Forkurs)

    Rom Stoff Tid Forkurs Grunnbok, av Grimenes, Jerstad og Sletbak
    Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202741945

    Rom Stoff Tid Studiebok, av Grimenes, Jerstad og Sletbak
    Cappelen Damm 2022, ISBN 9788202741969

    Gyldendals tabeller og formler i fysikk, av Haugan og Aamot
    Gyldendal, 2022 ISBN 9788205565302

    Anbefalt kalkulator

    Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorer er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

    Norsk FOR020 (Forkurs)

    Norsk for ingeniører, av Talmo, Stifoss-Hanssen og Ulstein
    ISBN-nummer: 9788215063171

    Engelsk FOR021 (Forkurs)

    Digital engelskbok, som kan kjøpes her.

    Teknologi og samfunn FOR022 (Forkurs)

    Teknologi og samfunn, Forkurs, av Myklebust og Talmo, ISBN: 9788215065465

    Kva er forskjellen på forkurs og realfagskurs?

    Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn. 

    Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse, men manglar fordjupning i matematikk og fysikk.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.