Samtale

Familieterapi og relasjonelt arbeid | vidareutdanning

Vidareutdanning på masternivå

Ønsker du kunnskap om relasjonelt arbeid med par, familiar og nettverk eller korleis ein jobbar med relasjonelt arbeid i organisasjonar? Da er denne fleksible deltidsutdanninga noko for deg.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    • Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske eller pedagogiske fag.
    • Minst 2 års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning.


    Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.
    Det er mogleg å kvalifisere for opptak på grunnlag av realkompetanse.

    Søkjar har ansvar for å sørge for praksisplass, sjå meir informasjon i studieplan.

    Søknadskode

    2729 Vid.utd Familieterapi og nettverksarbeid
    2730 Vid.utd. Relasjonelt arbeid i organisasjoner

    Korleis søke

      • Logg inn i SøknadsWeb
      • Vel opptak "Master"
      • Så vel du "Master/Vidareutdanning helse- og sosialfag"
      • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå søknadskode over) 
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskrava.
      • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.

    Viktig informasjon om søknad, fristar og dokumentasjon

     

    Om fristar og ledige studieplassar

    Ordinær søknadsfrist er 1. mars for master og 15. april for vidareutdanning. Studium som startar i vårsemesteret har frist 15. november.

    Viss det er ledige studieplassar når søknadsfristen går ut blir studiet lagt ut på ledige studieplassar 20. mai og tilbud om plass blir gitt fortløpande til kvalifiserte søkjarar fram til det er fullt eller til studiet startar opp.

    Vi tek forbehold om at nok studentar må søke om opptak for at studiet skal starte opp.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere familieterapi og relasjonelt arbeid? 

    Studiet bidreg til utvikling av relasjonell kompetanse i egen yrkesrolle. Du vil få kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.

    Korleis er utdanninga bygd opp?

    Du har valet mellom to studieretningar:

    • familieterapi og nettverksarbeid
    • relasjonelt arbeid i organisasjonar

    Tek du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut. Tek du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid. Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.

    Kva lærer du?

    Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du mellom anna lære å:

    • gjennomføre og lede relasjonelle samtaler i ulike sammenhenger med en eller flere deltakere i rommet
    • kritisk analysere og mestre utfordrende samarbeids- og veiledningsrelasjoner
    • anvende og reflektere rundt sentrale systemiske teorier i møter med forskjellige samarbeidssituasjoner i organisasjoner
    • mestre ulike lytte- og samtaleferdigheter på en selvreflektert og profesjonell måte

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i løpet av studieåret.

    Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har blant anna førelesningar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper.

    Mellom samlingane deltek du i 120 timar grupperettleiing med ekstern rettleiar og læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattformen Canvas.

    Viktig informasjon om praksis

    Dersom du vel studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, må du:

    • gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
    • oppfylle kravet om 160 timer terapeutisk praksis i løpet av studiet. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad

    Dersom du vel studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, må du:

    • gjennomføre praksis til dømes innan rådgjeving og rettleiing, gruppeleiing, teamarbeid, nettverksarbeid, pedagogisk arbeid, leiing og kompetanseutvikling. Det kan også vere ulike former for krisehandtering, støttesamtalar, tilrettelegging, bistand- og pårørandearbeid.
    • oppfylle kravet om 160 timer relasjonell praksis i løpet av dei to første studieåra. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad

    Samlingar

    Første år

    Høst 2024
    Uke 37 (9.9. – 12.9.)
    Uke 45 (4.11. – 8.11.)

    Vår 2025
    Uke 8 (17.2. – 21.2.)
    Uke19 (5.5. – 9.5.)

     

    Tilrådde forkunnskapar

    Det er inga tilrådde forkunnskapar. 

    Pensum

    Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.

    Studieavgift og betaling

    17 000,- per semester (totalt kr 68 000,-) + semesteravgift.

    Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytt til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.

    I studieavgiften inngår:

    • Undervisning på samlingar
    • Tilgang til elektroniske læremiddel på internett
    • Tilbakemelding og oppfølging av oppgåver og øvingar til den enkelte student
    • Sensur av eksamen og karakterutskrift

    I tillegg kjem kostnader til ei intensivsamling på Geilo, ca kr. 1400,- pr. døgn inkl. fullpensjon og 120 timar ekstern veiledning i gruppe. Det er den eksterne veilederen som fastsetter timeprisen. Vår erfaring er at prisen ligger mellom ca kr 150–200 per person, og er også avhengig av gruppens størrelse.

    Studieavgifta endrar seg frå 2025

    Dette studiet er delvis finansiert av studentbetaling. Denne finansieringsforma er underlagt nasjonalt lovverk og EØS-regelverk. Studieavgifta for studentar vil endre seg frå 2025 som følgje av eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskular og endringar i regelverket om studentbetaling (egenbetalingsforskrifta).

    Endringa av studieavgifta vil bli klar i løpet av 2024. Vi legg ut informasjon så snart vi veit korleis endringane påverkar studentbetaling

    Endringa av studieavgifta vil bli klar i løpet av 2024. Vi legg ut informasjon så snart vi veit korleis endringane påverkar studentbetaling

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs