Smilende student i en samtale.

Familieterapi og relasjonelt arbeid

Vil du auke kompetansen din innan relasjonelt arbeid med par, familiar, nettverk eller organisasjonar? Ved HVL kan du ta fleire kurs på masternivå, eller heile masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid.

Hopp til

    Masterprogrammet

    Masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid er organisert som ei fleksibel deltidsutdanning på 4 år (120 studiepoeng), med ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i Bergen løpet av studieåret. Du kan velje mellom to studieretningar:

    • familieterapi og nettverksarbeid
    • relasjonelt arbeid i organisasjonar

    Vidareutdanninga

    Vidareutdanninga i familieterapi og relasjonelt arbeid er ei fleksibel deltidsutdanning på 2 år som gir på 60 studiepoeng. Det er fire vekesamlingar i Bergen løpet av studieåret. Også her har du valet mellom to studieretningar:

    • familieterapi og nettverksarbeid
    • relasjonelt arbeid i organisasjonar

    Påbygg til master

    Har du allereie fullført vidareutdanninga i familieterapi eller ei anna relevant relasjonell vidareutdanning, kan du søke om plass frå og med 3. studieår på masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid. Påbygg til masterprogrammet er for deg som allereie har familieterapeutisk eller relasjonell videreutdanning og vil auke kompetansen din med å fullføre ein mastergrad.

    Frittståande emne

    I familieterapi og relasjonelt arbeid er det mogleg å ta emne når det passar deg. Ønsker du å tileigne deg spisskompetanse innan eit spesifikt fagområde eller å komme i gong med fyrste emne i anten vidareutdanning eller masterløp? Under er ei oversikt over emne du kan ta utan å være tatt opp som student på master eller vidareutdanning. Når du får opptak kan du velje frå heile lista og ta inntil 30 studiepoeng komande studieår.

    Slik søker du frittståande emne i Søknadsweb:

    • Finn Master/vidareutdanning i helse- og sosialfag vår 2024
    • Vel alternativet 2765 Frittståande emne i Familieterapi og relasjonelt arbeid.
    Sjølve emnevalet gjer du i studentweb innan 1. september for haustsemesteret og innan 1. februar for vårsemesteret.
     

    Vi tek forbehold om at nok studentar må søke om opptak for at studiet skal starte opp.

    Emne som går om hausten

    Emne som går om våren