Hopp til innhald

Studieplan - Master i familieterapi og relasjonelt arbeid

Hausten 2023

Masterstudiet i familieterapi og relasjonelt arbeid er eit tverrfagleg studium der studentane skal tileigne seg inngåande kunnskap om arbeid med relasjonar i par, familie og nettverk, eller arbeid med relasjonar i organisasjonar. Studiet bygger på ein etablert vidareutdanning i systemisk familieterapi og nettverksarbeid. Studiet gir ein erfaringsbasert mastergrad med 120 studiepoeng. Fullført mastergrad gir kvalifikasjonar for å søkje opptak til doktorgradsstudium. Studiet er organisert som ein fleksibel deltidsutdanning og er tett knytt til studentane sin eigen arbeidspraksis. Det finst to studieretningar: familieterapi og nettverksarbeid, samt relasjonelt arbeid i organisasjonar.

Emna i tredje og fjerde studieår kan gjennomførast i ein fleksibel rekkefølgje. Studiet opnar òg for opptak av nye studentar i masterprogrammet frå 2. og 3. studieår for søkjarar med ulike relasjonelle, helse- og sosialfaglege vidareutdanningar på omfang 30/60 studiepoeng.

Fleire emne frå dette studiet kan også takast som sjølvstendige enkeltemne for fagpersonar som treng djupare kunnskap innan ulike tema som handlar om par, familie, nettverk og organisasjonar.

Masterstudiet har som mål å ruste studentane til å utøve kvalifisert og fagleg arbeid med relasjonar i ulike samanhengar. Studieretninga familieterapi og nettverksarbeid kvalifiserer for terapeutisk arbeid, som til dømes familieterapeut. Studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar kvalifiserer for ulike typar relasjons- og kommunikasjonsarbeid, som rådgjeving, rettleiing, gruppeleiararbeid, pårørandearbeid, konflikthandtering og samarbeid på ulike nivå.

Studiet byggjer vidare på og utdjupar viktig teori og praksiskunnskap frå grunnutdanningar innan helse-, sosial- og pedagogiske fag på bachelor-nivå. Det overordna målet er å vidareutvikle studentane si evne til å forstå utfordringar i samspel mellom menneske, både i familiar og i andre sosiale system, og gi kunnskap om og ferdigheiter i ulike tilnærmingar. Masterstudiet har teoretisk tyngdepunkt i teoriar om relasjonar og kommunikasjon.

Studiet fokuserer på utfordringar i relasjonar og samhandling mellom menneske og har som mål å utruste yrkesutøvarane til å hjelpe klientar med å løyse problem. Studentane lærer ulike sentrale tilnærmingar til samtale og relasjonsarbeid. Dei lærer om individuelle samtalar, parterapi og tiltak for å styrke samlivet, rettleiing av foreldre, nettverksarbeid, relasjonsarbeid i organisasjonar og konflikthandtering.

Studiet gir ferdigheiter og kunnskap til å handtere menneske i ulike livskriser, som samlivsbrot og nye familiekonstellasjonar, sorg og sorgarbeid frå eit famileperspektiv, problematikk knytt til overgrep og vald i nære relasjonar. Studentane lærer om mobilisering av familie- og vennekretsen ved kriser og katastrofar, og får kompetanse i behandlingsmetodar med familieperspektiv når barn eller ungdom vert sjuke.

Utdanninga introduserer også det teoretiske og metodiske grunnlaget for fagfolk som ønsker å kvalifisere seg og spesialisere seg innan konsultasjonsarbeid knytt til andre sosiale system med samarbeids- og samhandlingsutfordringar, til dømes på arbeidsplassar og skular.

Opptakskrav (master og vidareutdanning, enkeltemne)
Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologi eller pedagogikk.
Minst 2 års relevant yrkeserfaring etter fullført utdanning.
Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

Moglegheit for opptak på grunnlag av realkompetanse.

Tilleggskrav for søkjarar til påbyggingsmaster
Minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning.
Relevante vidareutdanningar:

For studieretning familieterapi og nettverksarbeid:
Minst 60 studiepoeng vidareutdanning i familieterapi og relasjonelt arbeid, systemisk familieterapi og nettverksarbeid eller familieterapi og systemisk praksis.

For studieretning relasjonelt arbeid i organisasjonar kan kravet også dekkjast med annan relevant vidareutdanning, til dømes ulike relasjonelle, helse- og sosialfaglege, psykologiske eller pedagogiske vidareutdanningar eller universitetsfag.

Sjå liste over godkjende vidareutdanningar som vert tilbode ved HVL på utdanninga sine nettsider på hvl.no.

Praksisplass
Søkjar har ansvar for å skaffe praksisplass. Praksisen må oppfylle krava til innhald i den valde studieretninga. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved eit anna eigna stad. Det er studentane si eiga oppgåve å sikre at dei oppfyller dette kravet, som er ein viktig del av utdanninga.

For studieretning familieterapi og nettverksarbeid:
Søkjaren må kunne gjennomføre terapeutisk praksis i studietida. Du må gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper i samanhengar som familiekontor, tenester for foreldrerettleiing, behandlingsstader, privat familie- og parterapipraksis eller liknande.

Timar (terapeutisk) praksis det er krav om:
Master (120sp): 320 t
Master, påbygg (60sp): 160 t
Vidareutdanning (60sp): 160 t
Frittståande emne (7,5-15sp): Ikke krav om praksisplass

For studieretning relasjonelt arbeid i organisasjonar:
Søkjar må kunne gjennomføre praksis i løpet av dei fire første semesterane innan til dømes rådgjeving og rettleiing, gruppeleiing, teamarbeid, nettverksarbeid, pedagogisk arbeid, leiing og kompetanseutvikling. Det kan og vere ulike former for krisehandtering, støttesamtalar, tilrettelegging, bistand- og pårørandearbeid.

Timar relasjonell praksis det er krav om:
Master (120sp): 160 t
Master, påbygg (60sp): ikkje krav om praksisplass
Vidareutdanning (60sp): 160t
Frittståande emne (7,5-15sp): Ikke krav om praksisplass

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten ...

  • har profesjonell og sjølvrefleksiv kunnskap innan fagområdet arbeid med par, familiar og nettverk samt relasjonelt arbeid i organisasjonar
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, eigeart og plass i samfunnet
  • har inngåande kunnskap innanfor fagområdets vitskaplege teori og metodar
  • har inngåande kunnskap om kommunikasjons- og samhandlingsprosessar og kunnskapsbasert relasjonelt arbeid med par, familiar og nettverk samt organisasjonar
  • har inngåande kunnskap i vitskapsteori, forskingsmetodar og forskingsprosessar generelt og relatert til feltet arbeid med par, familiar og nettverk spesielt

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar innan fagområdet og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan analysere og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nyttiggjere seg desse for å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan bruke relevante metodar for forsking og/eller kunstnarisk utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
  • kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter på relevante område
  • har innsikt i og kan formidle eigen sjølvrefleksivitet
  • kan hente relevant kunnskap om par, familiar og nettverk, og kritisk vurdere kjeldene
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsprosjekt i tråd med grunnleggande etiske og metodologiske prinsipp for å finne svar på aktuelle problemstillingar i praksis

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskningsetiske problemstillingar
  • kan formidle sjølvstendig arbeid og meistrar fagområdets uttrykksformer
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til allmennheita
  • kan bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar
  • kan formidle aktuell forsking, kritisk vurdere kjeldene og bidra til gjennomføring og bruk av forsking i praktisk verksemd
  • kan reflektere kritisk over eigen profesjonell kompetanse og utvikling og nytte eige fags særlege bidrag i relasjonelt arbeid
  • kan identifisere politiske føringsliner og rammeverk for fagområdet og kan analysere og formidle korleis desse påverkar praksis i fagfeltet

Innhald

Studiet går over fire år og er organisert i obligatoriske og valfrie emne med til saman 13-16 samlingar. master, påbygg går over to år. Kvar samling varer frå to til fem dagar. Eitt av emna er nettbasert. Emne frå og med tredje studieår blir gjennomførde fleksibelt, og enkelttema kan takast i eigen takt. Ekstern klinisk rettleiing som krevst i samband med studiet skal gjennomførast parallelt med studiet. Einkelttema i studieprogrammet er opne for opptak for fagpersonar som ynskjer fagleg oppdatering. Eitt valfritt emne blir berre arrangert dersom det er tilstrekkeleg påmelde masterstudentar.

I tredje semester blir det tilbydd det internasjonale emnet, MARV531 Kulturelle kompetansar i relasjonelt arbeid med par, familiar og nettverk. (Cultural competences in relational work with couples, families and networks.)

Arbeidsformer

Undervisninga er lagt opp med varierte og studentaktive undervisnings- og læringsformer. Det faglege stoffet vert formidla gjennom førelesingar og sjølvstudium, med belysning og bearbeiding av dei oppsette emna, analysar av praktiske demonstrasjonar, videoopptak med meir. Vidare gjennom praktiske øvingar og demonstrasjonar som rollespel og gruppearbeid. Undervisninga er lagt opp slik at den innhaldsmessig beveger seg frå overordna idear og teori til metodar, praksis og refleksjon over eigen rolle som profesjonell utøvar. Studiet har både obligatorisk og sjølvvalt litteratur.

Studenten vel litteratur knytt til eigen fordjuping og masteroppgåve. Studenten må sjølv ta ansvar for å velje litteratur som er relevant. Gjennom undervisninga vil studentane bli presentert for det som vert ansett som overordna idear og praksis knytt til litteraturen i emnet. Ein del tema vil vere gjennomgåande og bli arbeidd med på dei fleste samlingane.

I tillegg må studenten ha bestått emna MARA540 Forsking og forskingsformidling og MAMET500, Vitenskapsteori, etikk og metode.

Vitskapsteoretiske spørsmål og faglege føresetnader vil bli berørt på mange ulike måtar under presentasjon av andre tema.

Ekstern klinisk rettleiing og praksis er ein prosess der studenten skal tileigne seg forståing og djupare kunnskap og kompetanse knytt til studentane sin eigen praksis som profesjonsutøvar.

Praksis inneber at:

Studentane arbeider mellom studievekene og gjennomfører praksis i den omfanget som er presisert i studieretning eller emne. Praksisen kan gjennomførast på studenten si eiga arbeidsplass eller som hospitering på andre relevante stader. Studentane øver seg ved å trekke inn idear og metodar frå litteraturen og kursvekene.

Ekstern klinisk rettleiing som krevst i samanheng med studiet skal gjennomførast parallelt med studiet. Viktige delmål vil vere at studenten har utvikla kompetanse gjennom:

Integrering av teori, metode og praktiske ferdigheiter

Vidareutvikling av personleg stil og profesjonell posisjon

Utvikling av sjølvrefleksjon

Utvikling av kompetanse i refleksjon

Systematiske analysar av presenterte kasus

Øving på samtaleprosessar

I studieretning familieterapi og nettverksarbeid skal studentane gjennomføre til saman 320 timar rettleiing. Rettleiing er ei gjennomgåande obligatorisk læringsaktivitet i heile studieløpet og blir beskrive i dei aktuelle emna. Rettleiinga blir gjennomført mellom og på samlingane. 220 timar av rettleiinga blir teke mellom samlingane i rettleiingsgrupper som studentane sjølve organiserer. Rettleiarane må godkjennast av studieprogramansvarleg og studenten betalar for denne rettleiinga. 100 timar av rettleiinga skjer i grupper på samlingane og er inkludert i studieavgifta.

I studieretning relasjonelt arbeid i organisasjonar skal studentane gjennomføre til saman 180 timar rettleiing. Rettleiing er ei gjennomgåande obligatorisk læringsaktivitet i heile studieløpet og blir beskrive i dei aktuelle emna. Rettleiinga blir gjennomført mellom og på samlingane. 120 timar av rettleiinga blir teke mellom samlingane i rettleiingsgrupper som studentane sjølve organiserer. Rettleiarane må godkjennast av studieprogramansvarleg og studenten betalar for denne rettleiinga. 60 timar av rettleiinga skjer i grupper på samlingane og er inkludert i studieavgifta.

Rettleiing består av prosess- og direkte rettleiing. Prosessrettleiing skjer i grupper og inneber at det blir gitt rettleiing på materiale studentane bringer med seg i form av forteljingar frå praksis. Direkte rettleiing skjer individuelt eller i grupper og inneber at det blir gitt rettleiing på studenten si eiga praksis ved at rettleiar er til stades som medterapeut, i rommet eller bak ein spegel og observerer praksis. Rettleiar kan også sjå praksis på film/dvd.

Vurderingsformer

Studiet har varierte vurderingsformer. Desse blir gjengitte under beskrivinga av kvart emne. Vurderinga følgjer Høgskolens forskrift om studier og eksamen ved HVL.

Følgjande vurderingsformer blir nytta i studiet:

  • Heimeeksamen, som er avgrensa i tid med ein gitt problemstilling/felles oppgåvesett.
  • Oppgåver, som går over lengre tid med innleveringstidspunkt som fordjupingsoppgåve, refleksjonsnotat og kronikk.
  • Munnleg eksamen
  • Masteroppgåve

Vurderingsuttrykket er enten grada karakterar A-E for bestått og F for ikkje bestått, eller bestått/ikkje bestått.

Krav til studieprogresjon

Før oppstart på masteroppgåva skal studenten ha bestått følgjande:

A. Bestått 1. og 2. år i master i relasjonelt arbeid eller

B. Bestått vidareutdanning i Systemisk familieterapi og nettverksarbeid (60 sp) eller

C. Bestått annan relevant helse- og sosialfagleg eller pedagogisk vidareutdanning (60 s)

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for utveksling i 3.semester.