Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske eller pedagogiske fag.
- Minst 2 års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning.
Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.
Det er mogleg å kvalifisere for opptak på grunnlag av realkompetanse.
Søkjar har ansvar for å sørge for praksisplass, sjå meir informasjon i studieplan.
Søknadskode
3058 Master i familieterapi: Familieterapi og nettverksarbeid
3059 Master i familieterapi: Relasjonelt arbeid i organisasjonar
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere familieterapi og relasjonelt arbeid?
Gjennom studiet får du kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.
Du kan studere Familieterapi og relasjonelt arbeid ved campus Bergen.
Kva lærer du?
- samtaletilnærmingar og relasjonelle arbeidsmåtar
- individuelle samtaler, parterapi og samlivsstyrkende tiltak
- foreldrerettleiing og nettverksarbeid
- relasjonelt arbeid i organisasjoner og konflikthåndtering
Fleksibelt studietilbod
Du vel mellom to studieretningar:
- Familieterapi og nettverksarbeid, og
- Relasjonelt arbeid i organisasjonar
Undervisningsform
Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i løpet av studieåret.
Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har mellom anna førelesingar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper.
Mellom samlingane deltek du i grupperettleiing med ekstern rettleiar og læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. For studieretninga familieterapi og nettverksarbeid er kravet 220 timar ekstern grupperettleiing og for studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar er kravet 120 timar. I tillegg kjem sjølvstendig arbeid med masteroppgåva di. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattforma Canvas.
Fleksibelt studieløp
1. semester
Alle tek same modul på 15 studiepoeng
2. semester
Alle tek same modul på 15 studiepoeng
3. semester
Du vel studieretning (7,5 studiepoeng) og eit valfritt emne (7,5 studiepoeng)
Studieretning Familieterapi og nettverksarbeid:
Studieretning Relasjonelt arbeid i organisasjoner:
Valfrie emne:
4. semester
Du tek eit emne på 15 studiepoeng frå studieretninga du har valt.
5. semester
Alle tek eit obligatorisk emne på 15 studiepoeng.
6. semester
Du tek eit obligatorisk emne på 7,5 studiepoeng og eit valfritt emne på 7,5 studiepoeng.
Valfrie emne:
7. semester
Du tek eit obligatorisk emne på 7,5 studiepoeng
6.-8 semester
Samlingsdatoar
Første år
Haust 2024
Uke 37 (9.9. – 12.9.)
Uke 45 (4.11. – 8.11.)
Vår 2025
Uke 8 (17.2. – 21.2.)
Uke19 (5.5. – 9.5.)
Viktig informasjon om praksis
Du kan ha praksis ved eigen arbeidsplass eller hospiteringspraksis ved anna eigna stad.
Viss du vel studieretninga familieterapi og nettverksarbeid må du:
- gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
- oppfylle kravet om 320 timar terapeutisk praksis i løpet av studiet og før innlevering av masteroppgåva.
Om du vel studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar må du:
- gjennomføre praksis til dømes innan rådgjeving og rettleiing, gruppeleiing, teamarbeid, nettverksarbeid, pedagogisk arbeid, leiing og kompetanseutvikling. Det kan også vere ulike formar for krisehandtering, støttesamtalar, tilrettelegging, bistand- og pårørandearbeid.
Studieavgift og betaling
Studiet har studieavgift på 17.000 kroner pr. semester, i tillegg til semesteravgift.
I studieavgiften inngår:
- Undervisning på samlingar
- Tilgang til elektroniske læremiddel på internett
- Tilbakemelding og oppfølging av oppgåver og øvingar til den enkelte student
- Sensur av eksamen og karakterutskrift
I tillegg kjem kostnadar til ei intensivsamling på Geilo, ca kr. 1400,- pr. døgn inkl. fullpensjon. Forventa timepris pr. person for ekstern grupperettleiing er ca. kr. 150–200.
Kva kan du jobbe med?
Tar du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut.
Tar du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid.
Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.
Med fullført mastergrad blir du også kvalifisert for å søke opptak til ph.d.-program.
Vil du ta påbygg til master?
Har du allereie tatt vidareutdanning i familieterapi eller ei anna relevant relasjonell vidareutdanning, kan du søke direkte til 3. studieår. Her kan du lese om påbygg til masterprogrammet.