Studieplan - Engelsk 2, 5.-10. trinn
Hausten 2023
Studietilbodet Engelsk 2, 5-10 (30 studiepoeng) gjev vidareutdanning i engelsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg i hovudsak mot undervisning på mellom- og ungdomstrinnet for dei som har 30 studiepoeng i engelsk frå tidlegare.
Innhald
- Større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet.
- Studiet omfattar òg vidareutvikling av språkferdigheit og tekstkompetanse, og det gjer ei innføring i eit rikt og variert utval tekstar, både til vidare personleg og fagleg vekst og til bruk i undervising på mellom- og ungdomstrinnet.
- Djupare kunnskapar om grammatisk og fonologisk struktur i det engelske språket.
- Studiet fokuserer på kva som kjenneteiknar elevar på dei ulike trinna og deira språkutvikling.
- Kommunikasjon, språkleg og kulturelt mangfald, vurdering og utvikling av digitale ferdigheiter i engelskfaget.
Arbeidsformer
Studiet er nettbasert og har undervisning ein gong i veka. All undervisning er på engelsk.
Nettundervisninga består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter.
Vurderingsformer
- Emne 1: Heimeeksamen, 2 veker og heimeeksamen, 3 timar
- Emne 2: Semesteroppgåve og munnleg eksamen
Internasjonalisering
I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk.