Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.
Du må ha minst 30 studiepoeng i engelsk frå tidlegare.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til, kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.
Kvifor studere Engelsk?
Med denne videreutdanningen i engelsk, får du større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet. Du får også videreutviklet dine egne språkferdigheter og tekstkompetanse. Studiet Engelsk 2 bygger på Engelsk 1.
Kva lærer du?
- Du får større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet.
- Studiet omfattar òg vidareutvikling av språkferdigheit og tekstkompetanse, og gjev deg ei innføring i eit rikt og variert utval tekstar, både til vidare personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet.
- Du får djupare kunnskapar om grammatisk og fonologisk struktur i det engelske språket.
- Studiet fokuserer på kva som kjenneteiknar elevar på dei ulike trinna og deira språkutvikling.
- Du lærer òg om temaa kommunikasjon, språkleg og kulturelt mangfald, vurdering og utvikling av digitale ferdigheiter i engelskfaget.
Målgruppe
Lærarar som underviser i engelsk og som ønsker personleg og fagleg vekst til bruk i undervisning.
Undervisningsform
Studiet er nettbasert og har undervisning ein gong i veka, torsdagar 13.30-15.30. All undervisning er på engelsk.
Nettundervisninga består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Undervisninga kan vere både synkron og asynkron.
Me nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom til kommunikasjon med studentane.Du vil få tilgang til Canvas med meir informasjon før studiestart.
Praktisk erfaring frå yrket ditt vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på, oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
I studiet inngår tilbod om ei vekes tur til Det norske studiesenteret i York. Turen er ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk. Du må sjølv dekkje reiseutgifter, opphald og kursavgift. Dersom du ikkje kan delta, får du tilbod om eit alternativt opplegg. Sjå: https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/
Du finn meir informasjon om innhaldet i studiet i emneplanane:
Nettøkter
Nettundervisning på torsdagar kl. 13.30–15.30.
Orienteringsmøte torsdag 15. august kl. 13.30.
Undervisningsstart 22. august.
Tilrådd forkunnskap
Du må vere tilsett i ei lærarstilling. Studiet Engelsk 2 bygger på Engelsk 1. Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng, som byggjer på kvarandre. Emne 1 vert undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.
Pensum
Pensumlista for haustsemesteret vert publisert på hvl.no 1. juli.
Eksamensform
- Emne 1: Heimeeksamen, to deler 1 veke for kvar del
- Emne 2: Munnleg eksamen, 30 min