Hopp til innhald

Studieplan - Engelsk 1, 5.-10. trinn

Hausten 2023

Få innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse står sentralt.

Innhald

Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Arbeidsformer

Studiet er nettbasert og består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Undervisinga er på engelsk. 

Vurderingsformer

  • Emne 1: Munnleg eksamen
  • Emne 2: Semesteroppgåve og digital kunnskapsprøve

Internasjonalisering

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk.