MS1-340 Demens og psykiske lidingar blant eldre
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er bygt opp om tema som samla femner dei utfordringar fagfeltet står ovanfor; førebygge, diagnostisere og behandle demens og psykiske lidingar som opptrer i høg alder. For å kunne yte tenester til desse pasientgruppene må ein ha spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi. Det vert sett fokus på juridiske og etiske utfordringar. Samarbeid mellom pårørande og hjelpeapparatet står sentralt. Emnet set søkelys på organisering av alderspsykiatriske tilbod i første- og andrelinjeteneste.
Emnet inngår også som valemne i Master i avansert klinisk allmennsjukepleie samt Samhandling og folkehelse.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten har...
- inngåande kunnskap om demens og alderspsykiatriske sjukdommar , deira uttrykksformer og følgjetilstandar.
- omfattande kunnskap om ulike miljø- og kommunikasjonstiltak for eldre med demens og alderspsykiatrisk sjukdom, herunder kommunikasjonsutfordringar.
- avansert kunnskap i medikamentell behandling til eldre med demens og alderspsykiatrisk sjukdom.
- inngående kunnskap om mestringsstrategiar hos pasientgruppa og deira pårørende.
- inngåande kunnskap om politiske føringar, samhandling og organisering av tenestene til personer med demens og deira pårørande.
Ferdigheiter:
Studenten kan...
- søkje og kritisk vurdere kunnskap om personar med demens og alderspsykiatrisk sjukdom.
- kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere aktuelle tverrfaglege tiltak på ein sjølvstendig måte i samarbeid med pasient og pårørande.
Generell kompetanse:
Studenten kan...
- formidle, kommunisere og anvende sin kunnskap innan fagområdet demens og psykiske lidingar hos eldre.
- bidra til nytenking og innovasjon i fagområdet.
- identifisere og analysere faglege og etiske utfordringar knytt til klinisk praksis og organisasjonsmessige utfordringar på fagfeltet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, simulering, sjølvstudium og gruppearbeid. På fellessamlingane vert det lagt opp til at studentane har korte framlegg for kvarandre med utgangspunkt i eigen praksis og arbeidskrav.
Undervisning for studentar med opptak i Haugesund vil primært vere på Campus i Haugesund.
Undervisning for studentar med opptak i Førde vil primært vere på Campus i Førde.
Utvalde førelesingar kan bli videooverført.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studentane kan fremstille seg til eksamen.
- Innlevering individuell- eller gruppeoppgåve (maks 2500 ord) med obligatorisk munnleg framlegg, medstudentrespons og tilbakemelding frå lærar.
- 80 % nærvær i studentaktiv og erfaringsbasert undervisning
Vurderingsform
Oppgåve
Individuell eller gruppe heimeoppgåve med eit omfang på inntil 3000 ord.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakterar og F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel