Hopp til innhald

TPHR502 Forebygging, behandling og omsorg

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar førebyggande, behandlande og rehabiliterande arbeid innafor kommunale helse-, sosial- og velferdstenester, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Med bakgrunn i forskings-, praksis- og erfaringsbasert kunnskap tileignar studenten seg kunnskap om prosessar, metodar og arbeidsmåtar på individ-, system-, gruppe- og samfunnsnivå for å førebygge, kartlegge, behandle og (re-) habilitere i ulike livsfasar, og for å fremme gode kvardagsliv og sosial deltaking på ulike livsarenaer. Emnet set søkelys på korleis ulike hjelpetiltak kan bidra til å understøtte betringsprosessar, og føre til betre helse, livskvalitet, og auke livslengda hos menneske med rusmiddelvanskar og psykiske lidingar.

Sentrale tema som blir omhandla i emnet er relevant lovverk, retningslinjer politiske føringar, organisering av tenestar, ulike arbeidsformer og tiltak. Studenten tileignar seg med dette kunnskap om krav til fagleg kvalitet og til at tenestene er forsvarlege og likeverdige.

Emnet klårgjer samanhengar mellom politiske føringar, institusjonelle rammer, dominerande faglege forståingar og konkret utforming av praksis.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har avansert kunnskap om fellesfaktorar i terapeutiske betringsprosessar.
  • har avansert kunnskap om kunnskapsbaserte arbeidsmåtar på individ-, system-, gruppe- og samfunnsnivå for å førebygge, kartlegge og redusere problemutvikling, og for å fremme betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking.
  • har avansert kunnskap om krav til fagleg kvalitet og forsvarleg kartlegging, behandling og oppfølging.
  • har avansert kunnskap om korleis førebygge for tidleg død blant menneske med psykiske helseproblem og/eller rusmiddelproblem.
  • har inngåande kunnskap om behov, rettar og hjelpetilbod til pårørande og etterlatne, med særskilt fokus på barn.
  • har inngåande kunnskap om medikament i betringsprosessar, både knytt til behov, fordeler, ulemper og dilemma, i tillegg til medikamentfrie tilbod.
  • har inngåande kunnskap om relevant lovverk, politiske føringar, nasjonale faglege retningsliner, organisering av teneste og tenesteutvikling, og administrative verkemiddel som legg premiss for psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
  • har inngåande kunnskap om betydninga av sjølvhjelp, likepersonsarbeid og friviljug arbeid.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan nytte kunnskap om kunnskapsbaserte arbeidsmåtar på individ-, system-, gruppe- og samfunnsnivå til å førebygge, kartlegge og behandle, og for å fremme betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking.
  • kan nytte kunnskap om fellesfaktorar og grunnleggande kommunikasjon som er naudsynt for god behandling og omsorg.
  • kan bidra til heilskapleg og aktiv oppfølging til pårørande og etterlatne.
  • kan nytte kunnskap om fordeler, ulemper og dilemma rundt medikamentell behandling og om medikamentfrie tilbod i både psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
  • kan identifisere og analysere juridiske problemstillingar knytt til arbeid med psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsproblem, og nytte rettskjelder for å sikre rettar og likeverdige tenester
  • kan analysere og reflektere kritisk over hjelpeapparatet sin rolle og organisering
  • kan fremme sjølvhjelp, likepersonsarbeid og friviljug arbeid

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan analysere og reflektere kritisk over ulike arbeidsmåtar og nytte relevante arbeidsmåtar til å planlegge, gjennomføre og leie psykisk helse-, rus,- og avhengigheitsarbeid
  • kan bruke kunnskap og ferdigheiter til å utøve godt fagleg skjønn i møte med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem og deira familie og nettverk
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar i psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
  • kan nytte kunnskap og ferdigheiter knytt til lovverk og organisering for å sikre likeverdige helse- og velferdstenester for alle menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, og deira pårørand

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet kombinerer felles digital undervisning med samlingar på den respektive campus. På samlingane er det lagt opp til studentaktivt arbeid. Her blir det nytta varierte undervisnings- og læringsformer med førelesingar, oppgåveskriving, rettleiing i refleksjonsgrupper, seminar med framlegg og diskusjonar.

Det blir forventa at studentane samarbeider og driv sjølvstudium mellom samlingane.

Normal arbeidsinnsats for dette emnet på deltid er 20 timer per veke i gjennomsnitt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Til stades 80% i refleksjonsgrupper og innlevering av individuelle refleksjonsnotat.
  2. Til stades 80% på obligatorisk studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning. Obligatorisk undervisning omfattar ulike studentaktive læringsformer som ferdigheitstrening, gruppearbeid, seminar og liknande og erfaringsbasert undervisning.
  3. Framlegg på seminar i gruppe

Vurderingsform

Munnleg individuell eksamen (inkl. bruk av Power-Point presentasjon med eit omfang på 10-12 slides)

Varigheit

20 min. presentasjon, om lag 10 min til oppfølgingsspørsmål.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd karakterar og F er ikkje greidd.

Ny eksamen

Går føre seg som ordinær eksamen, dersom den blir satt opp på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt. For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel