TPHR501 Perspektiv på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I dette emnet blir studenten introdusert for ulike teoretiske perspektiv på korleis psykisk helse, psykiske problem, rusmiddelbruk og avhengigheit kan forståast.
Rusmiddelbruk, rusmiddelproblem og psykiske problem vert undersøkt som sosiale, kulturelle og kroppslege fenomen. Det blir problematisert og utforska korleis ulike tilnærmingar står i høve til kvarandre. Vidare blir det presentert ulike perspektiv på individ-, gruppe- og samfunnsnivå som verker inn på rusmiddelbruk og på psykisk helse.
Psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit vert også diskutert utifrå menneske sine eigne erfaringar og forståingar. Fokus er også på kva som kan bidra til å fremme og hemme betringsprosessar.
Ulike forståingar av psykiske problem og rusproblematikk kan bygge på ulike syn på røyndom, vitskap og menneske. Emnet legg grunnlaget for at studentane kan identifisere ulike grunnhaldningar, inkludert utfordre eigne haldningar. Emnet omhandlar spørsmål som:
- Korleis forstå psykisk liding?
- Kva er avhengigheit?
- Korleis forstå tilbakefall?
- Korleis påverkar teoretiske forståingar måten menneske med psykiske vanskar og avhengigheit vert møtt og behandla?
Studentane tileignar seg kunnskap om sentrale perspektiv i forsking og i praktisk arbeid med psykiske og rusrelaterte vanskar. Dei teoretiske spenningane som finst i feltet blir tematisert særskilt.
Emnet omfattar også ei innføring i vanlege klassifikasjonar og omgrepsformar innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
Det vert òg gitt ei innføring i forskningsmetode og sentrale prinsipp for kunnskapsbasert praksis, akademisk skriving og litteratursøk.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har avansert kunnskap om korleis psykisk helse, psykiske problem, rusmiddelbruk og avhengigheit kan forståast frå ulike perspektiv
- har inngåande kunnskap om betydninga av menneske sine eigne erfaringar og forståingar knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit
- har inngåande kunnskap frå ulike perspektiv om forhold på individ-, gruppe- og samfunnsnivå som kan hemme og fremme betringsprosessar, gode kvardagsliv og sosial deltaking, til dømes i skole og arbeidsliv
- har inngåande kunnskap om metodar for å identifisere og kritisk vurdere kunnskapskjelder som er relevante for psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
Ferdigheiter: Studenten...
- kan analysere og forhalde seg kritisk til ulike perspektiv på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit og problem knytt til desse områda
- kan arbeide på individ, gruppe og samfunnsnivå for å fremme betringsprosessar, gode kvardagsliv og sosial deltaking, i til dømes skole og arbeidsliv, for dei det gjeld, deira familie og nettverk
- kan analysere og anvende ulike perspektiv i kritisk refleksjon over eigen praksis og eigne haldningar til psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid
Generell kompetanse: Studenten...
- kan nytte kunnskap og ferdigheiter om ulike perspektiv på psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver
- kan kommunisere om ulike perspektiv og forståingar knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og avhengigheit
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet kombinerer felles digital undervisning med samlingar på den respektive campus.
På samlingane er det lagt opp til studentaktivt arbeid. Her blir det nytta varierte undervisnings- og læringsformer med førelesingar, gruppearbeid, oppgåveskriving, rettleiing i refleksjonsgrupper, seminar med framlegg og diskusjonar.
Det blir forventa at studentane samarbeider og driv sjølvstudium mellom samlingane.
Normal arbeidsinnsats for dette emnet på deltid er 20 timer per veke i gjennomsnitt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Til stades 80% på obligatorisk studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning. Obligatorisk undervisning omfattar ulike studentaktive læringsformer som ferdigheitstrening, gruppearbeid, seminar og liknande og erfaringsbasert undervisning.
- Individuelt framlegg på seminar i grupper
- Gruppearbeid med fremlegg i plenum
Vurderingsform
Eksamensform:
Individuell heimeeksamen på 3000 +/- 10% ord
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd karakterar og F er ikkje greidd.
Ny eksamen
Går føre seg som ordinær eksamen, dersom den blir satt opp på nytt.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillat.
For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddel