Hopp til innhald

MIDR550 Masteroppgåve i idrettsvitskap

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I emnet får studenten innsikt og erfaring i å planlegge, gjennomføre og rapportere eit sjølvstendig vitskapeleg prosjekt. Arbeidsform er hovudsakleg individuelt arbeid under vegleiing av ein eller fleire fagpersonar med relevant fagbakgrunn. Det blir arrangert tre dagsseminar i emnet med innhald tilpassa normal framdrift. Masteroppgåva er ei individuell oppgåve og skal leverast som ein vitskapleg monografi eller artikkel med utvida teori. Masteroppgåva skal samsvare med fakultets retningslinjer for masteroppgåver eller vegleiande retningslinjer for artikkelbasert masteroppgåve.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om å planlegge, legge til rette for og gjennomføre eit forskingsprosjekt
  • har inngåande kunnskap om forskingsmetoden(ane) nytta i masterprosjektet
  • har avansert kunnskap om eit avgrensa idrettsvitskapleg fagområde

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke relevante forskingsmetodar til innsamling og analyse av data
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under vegleiing i samsvar med gjeldande nasjonale og internasjonale forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke sine kunnskapar innan idrettsvitskap på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og forskingsprosjekt
  • kan bidra til nytenking, innovasjonsprosessar og utvikling av ny kunnskap i idrettsvitskap
  • kan analysere og forholda seg kritisk til nasjonalt og internasjonalt vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder, og bruke desse til å utforme faglege resonnement

Krav til forkunnskapar

For å få levere masteroppgåva, må alle emna i fyrste og andre semester vera bestått.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet skal studenten sjølvstendig og i samarbeid med vegleiarane planlegge, gjennomføre og rapportere frå masterprosjektet sitt i samsvar med retningslinjene for masteroppgåve ved fakultetet. Studenten får oppnemnt to eller tre vegleiarar. Det blir arrangert tre dagsseminar i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Der er ingen obligatoriske læringsaktiviteter knytt til emnet.

Vurderingsform

Skriftleg individuell masteroppgåve med justerande munnleg eksamen. Ved særskilte tilfelle, kan to studentar søke om samskriving av masteroppgåve, med individuell munnleg justering.

Sjå eigne retningslinjer for masteroppgåver ved FLKI.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved karakter A-E på den skriftlege oppgåva, skal studenten gjennomføre justerande munnleg eksamen som har to delar:

  • Ein open presentasjon av masteroppgåva på 10-12 minutt
  • Ein påfølgjande lukka munnleg eksaminasjon med utgangspunkt i oppgåva

Samla tid for den munnlege delen skal vera omlag 60 minutt. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på bestått resultat, som er sett på oppgåva på førehand, opp eller ned med maksimalt ein karakter. Studenten skal etter justerande munnleg eksamen få ei munnleg grunngjeving for karakteren.

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel