MIDR400 Vitskapsteori og forskingsmetode
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet gir eit grunnlag for å forstå et utval vitskapsteoretiske perspektiv, og deira relevans for idrettsforsking generelt og for forskingsmetodiske tilnærmingar spesielt. Studentane skal arbeide med å tileigne seg, samt kritisk vurdere styrkar og veikskapar av ulike kvalitative og kvantitative forskingsdesign og forskingstradisjonar. Studentane skal kunne utvikle og vurdere kva forskingsdesign som kan nyttast for å undersøkje ulike problemstillingar samt kritisk drøfte og reflektere for forskingsetiske og moralske problemstillingar nasjonalt og internasjonalt.
Følgjande tema vil bli vektlagt:
- Vitskapsteori og forskingsetikk
- Forskingsdesign
- Kvalitative forskingsmetodar
- Kvantitative forskingsmetodar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om utvalgte vitskapsteoretiske posisjonar, og deira relevans for idrettsforsking generelt og for eige forskingsinteresse spesielt
- har kunnskap om etiske og moralske retningslinjer nasjonalt og internasjonalt
- har kunnskap om styrkar, moglegheiter og veikskapar ved ulike kvalitative og kvantitative forskingsdesign og metodar
- har inngåande kunnskap om utvalde sentrale omgrep knytt til idrettsvitskaplege forskingsdesign og metodar
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere ei problemstilling og velgje forskingsdesign for å undersøkje problemstillinga
- kan analysere og reflektere over vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske utfordringar i idrettsforsking generelt og i eige fagområde spesielt
- kan reflektere og drøfte etiske og moralske dilemma i forskinga
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, designe, og kritisk vurdere kvalitative og kvantitative forskingsarbeid
- kan kommunisere om eiga forskingsfelt- og tradisjonar både til ekspertar og allmenta
- kan reflektere om etiske og moralske prosesser i forsking, inkludert rolla til forskaren i forskingsprosessen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i emnet vekslar mellom førelesingar, seminerer og dialogisk undervisning. Videre leggast det vekt på studentaktivitet i form av eige arbeid med oppgåver, studentpresentasjonar, arbeid i grupper og plenumsdiskusjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen del 1:
Vitskapsteori og forskingsetikk:
- Ein munnleg gruppepresentasjon av vitskapsteoretiske omgrep og posisjonar
- Eit individuelt skriftleg arbeid om vitskapsteoretiske utfordringar som er knytt til ei idrettsfagleg problemstilling og oppbygnaden av eit idrettsvitskapleg prosjekt
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen del 2:
Kvalitativ forskingsmetode:
- En munnleg presentasjon i gruppe om planlegging, gjennomføring og analyse av et forskingsmateriale frå intervju, observasjon, tekster/dokumenter
- Et individuelt notat om egen forforståing og forskarrolle
Kvantitativ forskingsmetode:
- To munnlege presentasjonar i gruppe knytt til: 1. observasjonelle forskingsdesign, 2. eksperimentelle forskingsdesign.
Vurderingsform
Sluttvurderinga er todelt, der begge deleksamenane må vera bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Del 1: Vitskapsteori og forskingsetikk. Individuell skriftleg oppgåve. Vekting: 33%
Del 2: Kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode. Individuell skriftleg skuleeksamen, fem timar. Vekting: 67%.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1: Alle hjelpemiddel er tillate
Del 2: Ingen hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddel