BACHA401 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Bacheloroppgåva er eit forskingsretta arbeid der kandidatane skal formulere og svare på ei problemstilling. Oppgåva skal knytast opp mot studentane si fordjuping, eller eit av kunnskapsområda i utdanninga. Oppgåva skal reflektere faglege, fagdidaktiske og/eller pedagogiske kunnskapar knytt til profesjonen og forskningsetiske vurderingar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
· har grunnleggjande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk
· har utvida kunnskap om sentrale barnehagefaglege problemstillingar og forsking knytt til tema for oppgåva.
Ferdigheiter
Studenten
· kan analysere og drøfte ei barnehagefagleg problemstilling
· kan gjere etiske vurderingar og grunngje vitskapsteoretisk ståstad og bruke metodisk kunnskap i utforminga av bacheloroppgåva
· kan analysera og formidla vitskapleg fagstoff, munnleg og skriftleg
Generell kompetanse
Studenten
· har grunnleggjande ferdigheiter i akademisk skriving, og om aktuelt framstille eit praktisk-estetisk arbeid
· kan vise til innsikt og kritisk refleksjon i profesjonsrelevante spørsmål
· kan bruke forskingsbasert kunnskap til å vidareutvikle barnehagefagleg kompetanse
- meistrar norsk språk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innafor utdanninga sine ulike fagområder og dele sin kunnskap og erfaringar med andre
Krav til forkunnskapar
Godkjent praksis i tredje studieår.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeid med bacheloroppgåva er forskingsførebuande.
Studentane må forvente 400 arbeidstimar til læringsaktivitetar, undervisning og arbeid med oppgåva. Sjølvstendig arbeid med oppgåva blir vektlagt i heile prosessen. Undervisninga vil
bestå av førelesningar om vitskapsteori og forskingsmetode, seminar, og rettleiing knytt til arbeid med bacheloroppgåva.
Rettleiing
Rettleiing vert gitt på grunnlag av innsendt skriftleg materiale. Studentane skal møte førebudd. Studentar som ikkje har sendt inn materiale til avtalt tid eller som ikkje er førebudd, kan avvisast. Rettleiar skal godkjenne problemstilling, metode og prosjektplan.
Obligatorisk læringsaktivitet
Læringsaktivitetar som er obligatoriske må være godkjent for at studenten kan meldast opp til eksamen.
1) Godkjent deltaking på metode- og vitskapskurs, minimum 80%, knytt til læringsutbytte «har grunnleggjande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk».
2) Prosjektplan knytt til læringsutbytte «kan gjere etiske vurderingar og grunngje vitskapsteoretisk ståstad og bruke metodisk kunnskap i utforminga av bacheloroppgåva».
3) Deltaking på seminar knytt til læringsutbyttet «kan analysera og formidla vitskapleg fagstoff, munnleg og skriftleg».
4) Rettleiing knytt til læringsutbytte «kan vise til innsikt og kritisk refleksjon i profesjonsrelevante spørsmål». Minimum ei obligatorisk rettleiingsøkt etter godkjent prosjektplan og minimum ei obligatorisk rettleiing etter fullført seminar.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar er knytt til inneverande studieår. Det betyr at om ein tar emnet på nytt, må alle obligatoriske læringsaktivitetar gjennomførast og godkjennast på nytt.
Det er fire læringsaktivitetar: Ved fråvær av obligatoriske læringsaktivitetar 1 & 3 skal studentar oppfylle krav om kompenserande læringsaktivitetar. Dersom studenten ikkje får godkjent læringsaktivitet 2 på første forsøk, vert det høve til eit (1) nytt forsøk innan gitt frist før eksamen.
Vurderingsform
Bacheloroppgåve skrivast i gruppe på 2 - 3 studentar eller individuelt.
Oppgåva skal skrivast på norsk og ha eit samandrag på engelsk (abstract).
Bacheloroppgåva skal enten vurderast:
- i sin heilskap som ein skriftleg rapport som tel 100 %. Omfang: 10 000 +/- 10 % ord.
eller
- beståande av to delar som utgjer ein heilskap: ein praktisk-estetisk del som tel 50 % og ein oppgåvetekst som tel 50 %. Ved praktisk-estetiske delsvar, forventar ein eit omfang på 7 000 ord +/- 10%.
Ei bacheloroppgåve som er vurdert til ikkje bestått kan, dersom alle i gruppa er einige, omarbeidast og leverast inn for ny vurdering.
Studentar som skal levere på nytt må gjennomføre ei obligatorisk rettleiing. Innlevering av omarbeida oppgåve kan berre skje ein gong. Ved tredje forsøk må det leverast ei heilt ny oppgåve. Ny prosjektplan må godkjennast av oppnemnd rettleiar.
Vurdering av bacheloroppgåva blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor. Oppgåva blir vurdert etter karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillate
Meir om hjelpemiddel