ENB803N Engelsk 2, emne 1 - Kommunikasjon i språk, tekst og kultur
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Engelsk 2 består av to emne på 15 studiepoeng. Dette er emne 1. Emneplanen for engelsk bygger på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 1-7 og gjeldande læreplanverk for engelsk, LK20.
Engelsk 2 bygger på Engelsk 1 og gir større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på barnetrinnet. Det omfattar òg vidareutvikling av studentane sin eigen språkferdigheit og tekstkompetanse. Det gir ei innføring i eit rikt og variert utval tekstar både til vidare personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på barnetrinnet. Engelsk litteratur vert lese i eit kulturelt og historisk perspektiv. Studiet gir djupare kunnskapar om det engelske språkets grammatiske og fonologiske struktur, i tillegg til å fokusere på kva som kjenneteiknar elevar på barnetrinnet og deira språkutvikling. Emne 1 fokuserer på korleis ein nyttar engelsk til å kommunisera, gjennom å fokusera på grunnleggande ferdigheiter, detaljert kunnskap om språkstrukturar og deira funksjon, ulike teksttypar og kritisk tekstkompetanse. Utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse i engelsk er òg framheva. Det vert oppmoda til kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæringa. I tillegg gir kurset vidare innsikt i ei rekke læringsfremjande aktivitetar, arbeidsmåtar og læringsressursar, inkludert digitale.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande kunnskap om korleis born lærer språk, inkludert språkmedvit og læringsstrategiar, med fokus på begynnaropplæringa
- har god kunnskap om grammatisk og fonologisk struktur i engelsk, om tileigning av ordforråd og om kulturelle konvensjonar for skriftleg språkbruk
- har kunnskap om intonasjon og om kva rolle intonasjon spelar i kommunikasjon
- har kunnskap om samfunnsliv, historie og eit rikt utval kulturuttrykk i nokre engelsktalande land, deriblant sentrale verk i engelskspråkleg litteraturtradisjon
- har god kunnskap om struktur og språklege verkemiddel i tekstar, inkludert multimodale tekstar
- kjenner til eit rikt utval songar, rim, litteratur, film og andre kulturelle uttrykk som kan brukast i undervisinga på barnetrinnet
- har kunnskap om ulike måtar å arbeida med lese- og skriveprosessar på i ulike sjangrar
- har djupare innsikt i ulike læringsaktivitetar, arbeidsmåtar og læremiddel i engelskopplæringa, inkludert digitale ressursar, og kunnskap om ulike måtar å organisera opplæringa på.
Ferdigheiter
Studenten
- kan snakka og skriva engelsk sikkert og funksjonelt i ulike sjangrar og situasjonar
- kan munnleg og skriftleg analysera, tolka og samanlikna tekstar for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon
- kan velja ut og legga til rette for arbeid med engelskspråklege tekstar for born på ein variert, utfordrande og inspirerande måte, samt bruka eit presist og tilpassa omgrepsapparat i arbeidet med tekstane
- kan rettleia elevane i lese- og skriveprosessar, inkludert i produksjon av multimodale tekstar
- kan legga til rette for elevane si utvikling av språkleg medvit og tileigning av læringsstrategiar i engelskfaget
- kan planlegga, organisera, gjennomføra og kritisk vurdera varierte og differensierte læringsaktivitetar, som fremjar djupnelæring, integrering av ulike språkferdigheiter, dei tverrfaglege tema i engelskfaget og utviklinga av dei grunnleggande ferdigheitene, inkludert digitale ferdigheiter.
Generell kompetanse
Studenten
- har høg engelskspråkleg kompetanse
- kan reflektera kritisk over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for born og unge sin personlege vekst og faglege utvikling
- kan arbeida sjølvstendig og saman med andre for å identifisera, analysera og løysa problem knytt til engelskfaget
- kan vedlikehalda og utvikla eigen språkleg og didaktiske kompetanse og bidra til fagleg utvikling og nytenking.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er nettbasert, og undervisinga er både synkron og asynkron. Det vert nytta ulike digitale ressursar og arbeidsmåtar i faget, som legg vekt på varierte og studentaktive læringsformer. Dette gir studentane erfaring med digitale ressursar og arbeidsmåtar, i tillegg til å legga til rette for refleksjon kring kva digitale omgjevnader har å seia for læring i engelskfaget. Nokre døme kan vera førelesingar, individuelt og gruppearbeid, omvendt undervisning, drøftingar, samskriving, multimodal tekstproduksjon og formativ vurdering. Studentane sin eigen klasseromspraksis vil òg vera sentral i emnet.
All undervising i faget er på engelsk, og øving i både munnleg og skriftleg engelsk er sentralt i studentane sitt arbeid med faget. Det som vert formidla i undervisinga, kan komma i tillegg til det som står på pensumlista og vert rekna som pensum. Ikkje alle tekstane vert gjennomgått, og ein må rekna med ein del sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Ei oppgåve i litteratur/kultur og/eller -didaktikk
- Ei oppgåve i språkemne og/eller -didaktikk
Det vil bli gitt retningslinjer for kvar læringsaktivitet. Minst ein av læringsaktivitetane må vera knytt til bruk av digitale ressursar.
Læringsaktivitetane må vera godkjente før studenten kan gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet, kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester.
Vurderingsform
Del 1: Heimeeksamen i litteratur og kultur, med didaktikk, 1 veke. Tel 50 % av endeleg karakter.
Del 2: Heimeeksamen i språkemne med didaktikk, 1 veke. Tel 50 % av endeleg karakter.
Eksamen skal skrivast på engelsk, og begge delane må vere beståtte for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att åleine.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel