YFL814 Tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper (del 1)
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å bevisstgjere og styrke yrkesfaglærarar sin kompetanse i pedagogikk og yrkesdidaktikk med særskilt fokus på tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper. Studiet vektlegg kunnskap om korleis fremje læring og språkleg identitet gjennom kommunikasjon, relasjonskompetanse og elevmedverknad. Studiet tematiserer korleis varierte arbeidsmåtar, bruk av ulike ressursar, særleg digitale ressursar, og ulike læringsarenaer kan fremje motivasjon, meistring og engasjement for fleirspråklege elevar.
Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, undervisningspraksis og fagområde gjennom utprøving av og refleksjon kring metodar og arbeidsmåtar som fremjar læring og oppleving av samanheng i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og bevisstgjering i profesjonsfellesskapet på skulen til deltakarane.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbyte:
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om fleirkulturell kompetanse og relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse og korleis dei kan bidra til å styrke elevane si lærelyst og oppleving av samanheng i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper.
- har kunnskap om betyding av språkleg identitet, tryggleik og meistringsforventning i læreprosessar
- har kunnskap om fleirspråklegheit på individ- og samfunnsnivå, nokre læringsteoriar og kva språklege utfordringar elevar med norsk som andrespråk kan ha
- har kunnskap om ulike ressursar, metodar og hjelpemiddel særskild knytt til ord- og omgrepslæring i programfaget
- har kunnskap om skulen sine samarbeidspartnarar og korleis desse bidreg til å sikre eit godt læringsmiljø for ungdom og vaksne
Ferdigheiter:
Studenten
- kan planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere eiga undervisning i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper med fokus på å leggje til rette for meiningsskaping, inkludering og lærelyst
- kan bruke varierte metodar, arbeidsmåtar og digitale ressursar som fremjar læring i ei fleirspråkleg elevgruppe på yrkesfag
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning for elevar på yrkesfag med norsk som andrespråk
- kan tilpasse undervisninga på yrkesfag til elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
Generell kompetanse:
Studenten
- kan evaluere, justere og kritisk granske eigen relasjonskompetanse og evne til anerkjenning og forståing av sårbarheit i sosial utvikling og læring i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper
- kan drøfte sentrale tema innanfor fagområdet tilpassa opplæring og motivasjon i mangfaldige og fleirspråklege elevgrupper på yrkesfag
- kan vera nytenkande og kritisk reflekterande når det gjeld undervisning i fleirspråklege og mangfaldige elevgrupper og kunne dele kunnskap og metodar med profesjonsfellesskapet på eigen arbeidsplass
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet vekslar mellom forelesningar, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Innhald og arbeidsmåtar i studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og ressursar for undervisning i fleirspråklege elevgrupper. Studentane deltek i digitale nettverksgrupper der det vert drøfta utprøvingar av didaktiske verktøy og digitale ressursar for ulike læringsarenaer, med særskilt fokus på språkleg og relasjonell kompetanse for å fremje motivasjon, meistring og oppleving av samanheng for alle elevar.
Studiet vektlegg studentaktive arbeids- og læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av obligatoriske læringsaktivitetar i studiet.
Vi vektlegg utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer, som studentane kan bruke med sine elevar. Vi bruker Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet. Studentane blir organisert i nettverksgrupper som samarbeider om utprøving av verktøy og metodar og med nettstøtta rettleiing og oppfølging frå HVL.
Studiet er delvis nettbasert med to samlinga på campus Bergen og ei digital samling (alle på to dagar).
Obligatorisk læringsaktivitet
- Utprøving i og kritisk analyse av eigen undervisningspraksis mellom samling ein og to.
- Utprøving i og kritisk analyse av eigen undervisningspraksis mellom samling to og tre.
- Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule
- Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.
Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbytte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Obligatoriske læringsaktiviteter må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Munnleg eksamen i gruppe.
Karakter: Bestått/ ikkje bestått.
Eksamen vert organisert som eksamenskonferanse. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar og obligatoriske læringsaktivitetar i studiet. Eksamen er open for kollegium og skuleleiing, samarbeidspartnarar frå næringslivet, representantar frå skuleeigar og PPU-studentar.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel