Hopp til innhald

SPB801 Spesialpedagogikk i barnehagen

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Formålet med vidareutdanninga Spesialpedagogikk i barnehagen er å styrke den spesialpedagogiske kompetansen til barnehagelæraren generelt, og auke kompetansen i arbeidet med barn med språklege og sosiale utfordringar. Studiet er på masternivå. Rammeplan for barnehagen sine føringar om mangfald, likeverd, likestilling, inkludering, tidleg innsats og livsmeistring vil liggje som grunn for studiet. Studiet vil fokusere på kvalitet i barnehagen, og korleis kvalitet i barnehagen er sentralt for å gje barn gode språklege og sosiale erfaringar. Studiet vektlegg barnehagelærars rolle i tverrfagleg samarbeid, korleis ein kan observere og kartlegge vanskar tidleg, og korleis ein kan setje i gang ulike tiltak inkludert nytte digitale verktøy. Kvalitet i barnehagen, barnehagelærarrolla og didaktiske implikasjonar vil liggje som ei raud tråd gjennom heile vidareutdanninga.

Innhald

  • Teoretiske innfallsvinklar i spesialpedagogikk, lovverk, meistring og inkludering
  • Barn med ulike psykososiale vanskar
  • Barn med språk- og kommunikasjonsforstyrring
  • Kartlegging, observasjon og dokumentasjon av språkutvikling og psykososial utvikling
  • Kartlegging av barnehagens læringsmiljø og kritisk refleksjon rundt eiga rolle som barnehagelærar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god innsikt i spesialpedagogisk arbeidsgang, tverrfagleg samarbeid og aktuelle lovverk
  • har grundig innsikt i barns språkutvikling, inkludert fleirspråkleg utvikling, og ulike språk- og kommunikasjonsforstyrringar
  • har grundig innsikt i barns sosiale utvikling og ulike psykososiale vanskar
  • har god kunnskap om tilrettelegging av gode og stimulerande språk- og psykososialt miljø
  • har god kunnskap om korleis barn og voksne inngår i samspel i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne kartlegge og observere barns språkutvikling og anvende dette som grunnlag for systematisk arbeid og refleksjon rundt arbeid med barns språkutvikling
  • skal kunne kartlegge og observere barns sosiale utvikling og anvende dette som grunnlag for systematisk arbeid og refleksjon rundt arbeid med barns sosiale utvikling
  • skal kunne sette inn ulike språklege tiltak for barn som treng ekstra støtte i si språkutvikling
  • skal kunne sette inn ulike sosiale tiltak for barn som treng ekstra støtte i si sosiale utvikling, her under ulike sosialt støttande program
  • skal kunne nytte digitale verktøy som spesialpedagogisk tiltak

Generell kompetanse

Studenten

  • har god innsikt i verdien av språkstimulering i barnehagen og betydninga av tidleg innsats
  • har god innsikt i barnehagens rolle som sosialt inkluderande og meistringsarena for barn
  • har innsikt i tilhøve som legg rammer for leiing av endrings- og utviklingsprosessar og kunne reflektere kritisk rundt dei
  • kan kritisk vurdere eiga rolle som barnehagelærar for barn med spesialpedagogiske behov
  • har utvikla god innsikt, haldning og kritisk refleksjonsevne over spesialpedagogisk arbeid på bakgrunn av nyare forsking om barnehage på individ og systemnivå

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for framtidas barnehage. Studiet går over to semester og er kombinert nettbasert og samlingsbasert studium, med to tre-dagars samlingar og fire nettsamlingar per semester. Studiet kombinerer førelesningar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjon og gruppearbeid. Mellom samlingane skal studentane arbeide i nettbaserte studiegrupper, i tillegg til sjølvstudium. Det vert sett opp fagleg studietur for studentar som er interessert.

Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøy. Du vil få ei innføring i bruken av nettkonferanseverktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga (80 %). Det er totalt fire obligatoriske læringsaktivitetar, både individuelle og gruppearbeid. To av desse aktivitetane skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis.

  • Ei skisse for utprøving av ny fagleg kunnskap gjennom eit lite FoU-prosjekt på eigen arbeidsplass
  • Ein læringsaktivitet er knytt til kunnskapsdeling i eige kollegium i barnehagen om kartlegging og observasjon
  • Ei fagtekst som analyserer ein forskingsartikkel som enten omhandlar språkforstyrringar eller psykososiale vanskar i barnehage
  • Eit digitalt arbeidskrav i gruppe om barn med sosiale vanskar og tiltak

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.. Ved ikke godkjent på en av læringsaktivitetene, kan den aktuelle læringsaktiviteten tas på nytt neste gang emnet blir gjennomført.

Vurderingsform

  • Del 1: Oppgåve. Skriftleg rapport frå FoU-arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass (vekting 60 % av endeleg karakter)
  • Del 2: Munnleg individuell eksamen (vekting 40% av endeleg karakter)

Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Dersom oppgåva (del 1) ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Oppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate.

Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel