PPUA308 Praksis 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksisemnet er ein obligatorisk del av utdanninga og består av totalt 30 dagar rettleia og vurdert praksis. Studentane skal gjennomføre ein samanhengande praksisperiode i siste semester med særleg fokus på sjølvstendig opplæringsansvar. I tillegg skal studentene delta på praksisførebuingar i regi av HVL. Studentane skal gjere seg kjent med innhaldet i emneplanen og retningslinjene for praksisstudiet på HVL sine nettsider for praksis.
Studenten skal vidareutvikle hovudtema frå første praksisemne; lærarrolla og klasseleiing. Hovudtema i andre praksisemnet er å få innsikt i skulen som organisasjon, profesjonsfellesskap og samhandling med interne og eksterne aktørar.
Døme på tema som vert gjennomgått på høgskulen i løpet av studieåret og som kan brukast som utgangspunkt i rettleiingssamtalar mellom praksislærar og student:
- klasseleiing
- barn og unge i utsette livssituasjonar
- medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet
- berekraftig utvikling
- skuleutvikling og kompetanseutvikling
- samiske forhold og samiske elevar sine rettar
- organiseringsformer og læringsrom i og utanfor skulen
Læringsutbytte
Ved fullført praksisemne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar og ferdigheiter
Studenten:
- kan samhandle med elever, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar
- kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderende, kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø
- kan bidra til endringsprosessar og samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenkning i skulen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplæringa
- kan sjølvstendig vidareutvikle eigen kompetanse
- kan opptre profesjonelt og rette seg etter gjeldande normer, reglar og lover i arbeidslivet
Krav til forkunnskapar
PPUA307 Praksis 1
PPUA305 Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv
Undervisnings- og læringsformer
I starten av praksisperioden bør studenten få noko tid til å observere praksislærar, og eventuelt andre lærarar si undervisning. Vidare skal studenten bli involvert som medlærar når praksislærar eller andre har undervisningsansvaret, før studenten sjølv får ansvar for å sjølvstendig planlegge, gjennomføre og vurdere eiga undervisning. Så langt det er mogleg følger studenten arbeidsdag og arbeidsoppgåvene til praksislærar. Dette inkluderer blant annet teamarbeid, møte, skule-heim-samarbeid og andre relevante arbeidsoppgåver.
Etter avtale med praksislærar skal studenten levere eit planleggingsdokument når studenten har ansvar for undervisning. Praksislærar skal få planleggingsdokumentet i god tid før undervisninga slik at studenten kan få rettleiing i forkant av undervisningsøkta.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Obligatorisk 30 dagar rettleidd og vurdert praksis fordelt på haust og vår
Sluttvurdering vår: Bestått/ikkje bestått.
Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gang emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel