Hopp til innhald

PPUA307 Praksis 1

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Praksisemnet er ein obligatorisk del av utdanninga og består av totalt 30 dagar rettleia og vurdert praksis. I tillegg skal studentane delta på praksisførebuingar i regi av HVL. Studentane skal gjere seg kjent med innhaldet i emneplanen og retningslinjene for praksisstudiet på HVL sine nettsider for praksis.

I første praksisemne er hovudtema lærarrolla og klasseleiing. Studentane skal begynne å utvikle seg som profesjonsutøvarar med fokus på relasjonskompetanse og læringsleiing.

Døme på tema som vert gjennomgått på høgskulen i løpet av studieåret og som kan brukast som utgangspunkt i rettleingssamtaler mellom praksislærar og student:

  • skulen sin historie, mandat, oppgåver og innhald
  • læring og utvikling
  • tilpassa opplæring
  • vurdering for og av læring
  • psykososialt læringsmiljø
  • læraren sin profesjonskompetanse
  • læringsteknologi
  • profesjonsetikk

Læringsutbytte

Ved fullført praksisemne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar og ferdigheiter:

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere eiga og andre si undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
  • kan tilpasse opplæringa til eleven og elevgruppa sine føresetnader
  • har kunnskap om læringsperspektiv, læringsarenaer og pedagogiske verktøy/arbeidsmetodar generelt og særleg i opptaksfaget
  • kan kristisk reflektere over faglege, profesjonsetiske spørsmål
  • kan opptre profesjonelt og rette seg etter gjeldande normer, reglar og lover i arbeidslivet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

I starten av praksisperioden skal studenten observere praksislærar og eventuelt andre lærarar si undervisning. Vidare skal studenten gradvis få meir sjølvstendig ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av eiga undervisning. Så langt det er mogleg følger studenten arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar. Dette inkluderer teamarbeid, møte, skule-heim-samarbeid og andre relevante arbeidsoppgåver.

Etter avtale med praksislærar skal studenten levere eit planleggingsdokument når studenten har ansvar for undervisning. Praksislærar skal få planleggingsdokumentet i god tid før undervisninga slik at studenten kan få rettleiing i forkant av undervisningsøkta.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

Obligatorisk 30 dagar rettleidd og vurdert praksis fordelt på haust og vår

Sluttvurdering vår: Bestått/ikkje bestått.

Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gang emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel