Hopp til innhald

HVF852 Sosial- og trygderett

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I dette emnet vil rettslege problemstillingar innan sosial- og trygderetten stå i fokus. Studentane skal tileigne seg ei oversikt over organisering og ansvarsforhold i denne delen av velferdsforvaltninga. Sakshandsamar/rettleiar sine plikter og brukarane sine rettar og rettstryggleik, samt brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid, vil vere gjennomgåande tema. Betydninga av menneskerettslege reglar og EØS-retten vil bli tematisert, og studentane vil få ei innføring i regelverket om særlege tvangstiltak ovanfor rusmiddelavhengige.

Dei spesielle sakshandsamingsreglane etter velferdslovene vil stå sentralt. Tilsvarande gjeld dei rettslege grensene for kva som kan bestemmast i forvaltningsvedtak, særleg med tanke på vilkårssetting. Krav til forsvarleg opplysing av saka, og krav til skriftlegheit og dokumentasjon ved tildeling av tenester og ytingar som har stor betydning for enkeltpersonar, er andre viktige tema. Det vil òg bli sett fokus på korleis rettstryggleiken kan varetakast i eit samfunn med aukande digitalisering.

Studentane skal, både munnleg og skriftleg, få øve opp ferdigheiter i juridisk skjønnsutøving og argumentasjon. God og tydeleg kommunikasjon med brukarar gjennom klart språk, m.a. med tanke på personar med mangelfull norskkompetanse, vil bli viktige tema. Studentane skal også trenast i å identifisere, analysere og halde seg kritisk til sosialpolitiske føringar i lovverket, og kjenne godt til føremålsføresegnene si betydning i denne samanheng. Skriving av vedtak og arbeid med individuell plan vil også inngå i emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten skal...

  • ha avansert kunnskap om dei viktigaste rettstryggleiksgarantiane i sosial- og trygderetten, herunder særleg krav til sakshandsaminga
  • ha avansert kunnskap om dei rettslege grensene for inngripande tiltak i regi av velferdsforvaltninga, herunder grensene for vilkårssetting og krav i samband med kontrollverksemd
  • ha inngåande kunnskap om innhald og rekkevidda av utvalde brukarrettar etter sosial- og trygdelovgivinga, t.d. brukarmedverknad og individuell plan
  • ha inngåande kunnskap om dei rettslege grensene for kommunikasjon av opplysingar underlagt teieplikt innanfor velferdsforvaltninga og overfor andre organ
  • ha kunnskap om organisering og ansvarsforhold i velferdsforvaltninga
  • ha kunnskap om menneskerettslege føresegner som er særleg viktige innan velferdsfeltet, samt EØS-rettslege problemstillingar av særleg betydning

Ferdigheiter:
Studenten skal kunne...

  • identifisere og analysere sosial- og trygderettslege problemstillingar og arbeide sjølvstendig med desse praktisk og/eller teoretisk
  • på ein sjølvstendig måte finne, analysere og vere kritisk til rettskjelder innanfor sosial- og trygderettsfeltet
  • bruke relevant kunnskap om regelverket for å sikre brukarane sine rettar og rettstryggleik
  • utøve forsvarleg skjønn innanfor rammene i sosial- og trygdelovgjevinga og kommunisere dette på ein klar og tydeleg måte til brukarane
  • analysere og vere kritisk til eigen praksis, i lys av dei grunnleggande rettslege krav som gjeld på feltet
  • bruke kunnskap om brukarrettar og menneskerettar for å sikre rettstryggleiken til brukarar, med særleg aktualitet for sårbare grupper

Generell kompetanse:
Studenten skal kunne...

  • argumentere tydeleg og presist for eit rettsleg standpunkt og utveksle synspunkt med andre på og utanfor eige fagfelt
  • kommunisere sentrale sosiale- og trygderettslege problemstillingar, analyser og konklusjonar skriftleg og munnleg til andre
  • analysere og vurdere etiske aspekt ved inngripande tiltak
  • bidra til nytenking og fagleg utvikling på eigen arbeidsplass

Krav til forkunnskapar

HVF850 Sakshandsaming, forvaltningsrett og juridisk analyse i helse- og velferdsforvaltninga

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, rettleiing, diskusjonar, digitale ressursar, fysiske og digitale samlingar, digital spørjetime kvar veke, sjølvstudium, skrivetrening, medstudentvurdering av skriftleg arbeid.

Studenten har sjølv ansvar for eiga læring, og studenten må sjølv engasjere seg for å oppnå læringsutbyte i emnet. Det blir forventa at studenten møter førebudd til samlingane og deltek aktivt både i gruppearbeid og i diskusjonar i klassen. Spørjetime kvar veke (utanom samlingsvekene) er eit tilbod for studentane til digitale møte med faglærar, for å oppklare eventuelle spørsmål som reiser seg under i sjølvstudiet.

Vidareutdanninga er tverrfagleg og det er eit mål med utdanninga å utvikle samarbeidsrelasjonar på tvers av yrkesgrupper. Det blir lagt vekt på at studenten utviklar kunnskap og ferdigheiter som gjer at ein blir i stand til å gjere sjølvstendige vurderingar av juridiske spørsmål.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før studenten kan framstille seg til sluttvurdering:

1. Oppmøte og deltaking på samlingar; 75%.

2. Ei skriftleg individuell oppgåve på 1800 ord +/-10 %.

Vurderingsform

Eksamen
Skriftleg heimeeksamen over 5 dagar. Ordgrense 2500 ord +/- 10%.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.

Ny eksamen
Ved karakteren «ikkje bestått» får studenten utdelt ny oppgåve ved ny eksamen i påfølgande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate, men det er ikkje lov å samarbeide med andre.

Meir om hjelpemiddel