HVF850 Saksbehandling, forvaltningsrett og juridisk analyse i helse- og velferdsforvaltninga
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I dette emnet går ein djupare inn i forvaltningsretten og juridisk metode, med særleg fokus på korleis sakshandsamingsreglar, god forvaltningsskikk og brukarmedverknad skal sikre rettsriktige vedtak. Til dømes vil det bli fokus på habilitet, teieplikt og reglar om informasjonsutveksling og tverrfagleg samarbeid, krav til vedtak og handsaming av klager. Det vil også bli gjeve ein introduksjon til det menneskerettslege systemet. Tilsvarande gjeld regelverka om verjemål og barn som pårørande.
Arbeid med juridisk analyse og argumentasjon står sentralt i emnet, under dette det å finne, kritisk vurdere og bruke ulike rettskjelder.
Det vil bli lagt vekt på at studentane skal få høve til å ta opp problemstillingar frå eigen praksis.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten skal...
- ha inngåande kunnskap om reglane for offentleg sakshandsaming, under dette habilitet, krav til vedtak, brukarmedverknad, dokumentinnsyn og reglane for handsaming av klager
- ha avansert kunnskap om kva grenser regelverket set for informasjonsutveksling og tverrfagleg samarbeid, og kva plikter som gjeld
- ha inngåande kunnskap om grensene for utøving av profesjonelt skjønn innan helse- og velferdsforvaltninga
- ha innsikt i kravet om god forvaltningsskikk
- ha kunnskap om korleis systemet for vern av menneskerettane er bygd opp
- ha oversikt over verjemålslovgivinga
- ha oversikt over reglane om barn som pårørande
Ferdigheiter:
Studenten skal kunne...
- identifisere og analysere juridiske problemstillingar og arbeide sjølvstendig med desse praktisk og/eller teoretisk
- finne, analysere og kritisk vurdere rettskjelder i samband med juridiske problemløysing på helse- og velferdsområdet
- på ein sjølvstendig måte gjennomføre fagleg forsvarleg sakshandsaming i samsvar med aktuelle regelverk, krava til skjønnsutøving og kravet om god forvaltningsskikk
- identifisere problemstillingar som har ei side mot menneskerettslege reglar
- bruke regelverket og vere kritisk til eigen praksis, til dømes med omsyn til vurderingar av habilitet og informasjonsutveksling ved tverrfagleg samarbeid
- analysere og kritisk vurdere ulike rettskjelder og bruke og strukturere dei til å formulere juridiske resonnement
Generell kompetanse:
Studenten skal kunne...
- bruke kunnskap rundt sakshandsamingsreglar og juridisk metode til å sikre rettsriktige avgjerder
- formidle sentrale juridiske problemstillingar, analyser og konklusjonar skriftleg og munnleg
- analysere og vurdere relevante etiske aspekt ved eige yrkesutøving
- bruke kunnskap og ferdigheiter til å løyse problemstillingar på nye område
- bidra til nytenking og innovasjon på eigen arbeidsplass
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det blir sterkt tilrådd at ein tek JURI800 før ein startar på dette emnet, med unntak for dei som har juskompetanse på bachelornivå tilsvarande sosionomutdanning.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppearbeid, rettleiing, diskusjonar, digitale ressursar, fysiske og digitale samlingar, digital spørjetime kvar veke, sjølvstudium, skrivetrening, medstudentvurdering av skriftleg arbeid.
Studenten har sjølv ansvar for eiga læring, og studenten må sjølv engasjere seg for å oppnå læringsutbyttet i emnet. Det blir forventa at studenten møter førebudd til samlingane og deltek aktivt både i gruppearbeid og i diskusjonar i klassen. Spørjetime kvar veke (utanom samlingsvekene) er eit tilbod for studentane til digitale møte med faglærar, for å oppklare eventuelle spørsmål som reiser seg under i sjølvstudiet. For å få best mogleg utbytte av undervisninga, er det likevel sterkt tilrådd å delta på spørjetimane.
Vidareutdanninga er tverrfagleg og det er eit mål med utdanninga å utvikle samarbeidsrelasjonar på tvers av yrkesgrupper. Det blir lagt vekt på at studenten utviklar kunnskap og ferdigheiter som gjer at ein blir i stand til å gjere sjølvstendige vurderingar av juridiske spørsmål.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til sluttvurdering:
1. Oppmøte og deltaking på fysiske og digitale samlingar; 75%.
2. Ei skriftleg individuell oppgåve på 1800 ord +/- 10%
Vurderingsform
Eksamen
Skriftleg heimeeksamen over 5 dagar. Ordgrense 2500 ord +/- 10%.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.
Ny eksamen
Ved karakteren «ikkje bestått» får studenten utdelt ny oppgåve ved ny eksamen i påfølgande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate, men det er ikkje lov til å samarbeide med andre.
Meir om hjelpemiddel