PPUY308 Praksis 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksisemnet er ein obligatorisk del av utdanninga og består av totalt 30 dagar rettleia og vurdert praksis. 10 dagar skal bli gjennomført i ungdomsskulen og 20 dagar i vidaregåande skule. I tillegg skal studentane delta på praksisførebuing i regi av HVL. Studentane skal gjere seg kjend med innhaldet i denne emneplanen og retningslinene for praksisstudiet på nettsida for praksis.
Hovudtema i andre praksisemne er skulen som organisasjon, og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Studenten skal og vidareutvikle sin kompetanse frå fyrste studieår (lærerrolla, læringsleiing, vurdering og yrkesfaglæraren sin tilrettelegging for læring).
Læringsutbytte
Ved fullført praksisemne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Ferdigheiter og kunnskapar:
Studenten:
- kan samarbeide med elevar og aktuelle samarbeidspartnarar
- kan utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø
- kan rettleie elevane i å ta vidare utdanningsval frå ungdomstrinnet til fag- og yrkesopplæring
- kan bidra til at faga vert praksisretta gjennom elevane sine interesser og yrkesretta i samarbeid med andre faglærarar i skulen
- har kunnskap om fleirkulturelle læringsarenaer
- kan møte elevar ut frå deira individuelle og kulturelle føresetnader og utvikle medansvar i ein demokratisk læringsorganisasjon
- kan bruke opplæringslova sin formålsparagraf i det daglege lærararbeidet
- kan framstå som rollemodell i skolen og på andre aktuelle arenaer
- kan argumentera for sitt eige pedagogiske grunnsyn i samtale med praksislærar og profesjonsrettleiar.
- kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Krav til forkunnskapar
- PPUY305 Leiing av læreprosessar - leiinga av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv
- PPUY307 Praksis 1
Tilrådde forkunnskapar
-
Undervisnings- og læringsformer
I byrjinga av praksisperioden skal studenten observere praksislærar sin undervisning, og eventuelt bli involvert som medlærar når praksislærar eller andre har undervisningsansvaret. Videre skal studenten sjølvstendig planlegge, gjennomføre og vurdere eigen undervisning. Så langt det er mogleg følger studenten arbeidsdag og arbeidsoppgåvene til praksislærar. Dette inkluderer teamarbeid, møter, skule-heim-samarbeid og andre relevante arbeidsoppgåver.
Etter avtale med praksislærar skal studenten levere eit planleggingsdokument når studenten har ansvar for undervisning. Praksislærar skal få planleggingsdokumentet i god tid før undervisninga slik at studenten kan få rettleiing i forkant av undervisningsøkta.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal gjennomføra og få godkjend følgane obligatorisk læringsaktivitet i emnet:
- Studenten skal levere tre av de nemnte planleggingsdokumenta i HVL sin læringsplattform.
Vurderingsform
Obligatorisk 30 dagar rettleidd og vurdert praksis, to delpraksisar (100% oppmøtekrav)
To delvurderingar: bestått/ikkje bestått
- 10 dagar i ungdomsskule
- 20 dagar vidaregåande skule
Begge delpraksisane må vere bestått for å få bestått i emnet. Ved ikkje bestått på ein delpraksis, kan denne takast opp att åleine.
Samla sluttkarakter: bestått/ikkje bestått.
Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel