Hopp til innhald

HSPED801 Innføring i universitetspedagogikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet er samlingsbasert og går over to samlingar med tilhøyrande før- og etterarbeid. Emnet gir ei innføring i feltet høgskulepedagogikk. Studiet har ein kritisk reflekterande og forskande tilnærming til utvikling av læring og undervisning i høgare utdanning.

For dei som tek emnet for å dokumentera utdanningsfagleg kompetanse vil oppgåvene frå Innføringsemnet kunne nyttast i den pedagogiske mappa

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • Ha kunnskap om innhald og rammer for høgskulepedagogikk som fag- og vitskapsfelt ved Høgskulen på Vestlandet
  • Kjenne til ulike teoretiske perspektiv på kunnskap, læring og vurdering
  • Ha kunnskap om faktorar som kan påverke læringsmiljøet i høgare utdanning
  • Kjenne til mogleikar og utfordringar knytt til bruk av teknologi i læringsarbeidet i høgare utdanning

Ferdigheiter

Studenten

  • Planlegge, gjennomføre og vurdere eiga undervisning i tråd med retningslinjene i kvalifikasjonsrammeverket
  • Rettleie studentar og kollegaer i læringsarbeidet
  • Vurdere studentane si læring

Generell kompetanse

Studenten

  • Ha eit profesjonelt og yrkesetisk medvit til eiga rolle som underviser og del av høgskulen sitt faglege og kollegiale fellesskap
  • Ha ei kritisk og analytisk haldning til planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga og andre si undervisning

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på kollegarettleiing
  • Deltaking på samlingane

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Oppgåve, ca. 2000 ord.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel