ABLUPR201 Praksis 2. år ABLU
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksis i andre studieår på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er på 30 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.
Studentane skal gjere seg kjend med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
Hovudfokus: studenten si leiing av barn og medarbeidarar.
Læringsutbytte
Studenten skal i løpet av andre studieår få gjere seg erfaringar med samarbeid med både føresette, personale og samarbeidspartnarar, leie aktivitet med barn og øve seg i å leie medarbeidarar i barnehagen. Dette inneber blant anna å utvikle eigen rettleiarkompetanse og å reflektere over rettleiinga sin plass i barnehagen. Studenten skal òg tileigne seg større forståing for barnehagen som læringsmiljø og danningsarena og barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv
- stå fram som ein reflektert barnehagelærar og fagperson
- leie og rettleie barnehagepersonalet i formelle og uformelle aktivitetar med barnegrupper
- vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer
- reflektere over barnehagen som leike-, lærings- og danningsarena
Studenten skal ha 5 leiardager (minimum) i praksis 2. studieår.
Krav til forkunnskapar
Praksis første studieår (ABLUPR101) må vere bestått for at du kan starte denne praksisperioden.
Undervisnings- og læringsformer
All praksis blir gjennomført i barnehage.
Studenten kan ha praksis på eigen arbeidsplass under forutsetning av at studenten får veiledning, variert og vurdert praksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
30 dagar rettleid og vurdert praksis med krav om 100% frammøte.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Om praksis ikkje blir bestått kan studenten gjennomføre eit nytt forsøk neste gong praksis går ordinært. Alle 30 dagane må takast på nytt. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Studenten kan ikkje klage på karakteren i praksis.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel