STMA101 Språk, tekst og matematikk
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Språk, tekst og matematikk (STM) er eit kunnskapsområde som tematiserer danninga og den språklege og matematiske utviklinga til born. Desse temaa er viktige for barneleik i læringsperspektiv og er avgjerande for at born kan utvikla relasjonar til andre menneske og fungera sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Kunnskapsområdet har to tyngdepunkt: På den eine sida handlar det om språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur; på den andre sida handlar det om matematisk meiningsskaping, kreativ undring, problemløysing og leik. Andre sentrale emne er omgrepsutvikling og overgangen mellom barnehage og skule.
Språk, tekst og matematikk er viktige dimensjonar ved leik og utforsking, og rolla og ansvaret til barnehagelæraren står sentralt her. Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om borna si språklege, litterære og matematiske utvikling. Gjennom emnet skal studentane tileigna seg kompetanse i å skapa varierte språk-, tekst- og matematikkmiljø i barnehagen.
Kunnskapsbasen byggjer på norsk- og matematikkdidaktikk. Praksis er integrert i kunnskapsområdet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
·har kunnskap om borna si matematiske utvikling, spesielt innanfor tal-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv
·har kunnskap om både borna si språkutvikling og den munnlege og skriftlege språkbruken deira (inkludert språkvanskar), også i fleirspråkleg perspektiv
·har kunnskap om korleis born utviklar omgrep og løyser problem
·har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for born, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske
·har grunnleggjande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for teksterfaringane borna gjer seg og deira språk- og matematikkutvikling
·har grunnleggjande kunnskap om borna si tidlege rekne- lese- og skriveutvikling
Ferdigheiter
Studenten
·kan observera, vurdera, leggja til rette for og stø borna si språklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av den pedagogiske verksemda i barnehagen
·er ein medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremjar borna si aktive deltaking, utvikling og danning
·kan leggja til rette for eit inkluderande og variert leikemiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing
·kan leggja til rette for kvalitet og mangfald i tekstopplevingane og lesefellesskapen til borna, også i eit fleirkulturelt perspektiv
·kan rettleia, leia og reflektera kritisk over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen
Generell kompetanse
Studenten
·kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar om språk, tekst og matematikk
·kan utøva pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludera og anerkjenna dei språklege, tekstlege og matematiske erfaringane til alle born
·kan bruka norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning, ulike studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.
Praksis
Leiing av seg sjølv og borna
Første studieåret skal studenten få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigna seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i borns leik og i samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal vera rollemodell i tillegg til å vera rettleiar. Studenten skal utvikla ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
· visa evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
· planleggja og gjennomføra faglege aktivitetar med barnegruppa og vurdera kritisk eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
· ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, borna sin veremåte og borna sitt behov for omsorg, leik og læring
· leggja til rette for variert leik og utvikla gode samspelsmønster saman med born
· visa evne til å reflektera over kva pedagogisk leiing i møte med born og barnegrupper inneber
Leiardagane (minimum 3) skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden (haust og vår) og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.
Obligatorisk læringsaktivitet
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytte til emnet sine læringsutbytte.
Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar:
· Ein individuell skriftleg tekst knytt til norskfaglege emne.
· Eit utviklingsarbeid knytt til matematiske emne. Arbeidet blir avslutta med ein skriftleg tekst.
· Ein tverrfagleg læringsaktivitet knytt til praksis, munnleg i gruppe.
Rammeplan for barnehagelærarutdanning slår fast at ein barnehagelærar skal meistra norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng. Gjennom dei obligatoriske læringsaktivitetane i dette emnet skal studentane derfor visa at dei har slik kompetanse i begge språka. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera gjennomførte til fastsette fristar og godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjend, har studenten eitt nytt forsøk same semester. Obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjende kan takast på nytt neste semester
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen i både norsk og matematikk. Meir informasjon om eksamen blir gitt ved semesterstart.
Tid og stad for eksamen vil bli opplyst på Studentweb og på emnet sine sider på læringsplattforma Canvas.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel