Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203956
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor bli elektroingeniør?
Elektroteknolologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman.
Det første året er felles for alle studentane som studerer elektroingeniør og inneheld ein introduksjon til fagfeltet, samt matte og fysikk. Du kan bruke det første året til å bestemme deg for spesialisering. Alle spesialiseringane vil starte opp og du kjem inn på spesialiseringa du vel. Ønskjer du å byte campus i løpet av studiet kan du søke om overflytting, dersom du kom inn via Samordna opptak.
Velg spesialiseringa som passar deg
Andre året kan du velje mellom fire ulike spesialiseringar:
Automatisering med robotikk
Kvifor velge automatisering med robotikk?
Ein automatiseringsingeniør jobbar med å gjere prosessar og system automatiske. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet i ulike delar av næringslivet.
Du lærer om:
- reguleringsteknikk
- industriell IT
- instrumentering
- robotikk
- PLS programmering
Kor kan du studere automatisering med robotikk?
Denne spesialiseringa kan du ta i Førde, Bergen og Haugesund.
Cyberfysisk nettverksteknologi
Kvifor studere cyberfysisk nettverksteknologi?
Ein cyberingeniør jobbar med teknologiske utfordringar knytt til avanserte system som vert brukt i samfunnet, industrien og Forsvaret. Dette inkluderer mellom anna internett, mobilnett, og industrielle nettverk.
Du lærer om:
- nettverksteknologi og datakommunikasjon
- programmering (med vekt på programmering for nettverk og IoT)
- design av kommunikasjonsløysingar for sensornettverk bedriftsnettverk
- fysiske vilkår for overføring av data
- sikring av data og tjenester i nettverk
Kor kan du studere cyberfysisk nettverksteknologi?
Spesialiseringa innan cyberfysisk nettverksteknologi kan du ta på campus Bergen.
Elektronikk
Kvifor studere elektronikk?
Elektronikkingeniøren har kunnskap om korleis elektronikk komponenter og elektronikksystem er bygd opp.
Du lærer konstruksjon av eletriske system:
- Analog kretskonstruksjon
- Digital kretskonstruksjon med VHDL i FPGA
- SW-utvikling for mikrokontroller og PC
Nokre fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på kretskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte.
Kor kan du studere elektronikk?
Spesialiseringa innan elektronikk kan du ta på campus Bergen.
Elkraftteknikk
Kvifor studere elkraftteknikk?
Som elkraftingeniør bidrar du til at elektriske system fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.
Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.
Du lærer om:
- energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
- høgspenningsteknologi
- elektriske maskiner og omformarar
- kraftelektronikk
- lavspenningsinstallasjonar
Kor kan du studere elkraftteknikk?
Denne spesialiseringa kan du ta i Førde og Bergen.
Du kan også studere til å bli elektroingeniør ved campus Førde (spesialisering innan automatisering og elkraft) og campus Haugesund (spesialisering innan automatisering).
Kva kan du jobbe med?
Ein elektroingeniør har mange moglege arbeidsvegar. Kva spesialisering du vel, avgjer kva for del av elektroteknologien du kjem til å jobbe med.
Som automatiseringsingeniør kan du arbeide innan mekanisk industri, produksjonsindustri, prosessindustri, byggautomatisering, kraftproduksjon, havbruksnæring og mykje meir.
Ein elkraftingeniør kan jobbe innan landbasert industri, offshore og maritim industri, energiforsyning eller i konsulentbransjen. Elkraftingeniøren kan vere ansvarleg for prosjektering, drift og vedlikehald av elektriske anlegg som er under offentleg kontroll og tilsyn.
Cyberingeniøren jobbar ofte med utvikling av løysingar innan Internet of Things (IoT), moderne industriproduksjon, droneteknologi og autonome fartøy. Mange cyberingeniørar jobbar og med planlegging, drift og vedlikehald for operasjonell teknologi eller informasjonsteknologi.
Ein elektronikkingeniør jobbar i verksemder som utviklar, vedlikeheld eller sel elektronikksystem. Dette kan til dømes vere innan medisinsk elektronikk, instrumentering for miljø og oljebransjen, telekommunikasjon, autonome system (droner), energi, eller konsulentfirma innen elektronikksystemutvikling.
Lønn: Kva tener ein elektroingeniør?
Sjå kva ein elektroingeniør tener på utdanning.no sin lønnsstatistikk.
Korleis er undervisninga?
Du har forelesingar, rekneøvingar, laboratoriearbeid, gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr, eller simulering på datamaskin. Det er også mogeleg med praksis i arbeidslivet undervegs i utdanninga.
Førelesningane er i hovudsak på campus, men noko av undervisninga vil også vere nettbasert.
Bacheloroppgåva skriv du som regel i grupper med andre studetntar på utdanninga di. Prosjektet vil vere ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.
Har du fagskuleutdanning?
Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?
Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Då tek du utdanninga over 2 år.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.
Vidare studium etter fullført utdanning
Etter fullført bachelor i elektroteknologi kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL (avhenger av kva spesialisering du har valt):
- Master i berekraftig energiteknologi (sivilingeniør)
- Master i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap (sivilingeniør)
- Master i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping
- Master i programutvikling
Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.
Kor kan du reise?
Finland | South-Eastern Finland University of Applied Sciences - XAMK
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT)
Polen | Silesian University of Technology (SUT)
Spania | Polytechnic University of Valencia (UPV)
Tyskland | Ingolstadt University of Applied Sciences (THI)