Mennesker i en forelesning.

Didaktiske praksisar

Master

Er du lærar eller jobbar med fag- eller yrkesopplæring og ønskjer å styrke fagkompetansen din med ein master? Som lærar har du eit av dei viktigaste kunnskapsyrka i samfunnet. Det er ein krevande og givande jobb med mange komplekse utfordringar. 

Stord, Bergen, Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført og bestått lærar- eller yrkesfaglærarutdanning som kvalifiserer for undervisning i grunnopplæring og/eller vidaregåande opplæring. Du må i tillegg oppfylle følgande krav avhengig av studieretning:  

    • Matematikk og naturfag: Minst 60 studiepoeng i matematikk eller naturfag 
    • Samfunnsfag og religion: Minst 60 studiepoeng i eit samfunnsvitskapleg fag, historie eller religion/KRLE 
    • Kroppsøving og mat og helse: Minst 60 studiepoeng i anten kroppsøving eller mat og helse 
    • Andre- og framandspråksdidaktikk: Minst 60 studiepoeng i anten norsk eller engelsk 
    • Yrkesdidaktikk: Yrkesfaglærarutdanning, eller PPU for yrkesfag med bakgrunn i anten fag-/svennebrev eller profesjonsretta bachelorgrad  

    Fordjupingskravet dannar grunnlaget for val av spesialisering i masterstudiet. I søknaden må du opplyse om kva for eit 60-poengsfag du vil arbeide vidare med i masterstudiet.  

    Poenggrense ved forrige opptak

    • Alle kvalifiserte

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor velje master i didaktiske praksisar?

    Med master i didaktiske praksisar kan du som lærar styrke din faglege, pedagogiske og didaktiske tryggleik i møte med framtidas skule.

    Studiet er tilrettelagt for lærarar og andre som jobbar med fag- eller yrkesopplæring, og som vil studere på deltid. Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar på dei andre campusane ved Høgskulen på Vestlandet i løpet av studieprogrammet.

    Utdanninga er profesjonsretta og tek utgangspunkt i arbeidsfeltet ditt som lærar og dei gjeldande læreplanane for skulen. Startar du våren 2024, kan du velje ei av desse studieretningane:

    • Samfunnsfag og KRLE
    • Kroppsøving, mat og helse (avlyst våren 2024)
    • Matematikk og naturfag
    • Yrkesdidaktikk
    • Andre- og framandspråksdidaktikk (avlyst våren 2024)

    Her blir praksiskunnskapar og -erfaringar knytt saman med teoretisk kunnskap, noko som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling.

    Samlingsbasert og nettbasert

    Masterstudiet har både samlingsbasert og nettbasert undervisning. Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eigen yrkesutøving.

    Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar. Arbeidskrav varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.

    Ta studiet på heiltid?

    Alle studentar i dette studiet får status som deltidsstudent med 4. år studierett, men det er mogleg å ta studiet med heiltidsprogresjon på 2 år.

    Studiet er da lagt opp slik:

    1. semester vår: 501 og 503
    2. semester haust: 502 og 504
    3. semester vår: 505 og byrje masteroppgåva 550
    4. Fullføring og innlevering av masteroppgåva 550

    I studieplanen finn du emnebeskrivingane til kvart emne, der det står meir informasjon om korleis undervisninga er bygd opp.

    Det er inntil tre fysiske samlingar i kvart emne i tillegg til nettmøte. Dette gjeld alle emne, med unnatak av MDIP504 som er eit heildigitalt emne. Generelt vil det vera noko meir fysisk oppmøte første studieår, enn andre.  Nesten 90% studentane våre er i jobb parallelt med studia, men i ulike stillingsstorleikar. Vi legg vekt på å vera føreseieleg, som betyr at du som student vil kunne finne informasjon om tidspunkt for undervisning allereie når studia opnar for søking.

    Samlingsdatoar for våren 2024

    Kroppsøving, mat og helse

    MDIP501A Didaktiske praksisar retta mot undervisning i kroppsøving og mat og helse

    Samlingsdatoar
    1.-2. februar (Stord campus)
    14.-15. mars (Bergen campus)
    18.-19. april (Stord campus)

    Nettundervisning
    8. februar
    22. februar
    11. april

    Samfunnsfag og religion

    MDIP501C Globalisering og utdanning

    Samlingsdatoar: (Bergen campus)
    25.-26. januar 
    25.-26. april 

    Nettundervisning:
    22. februar (digital, halv dag) og 21. mars (digital, halv dag)

    Andre- og framandspråk

    MDIP501D Andre- og framandspråkslæring i norsk skule og opplæring

    Samlingsdatoar i Bergen
    29.-31. januar
    18.-20. mars
    29.-30. april

    1 eller 2 nettundervisning kl. 15.00–17.00

     

    Yrkesdidaktikk

    MDIP501F Ledelse av yrkesdidaktiske arbeid i praksis

    Samlingsdatoar
    17.-18. januar (Bergen campus)
    6.-7. mars (Bergen campus)
    6.-7. mai (Sogndal campus)

    Matematikk og naturfag

    MDIP501G Matematikk- og naturfagdidaktikk i praksisfeltet

    Samlingsdatoar i Bergen
    25.-26. januar
    14. – 15. mars
    2.-3 mai

    Nettundervisning
    8. februar
    29. februar
    11. mars

    Fellesfag MDIP503 (Heiltid)

    Samlingsdatoar i Bergen
    15.-17. januar
    19.-21. februar
    18.-20. mars

    Digitalt oppstartsmøte 9.januar 2024

    9. januar blir det digitalt oppstartsmøte for alle nye studentar våren 2024.

    Lenke til Zoom: https://hvl.zoom.us/j/64602339664?pwd=ejFZTkJWc3YwMjg0Z2JHK0ZPRGZiZz09&from=addon

    Passord: 030671

    Kl. 15:00-16:00

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Det er mogleg å søkje støtte frå UDIR

    Vil du studere meir?

    Studiet kvalifiserer til opptak til doktorgradsutdanningar.