Feltet programvareteknikk handlar om ingeniørprinsippa for design, utvikling, evaluering, distribusjon og vedlikehald av programvare og programvaresystem.
Feltet sensornettverk handlar om teknikkar, maskinvare- og programvareplattformar som etablerer kommunikasjonsinfrastruktur mellom nettverksbaserte sensoreiningar.
Feltet ingeniørdatahandsaming handlar om utvikling og bruk av matematiske modelleringsteknikkar, programvare og dataplattformer for å løyse komplekse problem innan ingeniørfag.
Kva blir du kvalifisert for?
Avhengig av kva for spesialiseringsområde du vel, vil du få toppmoderne forskingskunnskap, ferdigheiter og kompetanse innanfor eitt eller fleire forskingsområde: Modelldrevne ingeniørtilnærmingar for utvikling av programvaresyste, effektive kommunikasjonsinfrastrukturar for nettverksbaserte og innebygde sensorsystem, avansert matematisk modellering og tilhøyrande berekningsteknikkar for problemløysing innan engineering, og teknikkar for prosessering og analyse av massive datasett frå vitskapelege eksperiment.
Programmet gjer det mogleg å forfølge ein forskarkarriere i akademia, så vel som i industrien, knytt til bruk av informatikk i ingeniørfag, vitskap og samfunn.
Utveksling
Forskingsmiljøet som er ansvarleg for ph.d.-programmet har omfattande internasjonale samarbeid, inkludert forskingssamarbeid og rettleiing av ph.d.-kandidatar. Som ph.d.-kandidat vil du få moglegheit til å presentere forskingsarbeid som del av seminar og møte med internasjonale gjestar, og til å delta i diskusjon med andre forskarar på feltet.
Ph.d.-studia inkluderer eit obligatorisk 3-6 månader langt besøk til ein internasjonal forskargruppe. Dispensasjon frå dette blir berre gitt i ekstraordinære tilfelle og er betinga av godkjenning av programkomiteen.
Kor kan du reise?
Frankrike | Université Sorbonne Paris Nord
India | Coimbatore Institute of Technology
Italia | University of Turin
Italia | Università degli Studi dell’Aquila
Polen | University of Warsaw
Spania | Autonomous University of Madrid
Tyskland | Philipps-University of Marburg
Tyskland | University of Applied Sciences Hannover