Landskap med fjell og fjord.

Climate Change Management

Master

Verda står overfor store klimautfordringar med meir ekstremver, flaum og skred. Master in Climate Change Management gir deg ein etterspurd og tverrfagleg kompetanse på korleis ein kan få til ei berekraftig omstilling og grønare åtferd.

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Alle tre krava må vere oppfylte:

    1. Bachelorgrad, eller tilsvarande, i naturvitskap, samfunnsvitskap, teknologi eller ingeniørfag med minimum 80 studiepoeng i:
      - Miljøvitskap
      - Politikk og forvalting
      - Grøn teknologi og omstilling
      - Geovitskap og naturfarar
      eller ein kombinasjon av desse
    2. Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre.
    3. Søkarar med utdanning frå land utanfor Norden må dokumentere engelsk jamfør § 2.1 (4) i forskrift om opptak til HVL.

    Søknadsfrist for søkarar utanfor EU/EØS: 1. desember 2023
    Søknadsfrist for søkararfra EU/EØS: 1. mars 2024

    Slik søker du

      • Logg inn i SøknadsWeb.
      • Velg opptak "Master programmes for international students"
      • Velg studiet du vil søke på fra lista, søknadskoden for norske søkere er 3304.
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
      • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere Climate Change Management?

    Med kort veg til fjord, fjell, isbrear og skred- og flaumutsett terreng,
    er Sogndal det perfekte laboratoriet for å studere klimaendringar, 

    I Sogndal kjem du også tett på eit internasjonalt forskingsmiljø med brei kompetanse innan klima, natur og berekraft.

    Vi ser på klimautfordringar og klimatilpassing gjennom ei holistisk tilnærming, der både naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege perspektiv blir vektlagd. I masteroppgåva di kan du spesialisere deg innan eit tema du interesserer deg spesielt for.

    Du lærer om

    • klimaendringar, og korleis desse påverkar samfunn og økosystem
    • samfunnsomstilling, klimapolitikk, forbrukaråtferd og sirkulærøkonomi
    • klimamodellar og klimaprojeksjonar for å analysere og vurdere ulike framtidsscenario
    • omstilling av energiproduksjon, energiforbruk og energisystem i ei klimavennleg retning
    • nødvendige omsyn til blant anna skred og flaum i arealplanleggingsarbeid
    • positive og negative samspeleffektar mellom klimaendringar, klimatiltak, naturkrise og berekraftig utvikling
    • naturbaserte løysingar til klimautfordringar
    Tor-Eirik på lab med jordprøvar og mikroskop.

     – Kombinasjonen av natur- og samfunnsvitenskapelige fag blir en stor fordel når jeg kommer ut i arbeidslivet og skal samarbeide med folk fra ulike fagfelt.

    Møt Tor-Eirik

    Korleis er undervisninga?

    Vi har forelesingar, ekskursjonar, feltarbeid, arbeid i laboratorium og prosjektarbeid. 

    Dette er ein internasjonal master med både norske og utanlandske studentar, noko som gir deg ein unik moglegheit for erfaringsutveksling. All undervisning er på engelsk. Du kan skrive masteroppgåva på norsk eller engelsk.

    Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. semester. Her kan du fordjupe deg i eit emne du interesserer deg særleg for.

    Kor kan du reise?