Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203002
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor bli branningeniør?
Branningeniørar er spesialiserte sikkerheitsingeniørar. Kjerneoppgåva for branningeniøren er å planlegge og sette i verk førebyggande tiltak som hindrar og reduserer konsekvensane av brann. Som branningeniør er du med på å skape auka sikkerheit i samfunnet gjennom å kartlegge, analysere og sette i verk viktige brannførebyggande tiltak.
HVL har Noregs einaste branningeniørutdanning! Det er stor mangel på branningeniørar, og ved å ta denne utdanninga blir du ettertrakta og sikra ein god jobb.
Sentrale tema i branningeniørutdanninga er branndynamikk (det vil seie korleis ein brann oppfører og utviklar seg), risikoanalyser, bygningsteknologi, brannsikkerheit i design av bygg, beredskapsleiing og sløkkesystem.
Kor lang tid det tar å evakuere mange menneske ut frå eit stort bygg? Er det tilstrekkeleg med rømingsvegar? Er bygget designa slik at både menneske og omgjevnader kan sikrast på ein effektiv og god måte?
Du kan studere bachelor i branningeniør på heiltid ved campus Haugesund.
Dekker du ikkje opptakskravet?
Viss du har generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk så kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES.
TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!
Kva kan du jobbe med?
Som ferdigutdanna branningeniør kan du jobbe
- i branntekniske firma
- i byggnæringa gjennom ulike rådgjevingsfirma
- i brannvesenet si førebyggande avdeling
- med brannsikring og teknisk sikkerheit i industri- og offshorenæringa
Lønn: Kva tener ein branningeniør?
Ein branningeniør tener i gjennomsnitt 732 480 kr i året. Sjå meir informasjon på utdanning.no.
Studentjobb i Haugesund
Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar.
Korleis er undervisninga?
Undervisninga varierer mellom forelesingar, gruppearbeid, bedriftsbesøk, lab og rettleiing. Vi har også eit eige brannlaboratorium i høgskulebygget der vi utfører øvingar og testar. Det blir opna for studieturar i inn- og utland.
Utveksling
Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda som gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL.
Kor kan du reise?
Australia | Victoria University
Australia | James Cook University
Tyskland | Otto Von Guericke University of Magdeburg