Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i bioingeniørfag

Hausten 2021

Bachelorstudiet i bioingeniørfag er ei treårig profesjonsutdanning (180 studiepoeng) innan helsefag utforma etter Forskrift om nasjonal retningslinje for bioingeniørutdanning (2019). Fullført studium kvalifiserer til bachelorgrad i bioingeniørfag og gir grunnlag for norsk autorisasjon som bioingeniør, i høve til Lov om helsepersonell §48.

Bioingeniøryrket krev både  grunnleggjande naturvitskaplege og helsefaglege kunnskapar samt meir spesialisert medisinsk, teknologisk og metodologisk kompetanse. Arbeidsoppgåvene til ein bioingeniør omfattar pasientkontakt ved blodprøvetaking, medisinsk laboratoriearbeid, samt forsking og utviklingsarbeid. Bioingeniørar nyttar mindre pasientnære instrument, større avansert laboratorieutstyr, automasjonssystem og informasjonsteknologi. Dei undersøker blod og andre kroppsvæsker, samt ulike vev frå pasientar for å skaffe korrekte analysesvar til hjelp i diagnostikk, førebygging og behandling av sjukdomar.

Læringsutbytte

Etter fullført og bestått studie har kandidaten følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei kunnskap om kvantitative og kvalitative laboratorieteknikkar, metodar og analyseprosessar som nyttast i bioingeniørfagleg arbeid.
  • har kunnskap om utstyr, analyseinstrument, informasjonsteknologi og automasjonssystem som vert nytta i medisinske laboratorium.
  • har brei kunnskap om system for å sikre pålitelege analysesvar for ulike laboratoriemetodar, slik som interne kvalitetskontrollprogram og rutinar for analyseovervaking, samt har kunnskap om avgrensing og dei vanlegaste feilkjelder for ulike metodar.
  • har kunnskap om bruk av analyser og korleis resultat kan tolkast både i relasjon til kroppen sin normale funksjon og til sjukdom.
  • kjenner til vitskaplege metodar for forsking og utvikling innan bioingeniørfaget.
  • kan oppdatere kunnskap gjennom informasjonsinnhenting og i kontakt med fagmiljøet og yrkesfeltet.
  • kjenner laboratoriemedisinen sin plass i helsetenesta og bioingeniørfaget sin eigenart, inkludert historie og utvikling.

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • har innsikt i praktiske og teoretiske bioingeniørfaglege problemstillingar og tar faglege val basert på kunnskap og resultat frå relevant forskings- og utviklingsarbeid.
  • kan bruke teknikkar og metodar, utstyr og instrument som vert nytta i medisinske laboratorium.
  • kan kvalitetssikre eige arbeid og vurdere laboratoriemetodane sine mogelegheiter, avgrensingar og feilkjelder.
  • kan sikre trygge blodprodukt og tappe blodgjevarar under rettleiing.
  • kan reflektere over eigen fagleg praksis, søke og ta imot rettleiing.
  • kan tileigne seg ny kunnskap, vere kritisk til fagstoff frå ulike kjelder og bruke kjelder på ein korrekt måte.
  • kan utføre kapillær- og venøs blodprøvetaking av vaksne etter gjeldande forskrifter, og bidra til at pasienten er trygg i prøvetakingssituasjonen.
  • kan bruke faglege uttrykksformer, kan innhente, dokumentere og formidle relevant fagstoff skriftleg og munnleg

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan følge yrkesetiske retningslinjer og også reflektere over bioingeniørens bidrag til å oppnå berekraftsmåla.
  • kan planlegge og gjennomføre varierte bioingeniørfaglege arbeidsoppgåver, i tråd med gjeldande retningslinjer.
  • kan arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig etter gjeldande prosedyrar, lover og forskrifter.
  • kan innhente, dokumentere og formidle bioingeniørfagleg kunnskap gjennom munnleg og skriftleg presentasjon på norsk og basal engelsk.
  • kan arbeide tverrfagleg med andre yrkesgrupper til beste for pasienten, respektere individuelle og kulturelle ulikskapar og bidra til å sikre likeverdige helsetenester for alle grupper i samfunnet.
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar og kan bidra til systematiske, kvalitetsbetrande og berekraftige arbeidsprosessar innan bioingeniørfaget.

Innhald

Innhaldet i Bioingeniørstudiet omfattar naturvitskapelege og biomedisinske emne (ca. 40 %), samfunnsvitskapelege- og humanistiske emne (ca. 10 %) og medisinske laboratorieemne (ca. 50 %).

Første studieår gjev eit grunnlag i biomedisin og førebur studenten på kva ein bioingeniør er. Andre året gjev innføring i ulike medisinske laboratoriespesialitetar og laboratorieteknologi, før tredje studieår gjev ytterlegare kompetanse innan laboratoriemedisin, laboratorieteknologi og profesjonskunnskap i praksis.

Praksisstudiar utgjer til saman 1/3 av studiet, der 1/3 vert utført eksternt i medisinske laboratorium i helseføretaka.

Studiet vert avslutta med eit bachelorprosjekt innan bioingeniørfagleg forsking og utvikling.

Praksis

Praksis utgjer totalt 1/3 av studiet (60 studiepoeng). Av desse er 40 studiepoeng knytt til ulike laboratoriekurs internt ved utdanninga, medan til saman 20 studiepoeng er eksterne praksisstudium ved medisinske laboratorium, primært i Helse Vest.

Intern praksis ved utdanninga er fordelt på alle semester, der studenten får trene på praktisk laboratoriearbeid med opplæring i ulik metodikk og handtering av relevant utstyr. Det er lagt vekt på at studenten gjennom heile studiet får laboratorietrening for systematisk å kombinere teori og praksis.

Ekstern praksis ved medisinske laboratorium i helseføretaka er ein viktig læringsarena for bioingeniørstudenten. Studenten vert utplassert i forskjellige medisinske laboratorium der læring skjer i autentiske arbeidsmiljø under rettleiing av erfarne bioingeniørar. Slik gjev ekstern praksiserfaring i bioingeniørfaglige oppgåver og ansvarsområder.

Studenten må rekne med å ta deler av den eksterne praksisen på sjukehus som høyrer inn under heile Helse Vest.

Det er obligatorisk oppmøte til all praksis.

Det er ikkje tillate å bruke plagg, som burka og nikab, som dekker heile andletet og armane ved gjennomføring av praksisstudia. Dette i samsvar med reglar for utføring av yrket, med omsyn til sterilt laboratoriearbeid samt pasient- og pårørandekontakt.

Meir detaljert informasjon om interne og eksterne praksisstudiar er gitt i emneplanen for kvart enkelt studieemne og på nettsida ePraksis.no.

Periodar med ekstern praksis fordeler seg slik i studiet:

  1. studieår: 1 veke, 2. semester i studieemnet BIO175.
  2. studieår: 3 veker, 4. semester i studieemnet BIO207.
  3. studieår: 3 veker i 5. semester i studieemnet BIO303 og 7 veker i 6. semester i studieemnet BIO306.

Arbeidsformer

Ved utdanninga nyttast ulike arbeids- og undervisningsformer. På campus nyttast førelesningar, problembasert læring og praktiske laboratoriekurs. Det vert òg nytta studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper,  der studentane får rettleiing og tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg framstilling av arbeid.  I tillegg er studentane i praksisstudiar i yrkesfeltet, som også inkluderer tverrprofesjonelt samarbeid (TPS) med studentar frå andre helsefagutdanningar. Det vert nytta digitale læringsressursar som er tilgjengeleg via læringsplattforma Canvas og den opne nettsida ePraksis.no.

Det blir normalt berre sett opp eit laboratoriekurs per semester i kvart emne. Studentar som ikkje er til stades, eller av andre årsaker ikkje får godkjend obligatorisk laboratoriekurs, vil difor ikkje kunne ta nytt laboratoriekurs inneverande semester. Studentar som ikkje får godkjend laboratoriekurs må vente til neste gong emnet blir undervist.   

Ein student har berre rett på 2 forsøk i eit laboratoriekurs. 

Detaljert informasjon om undervisningsformer er gitt i emneplanen for det enkelte emnet.

Vurderingsformer

Studenten vil møte ulike vurderingsformer gjennom studiet: skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, munnleg eksamen, praktisk eksamen, mappevurdering, eller kombinasjonar av desse.

Vurderinga vert gjeve anten i form av greidd/ikkje greidd, eller bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og E er dårlegaste karakter for greidd. Karakteren F tyder ikkje greidd.

Ekstern praksis vert vurdert som greidd/ikkje greidd.

Detaljert informasjon om vurderingsformer er gitt i emneplanen for det enkelte emnet.

Krav til studieprogresjon

For opptak til andre studieår ved bioingenørutdanninga blir det kravd at  følgjande emne er greidd: BIO101 Danning og akademisk handverk, BIO170 Matematikk med dataverktøy, BIO171 Anatomi, fysiologi og histologi, BIO172 Biostatistikk og BIO175 Medisinsk laboratorieteknologi I.

For opptak til tredje studieår blir det kravd at alle emna i 1. og 2. studieår er greidd.

Enkelte emner kan ha tilleggskrav. Detaljert informasjon om progresjonskrav og tilrådde forkunnskapar er gjeve i emneplanen for det enkelte emnet.

Internasjonalisering

Studenten kan reise på utveksling i 6. semester for å utføre sitt bachelorprosjekt.

Avtalar er inngått for studentutveksling med Harvard University, University of Pennsylvania, University of Illinois in Chicago i USA, Cape Peninsula University of Technology i Sør-Afrika og Hong Kong Polytechnic University i Kina.

Bioingeniørutdanninga har vidare inngått Erasmus-avtalar med Turku University of Applied Science i Finland, Umeå University i Sverige, Metropolitian University College Copenhagen i Danmark, Eötvö Lorand University i Ungarn og Artesis Plantijn University College Antwerp i Belgia.

Det er mogleg å  utvide utvekslingsperioden og gjennomføre eksterne praksisstudiar i sjette semester ved nokre av våre samarbeidsinstitusjonar.

Organisering

Første studieår: Gjev grunnlag for biomedisinske analyser og bioingeniørens virke.

Grunnleggjande kunnskap i naturvitskaplege og medisinske laboratoriefag blir vektlagt. Studentane får ferdigheitstrening ved gjennomføring av ulike laboratoriekurs i begge semester og ei veke ekstern praksis i andre semester. Laboratoriekursa i 1. trinn vil vere av meir basal karakter med trening i grunnleggjande teknikkar, sjølvstende og ærligheit på laboratoriet. I første semester inngår også eit felles innføringsemne: «BIO101 Danning og akademisk handverk».

Andre studieår: Gjev auka forståing for laboratorieteknologi og bioingeniøren sitt virke i ulike medisinske spesialitetar

Det blir gjeve ei innføring i ulike medisinske laboratoriespesialitetar og i medisinsk laboratorieteknologi. Gjennom laboratoriekursa blir studentene gjeve ein introduksjon til meir avansert metodikk til dei ulike medisinske emna. Studentane har 3 veker ekstern praksis i ein av dei medisinske spesialitetane i 4. semester.

Tredje studieår: Studenten blir trent i medisinsk laboratorieteknologi og profesjonskunnskap

Siste studieår gjev ytterligare kompetanse innan laboratoriemedisin og medisinsk laboratorieteknologi. Alle studentar skal ha 3 veker ekstern praksis i medisinsk biokjemi i 5. semester. Studentane trener på kommunikasjonsferdigheiter og etisk refleksjon i forhold til profesjonsutøving og yrkesrolle. Det inngår vidare 7 veker ekstern praksis i 6. semester der 1 veke fokuserer på tverrprofesjonelt samarbeid med andre helseprofesjonar. Laboratoriekursa har auka vanskelegheit i 3. trinn, noko som gjer studentane klare for å utføre eit forskings- og utviklingsarbeid under rettleiing ved gjennomføring av bacheloroppgåva i 6. semester.

Teieplikt

Ein bioingeniørstudent har teieplikt etter reglar som gjeld for yrkesutøvere, jf. Lov om helsepersonell §21.

Skikkavurdering

For studieprogrammet stilles det krav om at ein må vere skikka for yrket. Det blir gjort ei skikkavurdering gjennom heile studiet for å vurdere studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å fungere som helsepersonell, jamfør forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning. Om det er grunngjeve tvil om ein student er skikka, skal det gjerast ei særskild skikkavurdering. Om ein blir funnen uskikka for yrket, blir ein utestengd frå studiet.

Autorisasjon

Etter fullført utdanning og mottatt vitnemål vil dei kandidatane som er omfatta av autorisasjonsordninga få tildelt autorisasjon, jf. § 48. i lov om helsepersonell

Medisinsk-testing og vaksinasjon

Som bioingeniørstudent kan du risikere å bli utsett for smitte i løpet av utdanninga, du kan og risikere å smitte pasientar. Vi tilrår deg difor å vaksinere deg mot hepatitt B om du ikkje allereie er vaksinert. I forkant av ekstern praksis kan det bli stilt krav om medisinsk testing og bioingeniørstudentar har rett på vaksinering mot Hepatitt B. Om du er kronisk bærer av hepatitt B er du pliktig til å opplyse om dette til studieprogramansvarleg, og det skal ikkje bli tatt blodprøver av deg gjennom utdanninga.

Tuberkuloseundersøking
Studentar som i løpet av dei tre siste åra har opphalde seg minst tre månader i eit land med høg førekomst av tuberkulose må gjennomgå ei tuberkuloseundersøking tidlegast to månader etter at ein er tilbake og før praksisstudiar. Oversikt over kva for nokre land dette gjeld, finn du på Folkeinstituttets heimesider. Tuberkulintesten må ikkje være eldre enn tre månader. Gyldig tuberkulintest MÅ være ordna før studentane kan gå ut i praksisstudiar. Studentane er sjølv ansvarleg for å la seg undersøke.

MRSA
Studentar som i løpet av dei siste 12 månadene, har arbeidd eller vært innlagd på helseinstitusjon i utlandet utanom Norden pliktar å gjennomgå undersøking for meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA) før dei kan starte i praksisstudiar ved ein helseinstitusjon. Studentar må la seg teste straks etter heimkomst og er sjølv ansvarleg for å la seg teste.

For meir informasjon sjå: Medisinsk-testing og vaksinasjon.