Hopp til innhald

Studieplan - Barn si språkutvikling og språklæring i barnehagen, inkludert barn med norsk som andrespråk

Hausten 2017

Vidareutdanningskurset «Barns språkutvikling og språklæring i barnehagen inkludert barn med norsk som andrespråk» er utvikla på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, med bakgrunn i Kompetanse for framtidas barnehage strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020.

Gjennom studiet lærer du om:

 

  • barns språktileigning og utvikling frå 0-6 år
  • typiske trekk ved språkutviklinga hos barn som har andre førstespråk enn norsk
  • avvikande språkutvikling
  • observasjon og kartlegging av barns språk
  • gode måtar å arbeide med språkstimulering i ein meiningsfull kontekst på
  • ordlæring og språkleg medvit
  • utvikling av språkmiljøet i barnehagen
  • korleis språklege forhold i dagens samfunn speler inn på språkmiljøet i barnehagen

Tilbodet er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar som ønsker å lære meir om typisk språkutvikling hos eitt- og fleirspråklege barn, og om språkutvikling hos barn med særskilte behov.

Det vil bli lagt vekt på å gje studentane solide kunnskapar om barns språktileigning, slik at dei kan gje god språkstimulering til alle barn, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå.

Det vil vere fokus på at språklæringa skal skje i meiningsfulle samanhengar, og at språket er ein sentral faktor i læring, kommunikasjon og i å skape gode sosiale relasjonar.