Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203070
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere barnevern?
Barnevernspedagogar prøver å finne gode løysingar for barn og unge som har sosiale og psykiske problem, eller som står i fare for å få det.
Evna til å skape tillit er ein av dei viktigaste eigenskapane ein barnevernspedagog må ha. Utdanninga passar for deg som er god på samarbeid og konfliktløysing.
Du kan studere barnevern ved campus Sogndal.
Du lærer:
- om forhold i samfunnet som påverkar barn og unges oppvekst og utvikling
- å kommunisere og samhandle med barn, familiar og samarbeidspartnarar
- å planlegge og bruke ulike tiltak i arbeid med barn og unge og deira familiar
Kva kan du jobbe med?
Etter bachelor i barnevern kan ein jobbe innan
- barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakt
- barnehage og skule
- flyktningtenesta i kommunar
- barne- og ungdomspsykiatri
Lønn: Kva tener ein barnevernspedagog?
Les meir om lønnsstatstikk for barnevernspedagog på utdanning.no.
Praksis
Praksisdelen av barnevernsstudiet utgjer nær 25 prosent. Gjennom alle tre studieår har du ulike typar praksis og du får jobbe med prosjekt i samarbeid med praksisfeltet.
Du må ha levert politiattest for å starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga. Her kan du lese meir om politiattest.
Her finn du informasjon om praksis for barnevern
Her kan du lese meir om innhenting og fordeling av praksisplassar
Mentorordninga Nattergalen er ei ordning der bachelorstudentar i barnevern eller sosialt arbeid er mentorar for eit barn med minoritetsbakgrunn i alderen 8-12 år.
Ole har valt gaming og spelpedagogikk som valfag. Sjå kvifor!
Korleis er undervisninga?
Vi har førelesingar, seminar, rollespel, presentasjonar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.
Kor kan du reise?
Australia | University of the Sunshine Coast (UniSC)
Australia | James Cook University
Canada | Trent University
Danmark | UCL University College
India | Tata Institute of Social Sciences
Nederland | Saxion University of Applied Sciences
Sverige | Linnæus University
Tanzania | Elimu Mwangaza
Tanzania | Kiwakukki Centre Moshi
Tanzania | Amani Centre Morogoro
Tanzania | Mehayo Centre
Tanzania | Muhimbili National Hospital
Tanzania | The Open University of Tanzania
USA | Augsburg University