Hopp til innhald

Studieplan - Barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert

Hausten 2016

Læringsutbytte

Etter fullført barnehagelærarutdanning skal kandidaten ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Dette skal danne grunnlag for pedagogisk arbeid i barnehagen og vidareutdanning på mastergradsnivå.

 

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om barnehagar i Noreg, herunder barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument.
  • har brei kunnskap i pedagogikk og i barnehagens fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid og om barns leik og læringsprosessar.
  • har brei kunnskap om korleis barns danning føregår, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfald.
  • har brei kunnskap om barns språkutvikling, fleirspråklegheit, sosiale -, fysiske og skapande utvikling og gryande digitale -, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter.
  • har brei kunnskap om barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen og kan oppdatera sin kunnskap innan fagområdet.

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke sin fagkunnskap og relevante resultat frå FoU til å leia og tilrettelegga for barns leik, undring, læring, og utvikling og til å grunngje sine val.
  • kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar.
  • kan bruke sin fagkunnskap til improvisasjon i leik, læring og formidling.
  • kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader.
  • kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar, med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av meistring.
  • kan anvende relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og relevante eksterne instansar.
  • kan identifisera særskilte behov hos enkeltbarn, og på bakgrunn av faglege vurderingar raskt setje i verk tiltak.
  • kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv.
  • kan planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningslinjer, og med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  • meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
  • kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
  • har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar for framtidas barnehage.
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innan utdanninga sine ulike fagområde og dela sine kunnskapar og erfaringar med andre.

Innhald

 

Barnehagelærarutdanninga ved HSH er eit profesjonsstudium som kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehagen. Utdanninga gir brei innføring i dei ulike sidene ved utøvinga av barnehagelæraryrket. Kjernen i arbeidet vil alltid vere det pedagogiske arbeidet med barna, men sentralt er også leiing/personalsamarbeid, foreldresamarbeid og samarbeid med andre instansar. Utdanninga skal bidra til studentane si kontinuerlege profesjonelle utvikling og til deira evne til kritisk refleksjon og profesjonsforståing.

 

Barnehagelærarutdanninga er organisert i følgjande kunnskapsområde:

  • Barns utvikling, leik og læring (BULL 30 sp)
  • Samfunn, religion, livssyn og etikk (SRLE 20 sp)
  • Språk, tekst og matematikk (STM 30 sp)
  • Kunst, kultur og kreativitet (KKK 20 sp)
  • Natur, helse og rørsle (NHB 20 sp)
  • Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid (LSU 10 sp)

 

Øvrige emne:

  • Fordjuping 30 sp
  • Bacheloroppgåve 15 sp

 

Utdanninga skal vere integrert, profesjonsretta og forskingsbasert. Det skal vere eit forpliktande samarbeid mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt. Pedagogikk og praksis skal inngå i alle kunnskapsområda. Utdanninga har ein integrert og heilskapleg profil ved at faglege, pedagogiske og praksisrelaterte element blir sett i samanheng i utdanninga. Arbeidsmåtar, pensum og vurderingsformer skal samsvara med læringsutbytteskildringane i kunnskapsområda.

 

Gjennomgåande tema for alle kunnskapsområda i studiet er:

 

  • pedagogisk leiing
  • mangfald og likeverd
  • dei yngste barna
  • barns medverknad
  • didaktikk

 

Studiemodell

1. år:

Haust

  • BULL (15 stp)
    • Praksis 10 dagar i BULL
  • KKK - Emnet går over to semester (haust og vår), utteljing av studiepoeng er vår

 

 Vår

  • KKK (20 stp)
    • Praksis 15 dagar i KKK
  • NHB - Emnet går over to semester (vår og haust), uttelling av studiepoeng er haust

 

2. år:

Haust

  • NHB (20 stp)
    • Praksis 15 dagar i NHB
  • STM - Emnet går over to semester (haust og vår), utteljing av studiepoeng er vår

 

Vår

  • STM (30 STP)
    • Praksis 15 dagar i STM + 5 dagar til samanheng barnehage/skule
  • SRLE - Emnet går over to semester (vår og haust), utteljing av studiepoeng er haust

 

3. år:

Haust

  • SRLE (20 stp)
    • Praksis 15 dagar i SRLE
  • BULL - Emnet går over to semester (haust og vår), utteljing av studiepoeng er vår

 

 Vår

  • BULL (15 stp)
  • LSU (15 stp)
    • Praksis 15 dagar i BULL / LSU

 

 

4. år:

Haust

  • Fordjuping (30 stp) - eksamen februar?
    • Praksis 10 dagar i fordjupingsemnet
  • Bachelor (15 stp)

 

 Moglegheit for utveksling 7 semester

 

 

 Studentane kan velje ei av dei 6 kunnskapsområda som utgangspunkt for bacheloroppgåva.

 

 Målgruppe:

Assistentar og pedagogiske leiarar på dispensasjon som arbeider i barnehage og som har ein arbeidskontrakt på minimum 40 % jobb i barnehagen gjennom heile studieløpet. Studiet er arbeidsplassbasert (ABLU) og barnehagen utgjer ein viktig læringsarena for utprøving og refleksjon.

 

Undervisnings- og arbeidsformer

Arbeidsmåtar i barnehagen bygger på einfagleg, fleirfagleg og tverrfagleg kunnskapsforståing. Dette vert gjenspegla i organiseringa av det einskilde kunnskapsområde og utdanninga som heilskap. Dei overordna tema blir belyst gjennom ein kombinasjon av einfagleg undervisning der faga gjennom ulike perspektiv vil supplere og nyansere skildringa av temaet, og fleirfaglege prosjekt og oppgåver som summerer opp og samanfattar dei ulike perspektiva. Gjennom ein kombinasjon av einfagleg og fleirfagleg tilnærming til felles tema søker ein å utvikle ei tverrfagleg forståing av dei overordna tema.

 

Sentrale arbeidsformer er førelesingar, læringsdialogar i plenum og grupper, basisgruppearbeid, seminar, studentframlegg, ekskursjonar, praktisk arbeid i verkstad eller i laboratorium, sjølvstudium etc. I tillegg må studentmangfaldet nyttast som ressurs i val av arbeidsmåtar.

 

Innanfor kvart kunnskapsområde skal det gjennomførast eit større tverrfagleg samarbeidsprosjekt - eit såkalla fokusområde. I tillegg kjem fleire mindre samarbeidsprosjekt som involverer dei ulike faga i kunnskapsområdet.

 

Praktisk informasjon om studiet:

Studiet er berekna å ha eit arbeidsomfang på 75 % av eit heiltidsstudium.

 

Studentane skal ha 3 fysiske samlingar à 5 dagar kvart semester på HSH, kampus Stord gjennom heile studiet. Her vektlegg ein innhald og arbeidsmåtar som best blir ivaretatt gjennom fysiske møter så som praktisk arbeid, ekskursjonar, gruppearbeid med framføringar, organisering av arbeidsperioden fram mot neste samling etc.

 

Studentane vil vidare få undervisning digitalt gjennom Adobe Connect 1 dag i veka når det ikkje er fysiske samlingar, praksis eller eksamensperiodar.

Fysiske samlingar og undervisning som e-læring er obligatorisk. Obligatorisk stiller krav om 80 % deltaking for at studentane skal få endeleg karakter i kunnskapsområdet. Studentar som har for stort fråvær oppfyller ikkje studiekravet i emnet, og vil ikkje få avsluttande vurdering i kunnskapsområdet før studiekrava er godkjent.

Utgifter til ekskursjonar og materialpengar må studenten dekka sjølv.

 

Vurderingsformer (eksamensformer):

Vurdering skal vise studentens faglege og tverrfaglege kunnskap, og forståing for ulike tema i kunnskapsområda. Vurdering skal skje i følgje læringsutbytteskildringa i studieprogrammet og i følgje det einskilde kunnskapsområde/fordjuping. Det skal vere variasjon i utdanninga si vurderings- og eksamensform og mangfaldet i innhald og metode skal ivaretakast.

 

kvart kunnskapsområde har studiekrav som må vere godkjent for å kunne framstilla seg til eksamen.

Skriftlege og munnlege studiekrav i kunnskapsområdet er både individuelle og i grupper.

 

Informasjon om vurderingsordningane går fram av emneplanen til kvart einskilde emne og vert gjennomgått av fagansvarleg ved semesterstart. Sjå elles Forskrift om eksamen ved Høgskolen Stord/Haugesund for nærare detaljar.

 

Arbeids- og undervisningsformer:

 

Studentane vil få oppgåver som det skal arbeidast med mellom samlingane. Dette kan vere utprøvingar i barnehagen, observasjonar, ulike typar skriftleg arbeid både enkeltvis og i grupper saman med medstudentar etc. Gruppearbeid kan gjennomførast både ved fysiske møter og samarbeid på nett.

I ein arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning blir barnehagen ein viktig læringsarena med oppgåver som skal løysast og prøvast ut på den enkeltes arbeidsplass.  

 

Praksis

Organisering, innhald og omfang

Rettleia praksis har eit omfang på minst 100 dagar rettleia praksis i løpet av bachelorutdanninga. 95 dagar skal gjennomførast i barnehage, og 5 dagar skal vere knytt til samanhengen mellom barnehage og skole. Førebuing og etterarbeid til praksis er obligatorisk og inngår ikkje i desse 100 dagane. Praksis er integrert i alle dei 6 kunnskapsområda og i fordjupingseiningane.

 

Studentane skal være tilstades i praksis 6,5 timar pr. dag. Dette inkluderer 0,5 times matpause. Det vert forventa at studenten tar del i dei daglege aktivitetane på avdelinga/basen, og gjennomfører dei oppgåvene som er gitt av praksislærar og høgskole. Rettleiing føregår i studentanes tilstadestid.

 

Praksisopplæring er eit fellesansvar mellom utdanningsinstitusjon og praksisfelt. Det føreset at faglærarar, pedagogikklærarar, praksislærarar, barnehageleiarar og studentar deltar i utvikling, gjennomføring og vurdering av praksis. Styrar/einingsleiar i barnehagen har det overordna ansvaret for å legge til rette for gode rammevilkår i praksisopplæringa.

 

Praksisopplæringa skal leggast opp slik at studentane

  • skal utvikle si utøvande kompetanse i samspel med barn, foreldre og tilsette
  • reflekterer over eigne handlingar, holdningar og fagkunnskap (pedagogisk grunnsyn) i møte med barn og vaksne
  • opplever samanheng mellom teoriundervisning, oppgåver og praksis
  • møter krav om progresjon, sjølvstende og ansvar som pedagogisk leder
  • blir utfordra på didaktisk arbeid knytt til både formelle og uformelle situasjonar

 

Praksisopplæringa stiller krav om 100% oppmøte og deltaking. Sjukefråvær skal dokumenterast med eigenmelding eller sjukemelding. Berre godkjent fråværsårsak som eigen eller eigne barns sjukdom og innvilga permisjonar gjeld. Fråvær skal takast igjen så snart som råd etter ordinær praksisperiode, og seinast innan utgangen av semesteret.

 

Studentane vil ikkje få anledning til å ha praksis i eigen barnehage med to viktige unntak: Vår 3. studieår knytt til kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og 4. studieår knytt til fordjupingseininga.

 

Vurdering i praksis

Praksis skal vere ein integrert del av emneplanen for det enkelte kunnskapsområde og fordjuping. Både faglærar, pedagogikklærar, praksislærar og styrar/ einingsleiar har ansvar for evaluering av studenten i praksis, men praksislærar har eit overordna ansvar.

 

Praksis er ein eigen eksamensdel i kunnskapsområdet, og skal vurderast til Bestått/Ikkje bestått. Ein student som får karakteren Ikkje bestått i praksis kan likevel gå opp til eksamen i dei andre deleksamenane innan kunnskapsområdet, men får ikkje utteljing av studiepoeng før praksis er vurdert til bestått.

 

Ein student må ha fått karakteren Bestått i alle praksisperiodane eitt studieår for å fortsette i neste studieår. Dersom studenten får karakteren Ikkje bestått i ein praksisperiode eitt år, må studenten vente til neste studieår før han/ho kan ta praksis om igjen. Det er ikkje muleg å ta den same praksisperioden om igjen meir enn ein gang. Med karakteren Ikkje bestått for 2. gang i same praksisperiode, må studiet avbrytast.

 

Ein student kan trekke seg frå praksis seinast ei veke før praksis tar til. Dersom studenten trekker seg frå praksis etter denne fristen utan gyldig grunn, har studenten brukt opp eitt praksisforsøk i den aktuelle praksisperioden.

 

Skikkavurdering

Forskrift om skikkavurdering i høgre utdanning er fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskolar § 4-10 sjette ledd.

Lærarutdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om studenten er skikka for yrket. Dette er ei heilskapleg vurdering av studenten som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader og vil gå føre seg gjennom heile studiet. Praksislærarar og faglærarar har eit felles ansvar for tilegast muleg å melde eventuell tvil om studenten er skikka. Studentar og andre tilsette kan også levere tvilsmeldingar. Desse skal gå til institusjonsansvarleg ved HSH. Studentane vil tidleg i studiet få nærare informasjon om skikkavurdering.

Forskrift om skikkavurdering: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html

 

Studiedeltaking og studieprogresjon

Barnehagelærarutdanninga føreset studentar som er aktivt deltakande. Eit fulltidsstudium svarer til 40 timars arbeidsveke i snitt for studenten. Det er krav om obligatorisk deltaking i undervisninga. Krav om deltaking har sitt utgangspunkt i læringsutbyttebeskrivingane for barnehagelærarutdanninga der læring blir utvikla gjennom samarbeid, utprøving og praktisk arbeid med medstudentar, barn og lærarar. HSH har ein sosiokulturell læringsplattform. Sentralt her er at den einskilde konstruerer sin kunnskap i samspel og dialog med andre. Kva for delar av studiet som er obligatorisk, vert nærare presisert i semesterplanane.

 

Obligatorikk stiller krav om 80 % deltaking for at studentane skal få endeleg karakter i kunnskapsområdet. Studentar som har for stort fråvær oppfyller ikkje studiekravet i emnet, og vil ikkje få avsluttande vurdering i kunnskapsområdet før studiekrava er godkjent.

 

Undervisning definert som obligatoriske ekskursjonar, stiller krav om 100 % deltaking.

 

For å sikre kvaliteten i profesjonsutdanninga, er det eit krav at studenten har bestått eksamen i alle kunnskapsområda i første studieår for å få starte opp haust tredje studieår.

 

FoU-basering:

 

Utdanninga skal bygge på forskingsbasert kunnskap som eit grunnlag for profesjonsutøving og kontinuerleg profesjonell utvikling, og bidra til kritisk refleksjon. For å opparbeide kritisk haldning og evne til refleksjon, vert studentane introdusert for vitskapleg teori og metode tidleg i studiet.

Internasjonalisering

Det er lagt opp til at studentane kan reise på utveksling i 7. semester som er haust siste studieår