Studieplan - Masterprogram i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping, deltid
Hausten 2024
Masterprogrammet skal byggje på ingeniør- og realistkompetansen til studentane frå bachelorgraden og gir fleirfagleg og tverrfagleg kunnskap innanfor ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping.
Ansvarleg innovasjon omfattar nye teknologiar og produkt som kan løyse både økonomiske, miljømessige og samfunnsmessige utfordringar. Studiet vil gi ei forståing for korleis slike ansvarlege innovasjonar bidreg til berekraftig verdiskaping, dvs. ei verdiskaping som tek omsyn til både noverande og framtidige behov. Mens ansvarleg innovasjon handlar om korleis teknologiar og produkt blir utvikla, dreier berekraftig verdiskaping seg om kva tyding slike innovasjonar får for nærings- og samfunnsutviklinga.
Deltidsløpet er eit tilbod om å ta det 2-årige masterprogrammet over fleire år.
Utdanninga er retta mot personar som jobbar med innovasjon i eksisterande
verksemder, entreprenørar som er involverte i eige oppstartprosjekt eller andre
personar i jobb som ynsker å heve kompetanse sin med ein mastergrad.
Opptakskrav
- Bachelorgrad, eller tilsvarende grad, med minst 80 studiepoeng fordypning innen ingeniør- eller realfag.
- Faglig minstekrav er et karaktersnitt på C.
Læringsutbytte
Etter fullført masterstudium i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten …
• har inngåande kunnskap om den økonomiske, miljømessige og samfunnsmessige tydinga av innovasjon
• har inngåande kunnskap om korleis ansvarleg innovasjon kan bidra til berekraftig verdiskaping
• har avansert kunnskap om innovasjonsleiing og innovasjonsstrategiar med ei tverrfagleg tilnærming
• har inngåande kunnskap om entreprenørar og kva dei har å seie for berekraftig verdiskaping
• har avansert kunnskap om forskingsområda innovasjon og entreprenørskap og praktisk-orienterte metodar på same fagfelt
• har inngåande innsikt i prosessen med å bringe nye produkt og ny teknologi ut på marknaden, inkludert vurdering av moglegheiter og avgrensingar i produktet/teknologien
• kan analysere fagleg akademiske og praktisk-orienterte problemstillingar innanfor innovasjon og entreprenørskapområdet med utgangspunkt i anerkjende teoriar og nytte denne kunnskapen på nye område
• har avansert kunnskap om forskingsdesign og sentrale metodar innanfor kvalitativ og kvantitativ forsking
Ferdigheiter
Kandidaten …
• kan analysere og nytte ulike teoretiske perspektiv på ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping på ein kritisk og sjølvstendig måte
• kan analysere utfordringar som er knytte til oppstartsfasen av verksemder og utføre sentrale entreprenørskapsoppgåver
• kan nytte resultat frå teknologisk forskings- og utviklingsarbeid og kombinere ingeniørfagleg problemløysing med analyse av implementeringsutfordringar i organisasjon og marknad, for på ein sjølvstendig måte å komme fram til praktisk og teoretisk problemløysing
• kan vurdere relevansen til ulike innovasjonsmetodikkar og kan nytte slike metodikkar i arbeidet med å realisere ein idé
• kan identifisere utfordringar i innovasjons- og entreprenørskapssystem og analysere rollene til aktørane og samspel i system, og nytte dette i analysar og faglege resonnement som er knytte til ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping
• kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse
Kandidaten …
• kan analysere relevante akademiske og praktisk-orienterte problemstillingar på individ-, team-, bedrifts-, nettverks- og systemnivå
• kan nytte kunnskap og ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid på nye område for å gjennomføre ansvarleg innovasjon og sikre ei berekraftig verdiskaping
• kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til allmenta
• kan bidra til teknologiutvikling, nytenking, ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping i samfunns- og arbeidsliv
Innhald
Masterprogrammet har to sentrale kunnskapsområde: innovasjon og entreprenørskap.
Studiet skal gi studentane ei forståing av korleis innovasjon (ny teknologi, produkt, prosessar, organisasjonsformer) blir utvikla og teke i bruk. Studiet legg vekt på at innovasjonar skal vere ansvarlege og bidra til berekraftig verdiskaping. Det vil bli drøfta kva innovasjonar har å seie, både for organisasjonar, bransjar, regionar og samfunn.
Entreprenørskapfagfeltet er knytt til korleis entreprenøren, altså den som introduserer innovasjonar, handlar og agerer. Entreprenørar har dermed ei viktig rolle for å sikre berekraftig verdiskaping. Entreprenørskap kan både finne stad i etablerte bedrifter/organisasjonar (intraprenørskap) og gjennom etablering av nye verksemder.
Kunnskapsområda innovasjon og entreprenørskap utfyller kvarandre og bidreg samla sett til at studentane ved masterprogrammet får ei inngåande forståing av korleis innovasjon, og aktørane bak det (entreprenørane), kan bidra til berekraftig verdiskaping.
Kandidatane vil få kunnskap som gjer at dei både kan forstå innovasjons-/entreprenørskapsprosessar og kan gjennomføre innovasjons- og entreprenørskapaktivitetar med vekt på ansvarskjensle og berekraft gjennom praksisbasert læring («learning by doing»). I alle emna blir det lagt vekt på samarbeid på tvers av ingeniør-/realistfag, tverrfaglege utfordringar og oppgåver, tverrfaglege perspektiv på ansvarleg innovasjon og leiing, og kritisk refleksjon kring skapelse, bruk og innføring av teknologi og innovasjonar i ulike kontekstar.
Masterprogrammet skal førebu studentane på ein ny og meir krevjande kvardag og legg derfor vekt på samarbeid på tvers av ulike ingeniørfag, korleis tverrfaglege utfordringar og oppgåver kan løysast, kva god leiing har å seie i innovasjonsprosessar, og korleis ein kan nytte kritisk refleksjon i samband med skapelse, bruk og innføring av teknologi og innovasjonar.
I programmet inngår det emne som gir innsikt i ulike perspektiv og modellar for innovasjon og entreprenørskap. Bruk av denne teorien og praksisbasert læring er viktige element i emna INN520 Innovasjon og entreprenørskap i praksis i ein regional kontekst og INN524 Innovasjon gjennom tverrfaglege studentteam. Masteroppgåva kan tas over to semester.
I studiet inngår òg eitt valemne, som skal vere innanfor teknologi/realfag. Merk at dei fleste av valemna har bestemte forkunnskapskrav, slik at moglege valemne er avhengig av fagfeltet i bachelorgraden.
Arbeidsformer
Masterprogrammet har varierte arbeids- og undervisningsformer. Utover forelesingar er det ulike studentaktive læringsformer som omfattar oppgåver og gruppearbeid, skriving av tekstar og refleksjonsrapportar, studentaktive seminar der studentar presenterer fagartiklar og bedriftsdøme og arbeider i gruppe og diskuterer aktivt med faglærarar og medstudentar. To emne har sterkt innslag av praksisbasert læring, og i andre semester skal studentane hospitere i ei bedrift i 10 veker.
Studentane er forventa å vere aktive i undervisninga gjennom å stille spørsmål, svare på spørsmål og å vise evne til kritisk refleksjon over fagstoffet.
For å gjere undervisninga praksisnær blir det henta inn gjesteforelesarar, og det blir gjennomført bedriftsbesøk. Studentane arbeider med verkelege bedriftsdøme, og studiet er tett knytt til det regionale næringslivet.
Detaljert informasjon om undervisnings- og læringsformer er å finne i skildringa av kvart enkelt emne.
Vurderingsformer
Dei fleste emna har kombinerte eksamensformer med éi eller fleire skriftlege oppgåver (gruppeoppgåve/essay, heimeeksamen, refleksjonsrapport) og skriftleg eller munnleg eksamen. På fleire av emna jobbar studentane i grupper med prosjekt/oppgåver som inngår i vurderinga. I alle emne inngår det arbeidskrav som omfattar presentasjonar av fagartiklar, bedriftsdøme og/eller presentasjon av resultat frå gruppearbeid og innleveringar.
Detaljert informasjon om vurderingsformer er å finne i skildringa av kvart enkelt emne.
Internasjonalisering
Studentane kan velje studie- og praksisopphald ved Universitetet i Stellenbosch og Universitetet i Pretoria i Sør-Afrika, eller ved Rice University i Houston, USA (avtale med NMBU), i 2.semester fra medio mars til juni (tilsvarer INN520-emnet). Studentane kan også reise på utveksling i heile 2. semester til Eindhoven University of Technology i Nederland.