Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, samfunnsfag, folkehelse, idrett, pedagogiske fag.
Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.
Søknadskode: 1704
Poenggrense ved forrige opptak
-
Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere Aktiv omsorg?
Fysisk aktivitet og bruk av naturen bidreg til helse og livskvalitet for menneske i alle aldrar. I utdanninga lærer du korleis du kan tilpasse aktivitet og nærfriluftsliv til menneske med ulike behov. Studiet legg vekt på tverrfagleg erfaringsdeling og samarbeid. Du lærer å anvende teori og praktiske verktøy i din arbeidskvardag, slik at du kan setje i gang tiltak/prosjekt allereie under utdanninga.
Korleis er studien bygd opp?
Aktiv omsorg er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng. Den er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng:
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du lære om:
- bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving
- kva eit aktivt liv har å seie for å fremme livskvalitet og helse, også i eit fleirkulturelt perspektiv
- relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid
- teoriar og tilnærmingar innan aktivitet og naturopplevingar
- sjølvstendig arbeide med å planleggje og setje i verk tiltak/prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking
- arbeide kunnskapsbasert med aktivitet og friluftsliv
Målgruppe
Studiet passar for yrkesgrupper i offentleg og privat sektor til dømes innan helse- og sosialomsorg, skule- og oppvekst og spesialisthelseteneste.
Undervisningsform
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, digitale læringsformer, praktiske aktivitetar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. I tillegg skal du gjere arbeidsoppgåver mellom samlingane.
Samlingar
Vår 2023 vert det samlingar for emnet MT501 i veke 3, 9 og 17.
Veke 3 og 17 er tysdag – fredag
Veke 9 er tysdag-torsdag + halv dag digitalt onsdag 8. februar
Haust 2023 vert det fysiske samlingar for emnet MT500 i veke 35, 39 og 44 tysdag – fredag (2. el. 3. samling sluttar torsdag)
+ digital samling torsdag i veke 42
Vår 2024: Informasjon kjem
Tilrådde forkunnskapar
Det er inga tilrådde forkunnskapar.
Pensum
Du mottek informasjon om pensum når kurset startar.
Eksamensform
I emne MT500 er det heimeeksamen
I emne MT501 er det prosjektarbeid med innlevering av prosjektrapport
Vil du studere meir?
Dei to emna kan saman, eller kvar for seg, gå inn som valfrie emne/studiepoeng i fleire masterutdanningar hved HVL. Les om korleis du kan søke om innpass. Vidare kan emna inngå i masterstudiet Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs
.