Poengutrekning
Der det er fleire kvalifiserte søkarar enn det er studieplassar, vert ein rangert på grunnlag av poengsum. Korleis du reknar ut dine poeng, kjem an på kva du har søkt.
Poengsummen din er summen du konkurrerer med, viss det er fleire søkjarar enn studieplassar.
Poengutrekninga avhenger av kva type utdanning du har søkt opptak til, og tar alltid utgangspunkt i det som er opptakskravet.
Søkarar med høgare poengsum går framfor søkarar med lågare poengsum. Ved lik poengsum, går eldre søkarar framfor yngre søkarar.
Gå til informasjon om:
- Master- og vidareutdanning
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
- Årsstudium, bachelor- og femårig masterutdanning
- Forkurs, realfagskurs, tresemesterordning og y-veg
- Overflytting
- Fagskuleutdanning (yrkesdykkar)
Master- og vidareutdanning
Ved masterstudium, og vidareutdanning med krav om høgare utdanning, er det karakterar frå bachelor/tilsvarande som er utgangspunktet. Du kan og få tilleggspoeng for anna høgare utdanning. Har du søkt eit studium som har krav om praksis, kan du og få tilleggspoeng for praksis.
Ved vidareutdanning på lågare grads nivå, er det karakterar frå VGS som er utgjer grunnlaget for poengutrekninga.
Korleis blir poenga mine rekna ut?
Slik blir poengsummen rekna ut:
Poengtype | Forklaring |
Karakterpoeng | Vekta karaktersnitt x 10. Maksimalt 50 poeng. |
+ Utdanningspoeng | 1 poeng per 30 stp. Maksimalt 4 poeng. |
+ Praksispoeng (der dette inngår) | 2 poeng per 12 mnd. Maksimalt 6 poeng |
= Konkurransepoengsum |
Dersom andre tilleggspoeng skal telje med i rangeringa til eit studieprogram, vil det stå i studieplanen.
Karakterpoeng
Karakterpoeng er det vekta karaktersnittet ditt, multiplisert med 10.
Karakterpoenga blir rekna ut av det vekta karaktersnittet som inngår i opptaksgrunnlaget til studiet, med mindre anna er fastsett i studieplan.
Utvekslingsopphald på 30 studiepoeng eller meir blir rekna med viss det fins utarbeida omrekningstabellar av NOKUT eller HVL.
Tilleggspoeng for høgare utdanning
Du kan få poeng for høgare utdanning utover opptakskravet. Det er ikkje krav om at denne utdanninga må vere relevant for å få poeng.
Tilleggspoeng for praksis
For utdanningar som har praksiskrav, kan du få poeng viss du har meir praksis enn det som er opptakskravet.
Praksis vert rekna frå datoen på vitnemålet. Viss yrket krev autorisasjon, vert praksis rekna frå autorisasjonsdato.
Du kan og få praksispoeng for opptak til studium som ikkje har praksis som del av opptakskravet. Dette vil i så fall stå i studieplanen.
Korleis rekne ut karakterpoeng
Karakterpoeng er det vekta karaktesnittet ditt frå høgare utdanning multiplisert med 10, med mindre anna er fastsett i studieplanen.
Omrekningstabell
Karaktersnittet vert rekna på ein skala frå 5-1, kor 5 er høgast. For å kunne rekne ut karaktersnitt, må vi gjere om karakterane til riktig talverdi:
Bokstavkarakter | Talkarakter | Eldre bokstavkarakter | Gir følgande talverdi |
A | 1,0–2,2 | Særs godt (sg) | 5 |
B | 2,3–2,5 | Mykje godt (mg) | 4 |
C | 2,6–2,7 | Godt (g) | 3 |
D | 2,8–3,0 | Noko godt (ng) | 2 |
E | 3,1–4,0 | Lite godt (lg) | 1 |
Emne som berre er bestått/ikkje bestått, blir ikkje rekna med i karaktersnittet.
Ved eldre vitnemål utan tal- eller bokstavkarakter reknast karakteren "bestått/greidd" som karakter C.
Vekta snitt
Når vi reknar ut vekta karaktersnitt, vil emne med fleire studiepoeng telje meir enn emne med færre. Ved vitnemål eller karakterutskrift utan vekting, reknar vi snittet av alle gjeldande karakterar.
Vi multipliserar talverdi med studiepoeng for kvart emne som inngår i opptaksgrunnlaget. Produkta blir så summert, og delt på tal studiepoeng som er med i utrekninga. Resultatet blir berekna med tre desimalar. Dette blir det vekta karaktersnittet. Karakterpoeng er det vekta karaktersnittet multiplisert med 10.
Eksempel på utrekning:
Bokstavkarakter | Talverdi | Studiepoeng | Talverdi x studiepoeng |
A | 5 | 15 | 75 |
E | 1 | 5 | 5 |
C | 3 | 15 | 45 |
B | 4 | 30 | 120 |
B | 4 | 20 | 80 |
Sum | 85 | 325 |
Karaktersnitt: 325/85 = 3,824
Karakterpoeng: 3,824 x 10 = 38,24
Viss du har eit vitnemål der studiepoeng/vekttal ikkje er oppgitt for kvart emne, blir karakterane vekta ut frå rammeplanen som gjaldt då du fullførte utdanninga. Dette gjeld i hovudsak eldre helsefaglege utdanningar.
Eg tar opp fag, blir desse rekna med?
Viss du tar opp fag må du gje beskjed om dette i søknaden før søknadsfrist, og dokumentere den nye karakteren innan 1. juli. Sjå info om dokumentasjon for forklaring på kva vi har automatisk tilgang på, og kva du eventuelt må laste opp sjølv.
Etter 1. juli går vi gjennom nye resultat og fag som er fullført i vår. Viss du har meldt fra om at du tar opp fag, vil poengsummen din bli rekna ut på nytt. Den nye poengsummen får ikkje tilbakeverkande kraft, men du får beskjed dersom den nye summen gjer at du får studieplass eller ny plassering på venteliste.
Emnet du tar opp må vere heilt likt eit emne du har frå før – det kan ikkje vere endra, utgått eller ha ny emnekode. Viss du vil erstatte eit emne i graden din, må du laste opp ei godkjenning frå lærestaden som gav deg vitnemål. I stadfestinga må det stå at det nye emnet er ei gyldig erstatning for eit spesifikt emne i graden din.
Poenggrenser
Du finn poenggrensene frå forrige opptak på studieprogramsida for studiet.
Kvoter
På nokre studieprogram er studieplassane fordelt på ulike kvoter. Dette vil stå på nettsida til studieprogrammet.
Alle søkjarar som dekker opptakskrava til studiet, konkurrerer i ordinær kvote. Viss du dekker krava til fleire kvoter, konkurrerer du både i ordinær kvote, og i dei kvotene du er kvalifisert for.
Usikker på poengsummen din? Test poengkalkulatoren!
Merk at utrekninga i kalkulatoren berre er rettleiiande.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Poengutrekning allmenne fag
Ved søknad til PPU for allmenne fag, er det karakterar frå bachelor- og eventuelt mastergraden din som er grunnlaget for poengutrekning.
Type poeng | Forklaring |
Karakterpoeng | Vekta karaktersnitt frå opptaksgrunnlaget x 10 |
+ Utdanningspoeng | 1 poeng per 30 stp utover opptakgrunnlag. Maks 4 poeng. |
+ Andre tilleggspoeng | 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule |
= Konkurransepoeng |
Vekta karaktersnitt: Karakterene gjerast om til talverdi, A=5, B=4, C=3, D=2 og E=1. Talverdien vert så ganga med kor mange studiepoeng emnet var på. Dette blir summert, og delt på total antall studiepoeng. Da vil karakteren i større emne vege tyngre enn mindre emne.
C-krav: Der det ved PPU-A er opptakskrav om karakter C i gjennomsnitt frå bachelor, må du ha minst 30,00 karakterpoeng.
Tilsetting i skule: For å få poeng for tilsetting må du anten dokumentere fast tilsetting på vilkår om å ta PPU, eller at du har arbeida som lærarvikar i minst 50% stilling i inneverande skuleår.
Poengutrekning for PPU heimla i §4-4 i forskrift om opptak til HVL.
Poengutrekning yrkesfag
Ved PPU for yrkesfag tar poengutrekninga utgangspunkt i karakterar frå yrkesteoretisk utdanning eller profesjonsretta bachelorgrad, avhengig av kva som er opptaksgrunnlaget ditt.
Poengtype | Profesjonsretta bachelorgrad | Fag-/sveinebrev og yrkesteorietisk utdanning |
Karakterpoeng | Vekta karaktersnitt x 10 | Vanleg karaktersnitt frå yrkesteoretisk utdanning x 10 |
+ Utdanningspoeng | 1 poeng per 30 stp fagleg fordjuping utover opptakgrunnlaget. Maks 4 poeng. | Gir ikkje poeng |
+ Praksispoeng | Gir ikkje poeng | 2 poeng per 12 mnd med relevant praksis utover kravet. Maks 6 poeng. |
+ Andre tilleggspoeng | 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule* | 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule* |
= Konkurransepoeng |
Vekta karaktersnitt: Karakterene gjerast om til talverdi, A=5, B=4, C=3, D=2 og E=1. Talverdien vert så ganga med kor mange studiepoeng emnet var på. Dette blir summert, og delt på total antall studiepoeng. Da vil karakteren i større emne vege tyngre enn mindre emne.
Tilsetting i skule: For å få poeng for tilsetting må du anten dokumentere fast tilsetting på vilkår om å ta PPU, eller at du har arbeida som lærarvikar i minst 50% stilling i inneverande skuleår.
Poengutrekning for PPU-Y er heimla i §4-5 i forskrift om opptak til HVL.
Årsstudium, bachelor- og femårig masterutdanning
Ved søknad i Samordna opptak er det karakterpoeng frå vidaregående skule som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Sjå informasjon hos Samordna opptak om korleis du reknar poeng:
Om poengutrekning i Samordna opptak
Bachelor i Maritime Management
Her vert du rangert på bakgrunn av karakterane på vitnemålet ditt frå fagskoleutdanninga.
Bokstavkarakter vert omgjort til talkarakter der A = 6 og E = 2. Karakterpoengsummen din vert utrekna ved å gange snittet med 10. Karakterpoenga saman med eventuelle tillegspoeng utgjer konkurransepoenga dine i rangeringen.
Du får alderspoeng frå og med det året du fyller 20 år, 2 poeng per år, maksimalt kan du få 8 alderspoeng.Viss du har løyst sertifikat (D1/M1 eller høgare) får du 2 tilleggspoeng.
Forkurs, realfagskurs, tresemesterordning og y-veg
Karakterar frå vidaregåande eller fagskule er grunnlaget for utrekninga. Sjå korleis vi reknar ut poeng her:
Forkurs
Poengtype | Forklaring |
Karakterpoeng | Karaktersnitt * 10 |
+ Poeng for fagbrev | 5 poeng |
+ Poeng for praksis | 1 poeng per 12 mnd, maks 5 poeng |
+ Kjønnspoeng | 2 tilleggspoeng for kvinnelige søkarar |
= Konkurransepoengsum |
Karakterpoeng er karaktersnittet ditt frå Vg1 og Vg2, multiplisert med 10. Fellesfaga blir berre rekna frå høgaste nivå, så f.eks. tel karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving kun frå Vg2.
Praksispoeng blir gitt for relevant arbeidspraksis gjennomført etter fullført fagbrev/yrkeskompetanse.
Yrkesveg (y-veg)
Poengtype | Forklaring |
Karakterpoeng | Karaktersnitt * 10 |
+ Poeng for praksis | 1 poeng per 12 mnd, maks 5 poeng |
= Konkurransepoengsum |
Karakterpoeng er karaktersnittet ditt frå Vg1 og Vg2, multiplisert med 10. Fellesfaga blir berre rekna frå høgaste nivå, så f.eks. tel karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving kun frå Vg2.
Praksispoeng blir gitt for relevant arbeidspraksis gjennomført etter fullført fagbrev/yrkeskompetanse.
Realfagskurs
Ved realfagskurs er det karakterpoeng frå vidaregående skule som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Sjå informasjon hos Samordna opptak om korleis du reknar poeng fra VGS:
Tresemesterordning (TRES)
Ved tresemesterordning er det karakterar frå VGS som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Sjå informasjon hos Samordna opptak om korleis du reknar poeng fra VGS:
Overflytting
Med mindre anna er oppgitt, er det karakterpoeng frå vidaregående skule som utgjer grunnlaget for poengutrekninga, saman med andre tilleggspoeng du kan ha rett på. Utrekning av poeng skjer på same måte som i Samordna opptak.
Viss det er poenglikskap mellom to eller fleire søkjarar, vert søkjarar med studierett ved Høgskulen på Vestlandet prioritert framfor andre søkjarar.
Om poengutrekning i Samordna opptak
Fagskuleutdanninng (yrkesdykkar)
Poengsummen din blir rekna med utgangspunkt i karakterane dine frå vidaregåande skule. Så blir eventuelle tilleggspoeng lagt til. Ved yrkesdykkarstudiet kan du få tilleggspoeng for:
- fag- eller sveineprøve
- "meget godt bestått"
- relevant yrkespraksis