Opptakskalender
Her finn du informasjon om viktige datoar knytt til søknad om studieplass ved HVL.
Avhengig av kva type utdanning du skal søke på, skjer opptaket anten i Samordna opptak eller i vår lokale Søknadsweb.
Samordna opptak
I Samordna opptak søker du til bachelor- og integrert masterutdanning, årsstudium, og fagskuleutdanning i yrkesdykking. Sjå all info om tidsfristar hos Samordna opptak her:
Universitet og høgskule Fagskule
Lokalt opptak
I det lokale opptaket i Søknadsweb søker du på blant anna master- og vidareutdanning, PPU, realfags- og forkurs, tresemester, y-veg, overflytting, og enkeltemne.
Fristar kan avvike frå denne oversikta. Sjekk alltid heimesida til studieprogrammet for gjeldande frist. Sjå oversikt over viktige datoar og fristar:
Viktige fristar
Opptak til høsten
1. desember
Søknadsfrist går ut for:
- Søkarar utanfor EU/EØS til internasjonale master med oppstart på hausten
1. mars
Søknadsfrist går ut for:
- Masterutdanning innan helse- og sosialfag
- Masterutdanning innan andre fagområde som har krav om praksis
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y)
- Internasjonale masterstudium for søkarar frå EU/EØS
- Tolking i offentleg sektor
Er du usikker, står alltid søknadsfristen på heimesida til det aktuelle studieprogrammet.
15. april
Søknadsfristen går ut for:
- Masterutdanning utan opptakskrav om praksis
- Vidareutdanningar
- Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A)
- Internasjonale masterstudium for søkarar frå Noreg + søkarar frå EU/EØS til Master i Maritime Operations
- Forkurs, realfagskurs, yrkesveg, tresemesterordning
- Overflytting
- ABLU - arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning
- Kompletterende utdanning for sjukepleiar med utdanning frå land utenfor EU/EØS
Er du usikker, står alltid søknadsfristen på heimesida til det aktuelle studieprogrammet.
1. juli
Dokumentasjonsfrist for tilbod på vilkår. Viss du fullfører kvalifiserande utdanning det semesteret du søker lokalt opptak, kan du få tilbod på vilkår. 1. juli er fristen for å dokumentere at du har møtt vilkåra.
Opptak til våren
1. november
Søknadsfrist går ut for:
- Masterutdanning innen lærer og pedagogiske fag.
15. november
Søknadsfrist går ut for:
- Realfagskurs
- Suppleringsopptak til master i klinisk sykepleie
- Vidareutdanning i helse- og sosialfag
- Etter- og videreutdanning skole og barnehage (noen tilbud kan ha en annen frist, se det enkelte tilbudet)
1. desember
Søknadsfrist går ut for:
- Enkeltemner
Når kan eg søke?
1. oktober
Søknadsweb opnar for søking til utdanningar som startar på våren.
Søknadsweb opnar for søking til internasjonale masterprogram for søkarar utanfor EU/EØS med oppstart på hausten.
1. februar
Søknadsweb opnar for søking til studieprogram som har oppstart i haustsemesteret.
Når får eg svar på søknaden?
Opptak til høsten:
Master innan helse- og sosialfag - innan 15. mai
Internasjonale masterutdanningar
- Søkarar utanfor EU/EØS: i løpet av våren.
- Søkarar frå EU/EØS og Noreg: midten av mai
Alle resterande master - innan 1. juni
Vidareutdanningar innan helse- og sosialfag - innan 15. mai
Alle resterande vidareutdanningar - innan 1. juni
Forkurs og realfagskurs innan 11. juli
Y-veg og tresemesterordning - innan 17. mai
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), både yrkesfag og allmennfag - innan 1. juni
Overflytting - innan 10. juli
Enkeltemne - innan 10. juli
Tolking i offentlig sektor månedsskiftet juni/juli
Opptak til våren:
- Datoene vil bli publisert når det opnast for søking.