Opptak til dykkarutdanning
Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar.
Slik søker du
1. Registrer søknad
Du søker opptak via Samordna opptak.
Søk studieplass
Fristar og datoar
Viktige datoar i opptaket er:
1. februar: Samordna opptak opnar
15. april: Søknadsfrist
Slutten av april: opptaksprøve
Prioritering i søknaden
Kva vil det seie å prioritere?
Prioriteringa er viktig for søknaden din. Du kan ikkje endre rekkefølga etter at søknadsfristen er gått ut.
Viss du vil søke opptak til fleire utdanningar i ein søknad, må du legge dei inn i prioritert rekkefølge. Du må legge det studiet du ønskjer mest på førsteplass, sette andrevalet som nummer to i søknaden, og så vidare.
Du får berre eitt tilbod i hovudopptaket. Utdanningane som ligg lengre ned på lista vil falle vekk. Viss du får tilbod på førstevalet ditt, vil du ikkje få tilbod på andreval eller lågare prioriterte alternativ. Takkar du nei til førstevalet, vil du ikkje kunne få plass på dei andre. Du må derfor vere oppmerksam på prioriteringsrekkefølga.
Problem ved søknad?
Problem med innlogging
Trykk på "Logg inn" på Samordna opptak og logg inn med elektronisk ID. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.
Dersom du ikkje får registrert søkanden og fristen går ut same dag, må du kontakte Samordna opptak så snart som mogleg, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.
Finn ikkje utdanninga
- Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
- Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.
2. Dokumenter at du dekker kravet
Du må vise at du dekker opptakskravet, for at vi skal kunne behandle søknaden din.
Opptakskrav
Du må ha én av følgjande, i tillegg til å bestå opptaksprøven:
- Generell studiekompetanse
- eller fullført og bestått treårig yrkesfagleg opplæring (innanfor relevant fagområde)
- eller fullført fagopplæring med fagbrev / sveinebrev (innanfor relevant fagområde)
- eller realkompetanse
Opptaksprøve
Du må vere fylt 18 år. Erfaring frå dykking er ikkje nødvendig, men det er ein fordel å ha relevant fagutdanning og/eller yrkeserfaring. Du må ha godkjent legeattest for yrkesdykkarar, undersøkinga blir gjort ved studiestart av dykkarlege og er inkludert i utdanninga.
Du må bestå ei opptaksprøve som m.a. består av fysiske testar. Dei fysiske testane består av:
- Cooper test: du må kunne springe på bane maks 12 min
- Yngre enn 30 år: 2500 meter
- Eldre enn 30 år: 2300 meter
- Eldre enn 50 år: 2100 meter
- Kvinner: 10 % kortare
- Svømme 25 meter under vatn i basseng, div. øvingar, hente opp gjenstandar m.m.
- Beretest: du må kunne bere vekt tilsvarande dykkarutstyr
- Klaustrofobitest: dykking i trykkammer
- Intervju med medisinsk personell
Gjennomføring av opptaksprøven
Ved opptaksprøve bør søkere sette av en hel dag fra og morgen til kveld til gjennomføring av opptaksprøve. Mer detaljert informasjon om program for dagen kommer i invitasjon til opptaksprøve til alle kvalifiserte søkere etter søknadsfrist 15. april.
Relevant fagområde og fag-/sveinebrev
Nedanfor vil du finne oversyn over fagområda som er relevant:
År 1 | År 2 | År 3-5 (avhengig av utdanning) |
Bygg og anleggsteknikk | Anleggsteknikk | Anleggsmaskinfører |
Fjell- og bergvekstfag | ||
Veg- og anleggsfag | ||
Betong og mur | Betongfaget | |
Murar- og flisleggjarfaget | ||
Tømrar | Tømrarfaget | |
Røyrleggjar | Røyrleggjarfaget | |
Brannforebyggerfaget (feiarfaget) | ||
Elektro og datateknologi | Automatisering | Automatiseringsfaget |
Elenergi og ekom | Elektrikarfaget | |
Datateknologi og elektronikk | Produksjonselektronikkarfaget | |
Helse- og oppvekstfag | Ambulansefag | Ambulansefaget |
Medier og kommunikasjon | Medier og kommunikasjon | Fotograffaget |
Naturbruk | Akvakultur | Akvakulturfaget |
Fiske og fangst | Fiske og fangst | |
Teknologi- og industrifag | Arbeidsmaskiner | Anleggsmaskinmekanikarfaget |
Landbruksmaskiner | Landbruksmaskinmekaniarfaget | |
Brønnteknikk | Alle linjer | |
Køyretøy | Alle linjer | |
Kjemiprosess- og laboratoriefag | Kjemiprosessfaget | |
Maritime fag | Matrosfaget | |
Skipsmotormekanikerfaget (Motormannfaget) | ||
Industriteknologi | Industrimekanikarfaget | |
Industrimontørfaget | ||
Industrirøyrleggjarfaget | ||
NDT-kontrollørfaget | ||
Platearbeidarfaget | ||
Sveisefaget | ||
Verktøymakarfaget | ||
Transport og logistikk | Kran- og løfteoperasjonsfaget | |
Logistikkfaget |
Realkompetanse
Kva er realkompetanse?
Har du praksis og/eller utdanning som kan kompensere for opptakskravet til eit studium, kan du søke opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetansen må vere relevant for utdanninga, og må gi deg dei nødvendige faglege føresetnadane for å gjennomføre. Realkompetanse er definert som dei samla kunnskapar du har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på anna måte.
Når du søker gjer vi ei individuell vurdering av dine kvalifikasjonar til det spesifikke studiet du søker om opptak til. For å få tilbod om studieplass må du dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som andre søkarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar.
Har du utdanning frå land utanfor Norden må du fylle norskkravet for opptak, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2.
Kriterium for godkjenning av realkompetanse
- Du må vere 23 år eller eldre i søknadsåret
- Du må ha minst 5 års fulltids arbeidserfaring som er relevant for studiet du søker opptak til. Deltid blir rekna om til heiltid. Inntil 2 av dei 5 åra kan bli erstatta av lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande.
- Du må ha nødvendige kunnskapar i norsk (eller anna nordisk språk) og engelsk for å kunne gjennomføre studiet. Kunnskapar i faga norsk, matematikk og engelsk blir særleg vektlagt.
- Har du morsmål frå land utanfor Norden må du dokumentere at dei fyller krav til norsk tilsvarande kravet til generell studiekompetanse, med grunnlag i krav i forskrift om opptak til høgare utdanning. Unntak kan gjerast dersom utdanninga i sin heilheit blir gjennomført på engelsk eller for søkarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Noreg eller anna nordisk land.
- Du må skrive eit motivasjonsbrev der du gjer greie for din motivasjon, di forventning til studiet, og gi ei eigenvurdering av kvifor du meiner å kunne gjennomføre studiet.
- Bestått opptaksprøven
Utanlandsk utdanning
Viss du har bestått og fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa treng du ikkje dokumentere norsk.
Viss du har fullført og bestått treårig vidaregåande opplæring frå land utanfor Norden må du dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk.
Sjå korleis du dekkjer språkkrava på sida til Samordna opptak.
Dokumentasjon på eit anna språk enn skandinavisk eller engelsk må omsettast. Omsettinga skal gjerast av translatør eller tolketeneste. Du må levere kopi av både originalen og det omsette dokumentet innan søknadsfristen.
Dokumentasjon
Du må dokumentere at du dekkjer opptakskrava, og eventuelt tilleggspoeng. Viss du ikkje lastar opp dokumentasjon, kan vi ikkje behandle søknaden din.
Viss du har et elektronisk vitnemål kan du sjå dette i søknaden din i Samordna opptak. Om du ikkje kan sjå det, kan heller ikkje vi sjå det. Då må du laste opp ein kopi av vitnemålet.
Kva er godkjend dokumentasjon?
- Utdanning må dokumenterast med vitnemål, kompetansebevis, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller anna utdanningsinstitusjon.
- Arbeidserfaring må dokumenterast med arbeidsattest. Stillingsstørrelse og tidsrom må gå fram av attesten.
- Kurs må dokumenterast med kursbevis.
- Førstegongsteneste må dokumenterast med bevis på avtent tid i førstegongstenesta
3. Følg opp søknaden din
Etter du har registrert søknad og lastet opp dokumentasjon, er det viktig at du følger opp søknaden. Sjekk at du får kvitteringen på e-post.
Viss vi manglar informasjon, vil vi ta kontakt på e-posten du har oppgitt i søknaden.
Når får eg svar?
25. mai: Svar på søknad om opptak via Samordna opptak.
Svarfrist
1.juni: Svarfrist for tilbod
Dei som får tilbod om studieplass må takke ja i Samordna opptak innan svarfrist. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.
Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.
Anna nyttig info
Korleis blir poenga rekna?
Poengsummen din blir rekna med utgangspunkt i karakterane dine frå vidaregåande skule. Så blir eventuelle tilleggspoeng lagt til.
Slik blir konkurransepoengsummen utrekna:
Poengtype |
Forklaring |
Karakterpoeng |
Karaktersnitt x 10 |
+ Poeng for relevant fag-/sveinebrev |
10 poeng. 5 poeng for fag-/sveinebrev nr. to |
+ Poeng for meget godt bestått |
5 poeng. 2 poeng for fag-/sveinebrev nr. to |
+ Poeng for relevant yrkespraksis |
1 poeng pr. 6. måned i heiltidsstilling. Maks 10 poeng. |
=Konkurransepoeng |
|
Deltidspraksis kan vi rekne om til heiltid. Læretid og yrkespraksis som inngår i grunnlaget for å gå opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat gir ikkje poeng.
Søkjare med høgare poengsum skal rangerast foran søkjare med lågare poengsum. Søkjare med lik poengsum skal rangerast etter alder, eldre søkjare går foran yngre søkjare.
Reservasjon av studieplass
Ved innkalling til militærteneste, graviditet eller andre tungtvegande grunnar, kan du reservere studieplassen din til neste år.
Ledige studieplassar
Studiet blik ikkje lagt ut på ledige studieplassar, men supplering skjer frå dei som har bestått opptaksprøve.
Godkjenning
Har du utdanning frå før som du vil ha som ein del av graden din ved HVL? Då kan du søke om godskriving. Du kan ikkje søke om godkjenning før du har fått studieplass ved HVL.
Forskrift
Les meir om utdanninga
Yrkesdykking