Ledige studieplassar ved HVL

Her finn du ei oversikt over ledige studieplassar ved Høgskulen på Vestlandet. Ta ei arbeidsretta utdanning i Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund.

Studieplassar i Samordna opptak

Ledige studieplassar vert lagt ut 19. juli på Samordna opptak sine nettsider. 

Studieplassar i lokalt opptak

Søknad til ledige studieplassar opnar 20. mai. Du kan sjå kva utdanningar som får ledige plassar her.

Ved behov kan fleire utdanningar bli lagt ut også etter 20. mai.

Bachelorutdanning

Masterutdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

PPU for yrkesfag

  • Bergen: Alle fagprofilar, med unntak av helse- og oppvekstfag
  • Sogndal: Alle fagprofilar, med unntak av helse- og oppvekstfag
  • Stord: Alle fagprofilar, med unntak av helse- og oppvekstfag

PPU for allmenne fag

Ledige studieplassar på PPU-A blir ikkje lyst ut før tidlegast 1. juli. Dette er på grunn av foreslåtte endringar i opptaksregelverket til PPU nasjonalt. Les meir om endringane. 

Tolking i offentlig sektor

Ingen ledige studieplasser 

Vidareutdanning og kurs

Årsstudium

Kompetanseheving skule/barnehage (Udir)

Forkurs og Realfagskurs

 

 

Kva er forskjellen på Samordna opptak og lokalt opptak?

Avhengig av kva type utdanning du søker på, skjer opptaket anten i Samordna opptak eller i vår lokale Søknadsweb. Samordna opptak er et nasjonalt opptak, medan lokalt opptak er styrt av høgskulen. Utdanningane ligg derfor i ulike portalar og har ulike frister.

Samordna opptak

Ordinær søknadsfrist i Samordna opptak er 15. april. Etter fristen er det ikkje lenger mogleg å søke før ledige studieplassar blir publisert den 19. juli. Les meir om viktige fristar i Samordna opptak.

Lokalt opptak 

I Søknadsweb søker du opptak til toårig masterutdanning, etter- og vidareutdanning, PPU, halvtårsstudium, kurs, enkeltemne, og meir.

Hovudfristane er 1. mars og 15. april. Sjå fleire viktige datoar i det lokale opptaket her.