Slik kommer du til campus Stord
Stord ligger sentralt plassert mellom Bergen og Stavanger.
Med fly
Du kan reise med fly til Stord lufthamn. Flyplassen ligg ca. 18 minutt med bil frå Leirvik, som er Stord sitt bysentrum. Ta taxi frå flyplassen til Leirvik eller direkte til campus (Rommetveit snuplass).
Du kan også fly til Haugesund lufthavn. Derfrå kan du ta flybuss eller taxi til Haugesund busstasjon, og Kystbussen vidare til Leirvik sentrum.
Flyr du til Bergen Lufthavn Flesland kan du ta flybussen til Bergen sentrum og Kystbussen til Leirvik sentrum, eller ta hurtigbåt frå Flesland til Leirvik båtkai, som ligg like ved Leirvik bussterminal.
Med buss
Kystbussen går fleire gonger om dagen frå Bergen til Stavanger, med stopp i sentrum av Stord, Leirvik. Det går lokalbuss frå Leirvik bussterminal til Rommetveit snuplass, som ligg like ved campus Stord.
Med bil
Stord ligg rundt 80 km sør for Bergen (E39), rundt 60 km nord for Haugesund (RV47 og E39) og rundt 130 km nord for Stavanger (E39). Adressa til campus Stord er Klingenbergvegen 4.
Parkering og lading av elbil
Vi har gode, gratis parkeringsforhold på campus Stord. Mer informasjon om parkering og lading av elbil.