Elsykkelutlån på campus Stord
Her finn du lånereglane for utlån av elsykkel på campus Stord.
Servicetorget Stord organiserer utlån av 2 elsyklar til studentar på campus Stord. Utlån og innlevering går føre seg i Servicetorget sine opningstider kl. 09.00-13.00.
Elsyklane er utstyrt med sporingschip, som kan aktiverast ved behov; t.d. viss sykkelen blir stolen. Klokkeslett for utlån og innlevering skal registrerast før utlån, og maks lånetid er 24 timar.
Før bruk
Fyll ut skjema «Lånereglar for elsykkel på HVL campus Stord» i Servicetorget. Få utlevert nett med hjelm, batteri, brukarrettleiing og nøkkel til elsykkel: I, II eller III. Servicetorget viser deg korleis elsykkelen fungerer.
Me anbefalar deg å ta ein titt på Trafikkreglar for syklistar i Noreg. Samt informasjon om bruk av lys på sykkel.
Ved bruk
Elsyklane finn du ved inngang B. Ved bruk av HVL sine elsyklar skal det alltid brukast hjelm og offentlege sykkelreglar skal overhaldast. Sykkelen skal alltid låsast når han ikkje er i bruk. Lås fast i sykkelstativ eller liknande om mulig.
NB! Elsykkelen har motor. Dersom du ikkje har prøvd elsykkel før, anbefaler me at du øver på campus før du syklar ut i trafikkert område.
Ved endt bruk
Lås alltid fast elsykkel i sykkelstativet under halvtaket ved inngang B. Lever inn nett med hjelm, batteri og sykkelnøkkel til Servicetorget innan opningstida. Servicetorget lader batteriet klart til ny brukar.
Du reserverer sykkel i Time-Edit.