Relevant jobb når du studerer i Førde
Tar du teknologiutdanning i Førde kan du få relevant jobb mens du studerer.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling og Høgskulen på Vestlandet vil gjere det enklare for studentar å få seg jobb i Førde under studiet. Prosjektet studentjobb har fått med seg bedrifter som tilbyr løna relevant erfaring for studentar som går på teknologiutdanning i Førde.
Dei fleste stillingane er på 25-50 prosent slik at du kan kombinere jobb og utdanning. Lønn, arbeidstid og oppgåver vert avtalt direkte med arbeidsgjevar.
Studentjobb gjer at du kan bygge CV-en frå første dag. Studentjobbane følgjer studieåret, og er tilrettelagt med tanke på eksamen og obligatorisk undervisning.
Studentjobb gjeld for desse studia:
Slik fungerer det:
Når du takkar ja til studieplassen, kan du melde interesse for ein jobb gjennom nettsida studentpraksis.no. Du vil deretter bli kontakta av ei eller fleire bedrifter.