Campus Bergen
Velkommen til vår campus på Kronstad! Her finn du praktisk info om campus og kart.
Fleire av husa på campus var tidlegare verkstadar for jernbanen. Eit av husa er no campusbiblioteket vårt, eit anna er kantine, og eit tredje blitt til studenthuset med Kronbar.
Lurer du på noko?
Servicetorget kan hjelpe med det meste. Dei finn du i 1. etasje i K1 (ved hovedinngangen). Servicetorget kan hjelpe deg med praktiske gjeremål, som bl.a. studentkort, bokskap og innlevering av søknader.
Er du student kan du og ta kontakt med studentrådgivinga. Dei finn du i 1. etasje i K2. Dei hjelper deg med spørsmål som angår studia dine. Her kan du få rettleiing om t.d. utveksling, praksis og eksamen. Du kan komme innom, eller du kan bestille tid for individuell rettleiing.
Servicetorget kan óg hjelpe deg med tilkobling til det trådlause nettverket på høgskulen. I tillegg har vi IT-hjelp for studentar, som både kan hjelpe deg med dette og med andre IT-spørsmål.
Vakttelefon:
- Nokas beredskapstelefon: 333 98 971
- Vakttelefon i Bergen: 480 66 868
Opningstid og tilgang
Finn fram på campus
I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.
Mazemap finn du også på denne nettsida.
Ta ein digital rundtur på campus!
Klikk her for å sjå deg rundt på Campus Bergen
På campus er det mange spesialrom for utdanning, som laboratorium for ingeniørstudentar, øvingsrom for musikk og dans, og eit minisjukehus. Vi har eit nytt læringslaboratorium og ein idrettspark utstyrt med friidrettsanlegg. Men campus er ikkje laga berre for studia dine. I pausane kan du og vennene dine ta ein pust i bakken i ei av kantinene, i kaffibaren, eller berre sige ned i ein av godstolane i det flotte biblioteket vårt.
Sjekk ut nokre av labane våre!
Studere
Leseplasser
I Bergen finner du studentarbeidsplasser i hovedbygget Kronstad 1 (K1) og nybygget Kronstad 2 (K2).
Les meir om kor du finn lesesaler og studentarbeidsplassar.
Trenger du å reservere grupperom?
Book grupperomBokskap
Vil du ha ditt eget bokskap på campus? Ta kontakt med Servicetorget.
Bokskapene tildeles for ett studieår om gangen. Det er ikke tillatt å henge opp andre hengelåser enn de som HVL selger. Andre hengelåser vil bli klippet. Vær vennlig å ikke merke skapene med navn og andre kjennemerker.
En hengelås koster 130 kroner. Du kan bruke samme hengelås gjennom hele studietiden.
Når studieåret går mot slutten, må du huske å fjerne hengelåsen din. Ellers vil låsen bli klippet og skapet bli tømt.
Mat og drikke
Hovudkafeen i Bergen ligg i K1, og det same gjer kaffibaren Stasjonen.
Kafeen Sidesporet finn du i K2.
Kvilerom
Høgskulen tilbyr rom for studentar som treng å kvile seg eller amme. Du er velkommen til å bruke kvileromma ein avgrensa periode i løpet av dagen. Det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.
Desse kvileromma blir nytta av studentar og tilsette:
- B225 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
- L232 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
- D432 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
- F403 Kronstad 1 (stol)
- M161 Kronstad 2 (liggebenk og stol)
Bruk studentkort for tilgang til rommet. Det er skilt på døra som viser om rommet er ledig eller opptatt.
Kvileromma kan ikkje reserverast, men i eksamensperioden har administrasjonen høve til å reservere rom på vegner av studentar med særskilde behov.
Stellerom
Høgskulen tilbyr stellefasilitetar for baby på desse handicaptoaletta:
Kvilerom blir nytta til amming.
Rom for tru og tanke
På Kronstad er rom A431 i K1 sett av for bønn, meditasjon eller ettertanke. Alle er velkomne til å bruke rommet i ein begrensa periode i løpet av dagen.
Rommet kan ikkje reserverast, men det er opptatt/ledig-skilt på døra. Alle har tilgang til rommet med studentkort.
I K2 finn du eit rom for tru og tanke i M502.