Fadderordninga i Førde
Kjære nye student, vi gler oss til å bli kjent med deg, og vil at du skal få ein god start på studietida di. Vi håpar at du har lyst til å bli med på fadderveka saman med oss! I 2024 blir fadderveka arrangert 12.-17. august.
Fadderprogram i Førde 2024
Ver merksam på at det kan kome endringar i programmet.
Måndag 12. august
Som ny student vil du få plass i ei faddergruppe når du kjem på campus.
Seinare på ettermiddagen blir det felles buss til alkoholfritt fadderarrangement på Kråkenesmarka, der vi køyrer GoKart og får ein matbit.
- Pulje 1 tar buss frå HVL 14.30
- Pulje 2 tar buss frå HVL 16.40
Det blir òg aktivitetar med faddergruppa på kvelden.
Tysdag 13. august
Kl. 09.00: Studentfrukost for nye studentar og fadrar i kantina. Informasjon om studentvelferd og livet som student.
Kl. 15.00: Volleyballturnering og grilling på campus.
Kl. 21.00: Temafest på Førdehuset.
Onsdag 14. august
Kl. 16.00: Gummibåtrafting frå volleyballbanen på campus til sentrum.
Kl. 20.00: Quiz på Akutten.
Torsdag 15. august
Kl. 15.00: Bar to bar i Førde sentrum.
Fredag 16. august
Kl. 15.00: Klatring.
Kl. 20.00: White lies på Akutten.
Laurdag 17. januar
Kl. 15.00: Fjelltur til Viefjellet/dagsturhytta.
Konsert på Larris, Sunnfjord Hotell – i samarbeid med studentsamfunnet.