Blid gjeng med fadrar i trapp inne på campus Bergen.

Fadderordninga

Bli kjend med dei du skal studere med og studiestaden din!

Fadderveka er i veke 33, og er for studentar på studieprogram som har oppstart denne veka, enten det er årseiningar eller bachelorprogram. Du vil få utdelt fadderarmband og få plass i ei faddergruppe. Men ver merksam på at studieprogram på masternivå normalt ikkje har faddergrupper. Har masterprogrammet ditt oppstart i veke 33, vil du likevel normalt kunne få fadderarmband og delta på aktivitetene. 

Dei første dagane vil du og faddergruppa di få omvisning på campus og på studiestaden elles. Det blir ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og samlingar for nye studentar. Vi oppfordrar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre!